Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Solbergs forhandlingsministerium

For mange i Granavolden-regjeringa stod på sitt utan å seia: «Ja vel, statsminister».

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Erna Solberg poserte saman med proffboksar Cecilia Brækhus etter sigeren i VM-kampen mot franske Anne-Sophie Mathis i Oslo Spektrum hausten 2016.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

5312
20200207
5312
20200207

hompland@online.no

Erna Solberg held seg til Edmund Burkes og Lars Roar Langslets konservative credo «forandre for å bevare». Erna omstiller for å halda på posisjonen som stjerna. Ved innskrenkinga fornya ho den grå og kjedelege regjeringa med å gjera sin trufaste arbeidshest, Jan Tore Sanner, til Consul og finansminister. Ho stokka litt rundt på tronpretendentane, og ho nytta høvet til å kvitta seg med Anniken Hauglie, som var ein parlamentarisk klamp om foten.

Dei to små tullepartia fekk driva sin eigen personalpolitikk av indremedisinske grunnar. Knut Arild Hareide kom inn som forsonar og brubyggar i den forvirra kristenflokken. For Venstre, som manøvrerer i rotete vatn ved iskanten, skal Abid Raja hoppa etter Wirkola som kulturminister. Trine Skei Grandes grep er det same som Trygve Bratteli prøvde då han i si tid plasserte dei konkurrerande skabbhalsane Bye, Steen og Nordli i same regjeringsseng. Det var ikkje vellykka, for i bakgrunnen spøkte Gro Harlem Brundtland.

ALLE ERNA SOLBERGS fire regjeringar har vore forhandlingsministerium. Det begynte i Nydalen etter at dei raud-grøne tapte valet i 2013. Ho fekk ikkje forhandla fram ei borgarleg firepartiregjering, men KrF og Venstre avtalte å samarbeida som parlamentariske støttehjul for den blå-blå Sundvolden-regjeringa. Konstruksjonen heldt fram då Venstre melde seg inn i Solberg II på Jeløya. Solberg III blei fødd som fleirtalsregjering i ein stall ved søsterkyrkjene på Granavolden etter ein komplisert abort i Kristeleg Folkeparti. Då blei forhandlingane og kompromissa flytta inn i regjeringa.

Firepartilykka var kort. Framstegspartiet melde seg ut og skal vera eit hardbalent opposisjonsparti, men Solberg IV styrer likevel vidare – utan så mykje som ei rådslaging på Cafe Fiasco, på det politiske grunnlaget Frp ikkje lenger vedkjenner seg. Den innskrenka regjeringa har samla seg i bånn, og Erna Solberg har utvida, fornya og forvirra det parlamentariske repertoaret.

***

RETTINGAR. Vertinna meinte i førre Sideblikk at distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (LCHH), med doping (Ren idrett, skittent spill) som frivillig særemne, er ein automatisk snakkemaskin som seier sitt same på innpust og utpust, same om spørsmålet er «wa da» eller noko heilt anna.

Ein korrigerande lesar med framifrå oversyn bed meg minna Vertinna om at LCHH også har ein annan strategi i politisk ubehagelege situasjonar: Ho blir taus som ein østers og gøymer seg bort. Då ho var kultur- og idrettsminister og gjeninnførte proffboksing, nekta ho å svara på talrike kommentarar og utfordrande spørsmål frå sakkyndige professorar i nevrokirurgi og demenssjukdomar. Same kor pågåande Aftenposten og andre var for å få intervjua henne om saka, hadde ho aldri tid.

Spaltisten lurer på om ho var nede for teljing fordi proffboksing var ei kampsak der Fræmspartiet fekk gjennomslag. På den andre sida: Erna Solberg poserte villig saman med Cecilia Brækhus som hadde brukt åtte millionar på lobbyarbeid for å få endra lova. Men ein kan jo ikkje sjå bort frå at det var eit utslag av vanleg og inhabil bergensiana.

SPALTISTEN har fått skryt for å kopla tidlegare fengsla partiformann og finansminister Siv Jensen til utsegna «I am their leader, I must follow them».

Synd då at referansen var galen. Koplinga til Ledru-Rollin, den franske revolusjonære i 1848, var rett. Mahatma Gandhi kunne også ha vore lagt til: «There goes my people. I must follow them, for I am their leader

Men det er ikkje Monty Python som har gjort utsegna udøyeleg i nyare politisk tid; det var i TV-serien Yes, Prime Minister ­– levert av den formbare statsråden/statsministeren James Hacker til den erkebritiske og utkropne embetsmannen Sir Humphery Appelby, som alltid fekk det som forvaltninga ville: «It’s the people’s will. I am their leader. I must follow them

MONTY PHYTONS Life of Brian fekk på norsk tittelen Profeten Brians liv og historie. Filmen blei stoppa i 1980 fordi Statens Filmkontroll såg han som eit brot på blasfemiparagrafen. Det hjelpte ikkje at profetmora insisterte på at det var ei forveksling: «He is not the Messiah, he’s a very naughty boy.»

For oss som måtte dra over svenskegrensa for å få sjå filmen, er han stadig ei kjelde til minneverdige scener ein kan dikta vidare på.

Når folketalaren frå ein av dei palestinske frigjeringsfrontane ropar ut: «We are all individuals!», svarer den taktfaste massen: «We are all individuals!» Men ikkje «the guy in the back»; han seier ikkje «me too», men «I’m not». Det same tar seg opp att etter talarens «We are all different!», «We are all equal!», «We are all free!». Etter det blei den modige karen i bakgrunnen resolutt jaga bort fordi han undergrov folkets vilje og solidariteten.

TERRY JONES døydde nyleg. Han regisserte Life of Brian, men var også den i Monty Python som spela kvinnerollene: 1. Fordi dei andre ikkje ville; 2. Fordi han hadde eit walisisk toneleie som lett gjekk i fistel.

Då Terry Jones kom til himmelen og fekk sjå kven som sat på trona, utbraut han: Brian! Og frå tronstolen kom det: Mother!

Andreas Hompland
er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dei små tullepartia får driva sin eigen personalpolitikk til inn­­-
vortes bruk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis