Solkongen av debattsjangeren
Når dramaturgien styrer innhaldet, blir det godt TV, men lite opplyst samfunnsdebatt.
Fredrik Solvang har leidd debattprogrammet Debatten på NRK sidan 2018.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
hompland@online.no
Hadde det ikkje vore for akevitten, smalehovuda og tilslørte bondepiker til dessert, ville julebordet med Hjelpeskrivarane ha skore seg totalt. Byråsjefen og Vertinna rauk opp i eit knallhardt oppgjer om dyrtid, trygd og presset i økonomien og om Fredrik Solvang og Debatten.
Vertinna meiner det er heilt på sin plass at fattige som fell mellom og under alle stolar, slepp til med sannings ord til politikarar som sit med millionlønn på gratis hyblar. Og at dei krev og får klare svar på direkte fjernsyn.
BYRÅSJEFEN ER USAMD. Han meiner slike debattar er eit overgrep mot anstendige og hardtarbeidande politikarar som gjer sitt beste når det må strammast inn slik at det ikkje blir endå verre. Dei følgjer jo berre den handlingsregelen som har tent oss godt: lytta til råda frå Forvaltninga og Finansdepartementets bod om kva som er best for nasjonaløkonomien, arbeidslina, inflasjon, rente og straumprisar.
Ein politikar kan sjølvsagt ikkje svara på alle detaljar i eit trygdesystem som er så komplisert at verken departementet eller Vårherre har fullt oversyn. Ein politikar skal ikkje oppføra seg som sakshandsamar på Nav eller offiser i Frelsesarmeen som kan forfremma fattigfolk til sæla. Politikarar skal ta ansvar for dei lange linene, også når det er tøft på kort sikt.
ULIKE RØYNDOMAR blir ikkje avklarte av å bli blanda i ein saus av personlege lagnader og upersonlege ordningar. Derfor utstyrer Byråsjefen seg med pute når han sit i sofaen og ser Fredrik Solvang dra i gang slike debattar. Han minnest «sosialpornografi» som eit høveleg omgrep for reportasjar der truskuldige folk står fram og gjer seg til offer. Kvardagsdøma får ansikt når dei lengst nede ved velferdsbordet lar seg filma i matkøar, uttaler seg om stoda og fyller si rolle i dramaturgien.
Nokre blir tatt inn i studio som individuelle døme på allmenne problem og mangelfulle eller hjartelause ordningar. Dei skal seia at dei føler skam ved å stå fram med lagnaden sin, men dei gjer det på vegner av alle som er audmjuka av fattigdom. Det blir ekstra godt TV dersom dei feller ei tåre og programleiaren får klump i halsen.
For dette blir dei takka og hylla, og i neste episode kan dei fortelja at der politikarane sviktar, har snille og ukjende medmenneske trødd til og redda dei ut av den verste nauda. Førsteprisen går til han som kviskra fram at han ønskte seg nytt viskelêr til jul.
MORALEN ER politikarsvik mot uheldige og vanlege folk som slit og strevar utan å få endane til å møtast – også når det ikkje er dyrtid. Skam over politikarar som ikkje vil møta fram, lytta og stå til rette i møte med fattige slitarar.
Den politikaren som vil syna empati, seier at det gjer sterkt inntrykk å høyra om lagnadene, at dei har gjort mykje og skal gjera meir. Men den som skal forklara og forsvara systemet i allment politikarspråk, er dømd til å tapa: dei står unnvikande og byråkratisk, firkanta og kjenslelause att på arbeids- og sidelina. Heilskapen med prinsipp og ordningar og regelverk hamnar i skammekroken når politikarane ikkje kan svara klart og direkte på spørsmålet: «Når får eg pengar til å leva eit verdig liv?» Og programleiaren insisterer: «Vil du hjelpa henne?» I den solvangske dramaturgien skal ikkje politikarar sleppa unna med uklare svar på umogelege spørsmål.
VERKEN ARBEIDS- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen eller andre politikarar frå styringspartia ville stilla i den første fattigrunden. Men då dei forstod at det var ein tabbe, lét dei seg kasta inn i ringen i andre runde, og det blei ein ny tabbe.
Jan Tore Sanner frå Stabæk og Bærum Høgre var slett ikkje på heimebane. Persen prøvde med ein identitetspolitisk vri, for ho har sjølv vore der: einsleg forsørgjar, trongbudd, utan formell kompetanse, med låg inntekt. Ho kom seg ut av det med studiar, politikk og arbeidslinja. Å ha vore der kan gje forståing, men ikkje langtidslegitimitet. Stortings- og statsrådlønn er som eit slag i trynet på minstepensjonistar og folk som går på sosialhjelp.
POLARISERING som dramaturgisk grep har også prega debattar om klima og miljø med upresise og vage problemstillingar. Politiske praktikarar har stått mot sinte aktivistar med klimaangst og frykt for apokalypse og klimahelvete rett rundt hjørnet. Då rolleoppsettet skifta til aktivistar mot nøkterne og ottefulle forskarar, tok polariseringa ei vending der fagfolka hamna som svikarar mot alarmistisk ungdom.
Det var så ugreitt at den miljøengasjerte biologiprofessoren Dag O. Hessen kom i klem og tok pause frå alle offentlege debattflater. Det er eit sterkt døme på korleis dramaturgien får eit ope og opplyst ordskifte til å bryta saman.
OVERBYGNADEN over det solvangske debattkonseptet er at den fjerde statsmakta utfører sitt kritiske samfunnsoppdrag, men basis er henta frå underhaldningsprogram med sjølvsentrerte programleiarar som set seg sjølv i hovudrolla. Kombinasjonen blir i røynda ein folkedomstol med Solvang som administrator, dirigent, aktor og sannseiar.
Spaltisten meiner denne dramaturgien er eit journalistisk blindspor som forgiftar debatten, fører dagsordenen på villspor og drar opp falske motsetnader mellom kunnskap og aktivisme, mellom sveltande fattigfolk og velnærte politikarar. Nokon vaksne i NRK burde griba inn.
Andreas Hompland er sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.