JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Trond den skinheilage i Nidaros

Arbeidarpartiet har eit eksistensielt problem fordi den politiske grunnrenta har forvitra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Trond Giske på valkampshow i Kolstadparken på valkampturneen til Arbeidarpartiet i Trøndelag i fjor sommar.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

5636
20221118
5636
20221118

hompland@online.no

Etter metoo skulle Trond Giske vera politisk daud, og oska spreidd for alle vindar. Men det var ei skinsemje. Om Giske kan ein seia med ei strofe frå ein trall av bysbarnet Otto Nielsen: «He is dead, but he won’t lie down.»

Den digre Olav Haraldsson var fordriven frå landet, men kom tilbake med ein leigehær. Han tapte slaget og blei drepen på Stiklestad, men då skjegget og neglene heldt fram med å gro, blei han erklært heilag og evig konge i Nidaros.

Trond Giske vil gå i hans fotefar, for han har berre vore skin­daud, og nå vender den refuserte arveprinsen frå borgarkrigstida tilbake som sannseiar med den rette sosialdemokratiske trua. Det er aktuelt med ein helt, og Giske har meldt seg som privatpraktiserande redningsmann.

ARBEIDARPARTIET er i djup tillitskrise. Det nyttar lite å lengta tilbake til det trygge dei var, for der er ikkje folk flest lenger. Veljarane har klatra opp på gjerdet, og mange fell ned både til høgre og til venstre, men ikkje lenger til Senterpartiet, utan at det hjelper det spøtt.

Regjeringa og Støre er ramma av rikdommens pedagogiske problem: å kutta og stramma inn når fyllingsgraden aukar og Oljefondet renn over. Partinomenklaturens bortforklaringar er repetisjon av faste talepunkt som har gått tomme. Nye veljarar veit ikkje kva partiet står for og vil. Gamle og trufaste veljarar kjenner ikkje att Partiet. Den politiske grunnrenta smuldrar opp.

Nå skal dei reisa rundt i partilaga og lytta til folks kvardagsutfordringar, forklara, samrå seg og driva sjølvransaking. Faren med sjølvransaking er at ein aldri kan vita om ein liker det ein finn, og om ein kan gjera noko med det.

PARTILEIAR STØRE frå Ris prøver å trøysta seg med at partiet har variert mellom 14 og 41 prosent på hans vakt. Men han er nedslått og tar det personleg tungt, for det gjer vondt. Han ligg 20 prosent bak den oppslutninga Jagland kasta korta for.

Støre og partileiinga har meir enn eit kommunikasjonsproblem; dei har eit eksistensielt problem. Det er eit like sannsynleg scenario at det går med DNA som med andre store og samlande sosialdemokratiske parti i Europa, som at dei kjem seg opp att på nordisk nivå.

TROND GISKE er listig og lur, smart og smidig, taktisk og talefør, kløktig og karismatisk – kanskje den dyktigaste Arbeidarpartiet har hatt på lange tider i den kombinasjonsøvinga. Men han er uetande som samlande figur på grunn av trakasserande framferd i bagasjen.

Men trønderjarlen er ikkje den som gir opp. Han har prøvd ulike vegar til comeback. Nå satsar han på trøndsk patriotisme med den gamle bybrua over Nidelven som lykkens portal: «Der kan man kjenne den lykken som fans/ engang i ungdommens dans.»

DETTE VIL GISKE gjera til meir enn minne han kan gå og drøyma om at han hadde så kjær – i ein saus av kontradiksjonell revansje, personleg ambisjon og politisk misjon. Han er ein rev på grasrota i sitt eige forum og i andre fora. Han pendlar frå Grünerløkka heim til Nidaros, og der veks trussamfunnet hans raskare enn AUF klarer å seia metoo. Det dei meiner er å henga bjølla på hankatten, oppfattar disiplane som heksejakt på ein politisk varslar.

Giske har alltid hatt god politisk luktesans og vore ein utkropen manøvrerar som kan snu kappa etter vindane. Han har fridd til Kristeleg Folkeparti og argumentert for at Arbeidarpartiet må bli eit breiare koalisjonsparti. Nå lar han det skina gjennom at han driv venstrekritikk av Støre frå ei raud campingvogn.

PARTILEIINGA KAN IKKJE anna enn å seia at dei er glade for at Giskes sosialdemokratiske trønderhær veks, sjølv om det er med leigesoldatar frå andre delar av landet. Slikt er på tvers av den geografiske partistrukturen og ville ha blitt stempla som fraksjonsverksemd i Haakon Lies leninistiske regime. Men partisekretær Kjersti Stenseng er ingen Haakon Lie, verken i gemytt eller makt. Støre får neppe ein dag han trygt kan seia: «He is dead and he’s staying down.»

Er Giske ein del av problemet eller ein del av løysinga? Er han frelsar eller forførar og den skinberrlege satan i partiet?

Litt av kvart, med mange skinmanøvrar og alt det fører med seg av harde frontar og bitter strid. Det vil syna seg om det – som hos Gerd og Otto – endar på ein grønmåla benk i hagen, i eit luftslott på månen, eller med ein svanesong. Eller med påskeopprør mot partileiinga og armageddon for Arbeidarpartiet.

DET VAR GILDT Å SJÅ og høyra Trygve Magnus Slagsvold Vedum le igjen, i Nytt på nytt sist fredag. Den vonbrotne Vertinna tykkjer han er på heimebane i eit tøveprogram utan filter.

Kamp frå utkant og distrikt mot Oslo-eliten var den gangaren Vedum reid heilt inn i Finansdepartementet i Oslo sentrum. Der tolkar forvaltnings­eliten røyndomen med Vedum som domestisert talsmann. Då han erobra kontoret og skulle helsa på ekspertgniarane, fekk han denne meldinga: «Her sier vi nei før vi sier hei.»

Etter eit år på regjeringslaget har Vedum fått sanna ein vri på Jan P. Syse: «Vi må henge sammen, ellers blir vi hengt hver for oss.» Han har kome fram til det motsette av FN-generalsekretær Guterres, som melder at alle land i verda må samarbeida eller gå til grunne i klimahelvete: I det året Vedum har samarbeidd i regjering, har partiet grunnstøytt.

Når Vedum agerer som ein don Quijote i kamp med vindmøller, får Pollestad og andre væpnarar ein vanskeleg jobb i soneforsvaret. Vertinna meiner han kan gå i fotspora til fotballtrenarar som rykker ned med laget og får sparken: bli ekspertkommentator og underhaldar på TV.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis