JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Tung dagen derpå i baronens seng

For tredje gong har Senterpartiet mislukkast i å løfta seg varig til eit høgare nivå.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum møter seg sjølv i døra og har mist halvparten av veljarane frå i haust.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

5668
20220408
5668
20220408

hompland@online.no

Senterpartiet har i nyare tid hatt tre misbrukte sjansar til å få eit varig løft: 1972, 1994, 2021. Hanen gol før dei klarte å sprenga seg ut av båsen, så dei fall raskt tilbake til normalt leie.

EEC/EF-kampen før folkerøystinga i 1972 var ein grøn opptur for partiet, men alt ved stortingsvalet året etter var dei nede i 6,8 prosent. Då den andre folkerøystinga om EU stod for døra, gjorde Senterpartiet eit brakval og fekk 16,7 prosent i 1993, men fire år etter var resultatet halvert til 7,9 prosent. Ved valet i fjor haust fekk Vedums parti 13,5 prosent, etter å ha snusa på 20-talet i eit halvt år før. Sidan har fallet halde fram: gjennomsnitt på meiningsmålingane for mars var 8,3 prosent, men dei har også sett 6-talet.

SPALTISTEN HAR FÅTT eit déjà vu og klarer ikkje å motstå freistinga til å gå opp ein gjengrodd sti og sitera seg sjølv. (Det er ikkje så farleg, sa salig Inge Lønning, så lenge ein minnest at det er det ein gjer.)

Det hadde seg slik at Spaltisten var innkalla til «Senterpartiets ideologiske verksted» på Scandic Hotell i Bergen 22. april 1994 for å kasta eit sideblikk på partiet utanfrå.

Bakgrunnen var at kadrane ville vera betre budde på det som venta dei etter folkerøystinga, enn dei hadde vore i 1972. Dei ville ut av den tronge båsen og skapa eit breiare, meir ope og frittgåande fjøs med større fellesskap. Nei-dronninga Anne Enger Lahnsteins stikkord var «folkelig forankring og en tung offentlig sektor». Per Olaf Lundteigen grov fram Rolf Jacobsens dikt «Anderledeslandet» og ville ha meir folkestyre og store omveltingar mellom sentrum og periferi.

Jeppe på bierget kom Spaltisten til hjelp: «Hvad er dette for en Herlighed, og hvordan er jeg kommen dertil? Drømmer jeg, eller er jeg vaagen? Alting er jo forandret, jeg selv med.»

Slik ropte Jeppe då han vakna av rusen i baronens seng og var i ferd med å koma til sans og samling dagen derpå. Holbergs skodespel har undertittelen «Den forvandlede bonde».

Spaltistens poeng var at partiet hadde ei nådetid – då, som dei har hatt nå. Eit ordtak seier at den som har klave, får ku. For Senterpartiet har situasjonen ved fleire høve vore omvendt: ein stor bøling som kom til dei frivillig; utfordringa har vore å få klave og tjor på lausdyra, helst bjølle også, slik at det kunne merkast i meir enn i ordi at det var senterpartiklang over landet.

PÅ VEG UT AV MØTESALEN på Senterpartiets ideologiske verkstad kom Spaltisten til å gå bak to jærbønder og høyra kva dei meinte om seansen. Det er truleg den største komplimenten han nokon gong har fått:

– Dæ va ikkje så verst, detta.

– Nei, me sobna i alle fall ikkje.

FØR VALET I FJOR pirra Senterpartiet sterke antisentralistiske og antielitistiske straumdrag. Partiet var det same, men såg som Jeppe også for seg eit hamskifte: «Hvad du ikke est, det kanst du blive; du seer ud til allehaande.»

Med retoriske kaffikoppar tok Vedum heile landet i bruk. Senterpartiet henta veljarar frå fleire kantar, men særleg frå Framstegspartiet og Arbeidarpartiet, som var for seint ute med å sala om.

Ei åndeleg vekking ramma kongeriket, og Vedum dansa i front med løfte om å snu opp ned på det meste, kosta kva det kosta ville. Mange tolka dei heilage vonene sine inn i orda hans, og det er jo meininga med tungetale. Miljø- og klimaparti skulle dei også vera, men det var som kjent då Jeppe skulle til byen for å kjøpa grønsåpe, at det gjekk gale.

SENTERPARTIET SELDE skinnet utan å ha fellingsløyve for bjørn utanfor sonene. Ved den djupe Hurdalssjøen møtte dei røyndomen i AS-regjeringa. Vedum-trollet sprakk då det kom ut i dagslys og blei fanga i Finansdepartementet. Den friske retorikken har falma og spakna når den usmilande Vedum stotrar fram bodskapen frå Forvaltninga, slik han også gjorde det i Debatten med Fredrik Solvang her om kvelden.

Jeppe hadde det same problemet då han som baron måtte gje strenge ordrar om sparing og innstramming: «Ach, jeg begynder allerede at fatte min Daarlighed. Jeg vil ikke tenke paa den Bonde meere; thi jeg kand merke at en drøm har bragt mig i Vildfarelse. Det er dog underligt hvor et Menneske kand falde i slike Griller.»

SENTERPARTIET HAR RY for å vera seg sjølv som eit pragmatisk styringsparti som gjer det som gjerast må i stat og kommune. Dei har vore og er realistiske og systemlojale innanfor gitte rammer, utan ideologisk kraftfôr. Det godtar den faste flokken, men dei som var lokka av løftemaskinen, blei skuffa og rømde vidare til feitare beite på hi sida av gjerdet, hos dei to andre protestpartia: Framstegspartiet og Raudt. Vertinna har også sagt takk for laget og sett seg på gjerdet.

Saman med Arbeidarpartiet har Senterpartiet hamna i eit uføre der dei må handtera problem som er påførte utanfrå, men også dilemma dei har sett seg sjølve i. Heller ikkje denne gongen har Senterpartiet klart å utnytta situasjonen til å bli berekraftig på eit høgare nivå. Dei fekk ikkje eit nytt og trufast veljarfolk, men er snart nede att på grunnfjell og matjord.

Det har gått med Vedum som det gjekk med Jeppe då han var tilbake på møkadungen: «Det gode varer, dessverre, aldri lenge. Ach, ach, Jeppe! den Boelig udi Paradis var kun kort, og din Glæde fik en hastig Ende.»

TRØYSTA i mørket for Senterpartiet er sjølve trivselssaka som har løfta dei før: at Høgre set EU-medlemskap høgt på dagsordenen – mot Ernas vilje, for ho må runda den bøygen for å kunna forlikast med KrF og Framstegspartiet.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Retorikken har spakna når Vedum stotrar fram bodskapen frå Finansdepartementet.

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis