Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Sirkus Stordalens nye framsyning

Bokbransjen treng kringvern for å halda den skjøre balansen mellom børs og katedral.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Petter Stordalen er ikkje smålåten når han kjem til eigne festar. Då han innvigde hotellet Clarion Post i Göteborg, kom han i ei discokule.

Foto: Björn Larsson Rosvall / NTB scanpix

5252
20180406
5252
20180406

hompland@online.no

Den uautoriserte biografien om Petter Anker Stordalen heiter Sirkus Stordalen, kom i 2014 og er skriven av Gunnar Stavrum. Det er forteljinga om jordbærseljaren frå Porsgrunn torg som gjekk varehandelshøgskulen og snudde opp ned på kjøpesenterbransjen før han med stor risikovilje og Fingerspitzengefühl slo seg opp som superkjendis og nordisk hotellkonge.

Det var ein berg- og dalbane med svimlende vendingar og dristig finansakrobatikk i uortodoks stil. Stordalen viste musklar og tok mange nakkegrep – med nedarva kraft frå kjøpmannsfaren som var norsk meister i bryting i ein låg vektklasse.

HOVUDPERSONEN var ikkje særleg nøgd, for forteljinga var uærbødig og kritisk. Ein kan førestella seg at han på narsissistisk vis ville ha kontroll på narrativen om seg sjølv. Og at han irriterte seg over at andre skulle tena pengar på merkevaren Petter Stordalen.

Kanskje derfor gav han året etter ut sjølvbiografi i eigen regi: Jeg skal fortelle deg min hemmelighet. Boka kom på det vidgjetne kulturforlaget Aller, og konsernredaktør Ellen Arnstad sa til Kapital at ho og Stordalen hadde skapt ein ny sjanger: «selvhjelpsbiografi».

VG-meldaren Sten Inge Jørgensen gav boka terningkast tre. Han meinte at overangane mellom eplekjekt skryt av eigne bragder og scener frå konas sjukdom var i overkant raske. Det hjelpte ikkje at boka var krydra med visdomsord av store tenkarar som Petter Stordalen, Muhammed Ali og Steve Jobs: «We have always been shameless about stealing good great ideas.»

Stordalen-boka skal ha blitt trykt i over 100.000. Stordalen sjølv trudde grunnen var at han fekk mykje merksemd, at boka sigla på ei bølgje av gründerinteresse og inspirerte mange som slit i livet: «Utover det vet jeg fryktelig lite om bøker, bortsett fra at jeg liker å lese».

VERTINNA var mellom dei som fekk boka i gåve. Ho var også utsett for heftig Stordalen-flørt, men det var heilt forretningsmessig, for det var på den tida han la under seg likt og ulikt for å bygga seg opp som hotellmogul. For å få ein smak av den store verda var Vertinna attpåtil med på eit treff med team building. Der kom Stordalen køyrande inn på scena for full gass på ein kjempestor motorsykkel. Han reiv av seg skinndressen, sprang fram og tilbake på scena, hoppa opp og ned og skreik ut slagord i fistel. Dei tilsette valde å la seg riva med, og sjølv om det gjekk ut over comforten, klatra dei opp på stolar og bord og jubla.

Vertinna tykte Stordalen var ein artig liten sprett, men det blei for mykje hopp og for mange store ord om energi, etikk og velgjerd, så ho heldt fast på det som var trygt og best i vest. Men ho lærte nokre knep av Stordalen, til dømes å spara vaskeriutgifter ved å få gjestene til å bruka handkleda fleire gonger for å redda verda frå klimaundergang.

STORDALEN VAR STOR nok til å gje medforfattaren Jonas Forsang Moksnes (37) ære for boka om løyndomane sine. Han var rappar med artistnamnet Apollo då han debuterte med EP-en Scenario i 2000. Seinare kom Satan’s sirkus før han konverterte til featurejournalistikk. Den prislønte Dagens Næringsliv-artikkelen han skreiv om Gunhild Stordalen, skal vera den mest lesne i DN gjennom tidene.

Dette er mannen som nå sit ved Stordalens høgre hand i jakta på lukrative krimforfattarar, jordbærbøker med sukker og fløte og ymist anna. Ettersom alle selskap i Stordalen-konsernet heiter noko med strawberry, ville Strawberry Books ha vore eit høveleg forlagsnamn.

SPALTISTEN er i tvende sinn. Som bokskrivar har han vore borte i mange forlag og hatt mykje å utsetta på alle – og meir til større dei har vore. Som tillitsvald for saklege forfattarar har han krangla om kontraktar og fordeling av bokkrona.

Det blei verre då dei største forlagshusa vertikalintegrerte seg og overtok bokhandlarkjedene. Innkjøpskomiteane der er blitt episenteret i det litterære krinslaupet: Dei pressar forlaga til urimeleg store rabattar og plukkar lang tid i førevegen ut dei bøkene det skal satsast på.

Det er som i daglegvarebransjen, der distribusjonsleddet styrer konsumentane og tar makta frå produsentane. I bokverda er både forfattarar og forleggarar produsentar, men må vika for bokråda som vel ut bøkene som skal marknadsførast og leggast fram i stablar.

DEI FIRE STORE kulturforlaga er flaggskip som strevar med å forsvara balansen mellom børs og katedral, mellom å tena litteraturen og tena pengar for eigarane. Dette er kjernen i det norske litterære krinslaupet av kryssubsidiering mellom sjangrar, dyrking av spirer og gjødsling av etterveksten.

Me kan klaga over at forlaga sviktar breidda og satsar på bestseljarar, men med Stordalen som elefant i bokbutikken, blir det nok verre. Om kapital og feminine kapteinar skal vera pilarar, kan det bli gloria for nokre få, men endå trongare for fleire. Så det er nok tryggast å slå ring om den norske bokmodellen – legitimt ringa inn av avtaler og støtteordningar, og der Staten står attåt i det vesle språksamfunnet vårt.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Av og til må jeg faktisk gjøre ting som illustrerer hvor utilregnelig jeg er, bare for å opprettholde inntrykket.»

Petter Stordalen

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis