Sirkus
«Koffor heite det amfi? Det e’kje god akustikk der / og det he ingenting med det gamle Hellas a° gjer», syng Side brok om Amfi i Ørsta.
Ja, kva er eigenleg eit amfi – anna enn eit selskap i Olav Thon-gruppen med driftsansvar for nærare åtti kjøpesenter i landet? Amfi er ein gresk preposisjon med tydinga kringom, og samtidig ei forkorting for «amfiteater». Eit amfiteater er ein elliptisk plass kringbygd pa° alle kantar med sitjeplassar. Fyrst var det bruka som teater, så vart byggverket uvida sa° det kunne vera plass til gladiatorkampar. Det mest kjende amfiet fra° antikken, Colosseum, hadde plass til 50.000 menneske. Bygningsforma lever vidare i moderne idrettsanlegg, som Jordal Amfi. Kjøpesenterkjeda Amfi har altsa° fint lite med «amfi» a° gjera.
Dermed er vi inne pa° eit anna kjøpesenternamn: Sirkus Shopping i Trondheim. I det gamle Roma var «sirkus» opphavleg ein avlang stadion med bane for kappkøyring, men det kom seinare til a° omfatte store anlegg, der opptog og kampleikar bar til. Det mest kjende sirkuset er Circus Maximus, med plass til 200.000 menneske.
Er vi fyrst inne i verda til gigantane, bør kjøpesenteret i Skien nemnast, Herkules Senter. Herkules, son til Zevs og dronning Alkmene, var ein gjæv halvgud. Alt da° Herkules la°g i vogga, gjorde han store da°dar. Kona til Zevs, Hera, mislika sidespranga til husbonden og sende to ormar som skulle drepa bastarden, men Herkules tok e´in i kvar hand og kverka dei. Ei kjempe verdig a° fa° ein kjøpehall kalla opp etter seg!
Slik kan vi halde fram. Kvar finn vi eit kjøpesenter som er kalla opp etter staden det ligg på? Cicero kunne i si tid ikkje la vera å undrast over mistrua vår til våre eigne ting, og Juvenalis tala om panem et circenses, brød og sirkus. Det daglege brødet vårt skal helst ha innpakkingspapir med glitter og glamour. Nihil sub sole novum.
Ynnor Snaaps
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.
Foto: Anne Valeur
Fugl føniks
Hayden Powell har brukt ventetida godt.
Teikning: May Linn Clement
Bleik om sausenebba
Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!
Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.
Foto: Ida Gøytil
Idealitet og realitet
Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.
Eivind Riise Hauge har skrive både noveller, romanar og skodespel.
Foto: Eivind Senneset
Dei førehandsdømde og samfunnet
Eivind Riise Hauge skriv med forstand om brotsmenn, rettsvesen, liv og lære.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.