JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Skjelett i skåpet og ein gløymsk statsråd

Medlemsjukset til Oddmund Hoel tidleg på 1990-talet var del av ein større ukultur.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oddmund  Hoel (Sp) tok over som forskings- og høgare utdanningsminister etter at Sandra Borch trekte seg.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

14266
20240209

Bakgrunn

Statsråden er i søkjelyset på grunn av juks med medlemstala til NMU tidleg på 90-talet.

Medlemsjuks

pernille@dagogtid.no

Statsråd Oddmund Løkensgard Hoel har innrømt til Nettavisen og Firda at han juksa med medlemstala då han var leiar i Norsk målungdom (NMU) i 1991–1992. På den tida då Hoel juksa, juksa «alle», har nokre hevda – deriblant Hoel sjølv.

I Politisk kvarter på NRK 6. februar sa han at medlemsjukset var ein etablert praksis, ein del av ein ukultur som omfatta mange ungdomsorganisasjonar. Andre, til dømes MDG-politikar Einar Wilhelmsen, meiner Hoel freistar å dra andre ned i søla i forsøket på å forklare medlemsjukset.

Her skal vi sjå på historia og intervjue Hoel sjølv.

Organisasjonsjukset

På midten av 1990-talet oppdaga Riksrevisjonen, med god hjelp av pressa, at ungdomsorganisasjonane juksa med medlemstala. Motivet var å få mest mogleg statstilskot. Jukset var utbreidd og førte til at Samferdselsdepartementet melde 24 barne- og ungdomsorganisasjonar til politiet for bedrageri. Statsadvokaten avgjorde seinare at alle dei 72 organisasjonane som hadde fått tilskot frå Barne- og familiedepartementet, skulle etterforskast.

AUF-skandalen var det verste dømet på ukulturen. I 1995 avslørte VG at lokallaget til AUF i Oslo hadde juksa med medlemstala for å få meir tilskot. Det enda med at fire tillitsvalde vart dømde for grovt bedrageri i 1998 og måtte sone fengselsstraffer. I etterkant har det kome fram at fleire sentrale AP-politikarar, mellom anna Anniken Huitfeldt, Thorbjørn Jagland og Trond Giske, kjende til juksinga då dei var aktive i AUF. Også andre ungdomsparti som Unge Høgre og FpU måtte betale tilbake pengar til Oslo kommune etter medlemsjuks, og Sosialistisk Ungdom vart etterforska for falsk forklaring.

Men AUF-saka var ikkje representativ for jukset i dei andre organisasjonane. Tvert imot: 22 av dei 24 sakene som vart melde til politiet, vart lagde bort som «intet straffbart forhold funnet bevist». Denne grunngjevinga nyttar påtalemakta når etterforskinga ikkje har funne prov for den straffbare handlinga. Dette er i praksis å rekne som ei frifinning.

På bakgrunn av funna til VG, og parallelt med politietterforskinga, undersøkte Riksrevisjonen korleis tilskotsordninga vart organisert, praktisert og kontrollert. Konklusjonen var at kontrollen med organisasjonane hadde vore for slapp. Riksrevisjonen kritiserte heile tilskotssystemet, særleg det at reglane var uklare, at kontrollen var dårleg, og at statsråden fråskreiv seg ansvaret. Kritikken førte til at departementet la opp til skjerpa reglar for tilskotsordningane i statsbudsjettet for 1996, både når det gjaldt vilkår for stønad og kontroll med organisasjonane.

Oddmund Hoel slik han såg ut då han var i Norsk målungdom.

Foto: Ola Sæther

NMU-rettssaka

Etter AUF-skandalen hadde dei fleste organisasjonane teke eit oppgjer med ukulturen, men i NMU heldt juksinga fram. Det straffa seg. I 2002 opna Økokrim etterforsking av organisasjonen, etter at TV 2 hadde laga TV-sak på medlemsjuksinga. Bakgrunnen for TV 2-saka var ein rapport frå 2001, forfatta av to medlemmar i NMU. Rapporten, som Dag og Tid har fått lese, er ei systematisk framstilling av omfattande tukling med alt frå medlemstal til transaksjonar i perioden 1997–2001. Han tel 41 sider, og var eit sentralt prov under rettssaka der seks personar i leiinga vart dømde for falsk forklaring til offentleg styresmakt, medan NMU vart dømd til føretaksstraff og måtte betale tilbake nesten tre millionar kroner til staten.

Når ein les sakene til Firda og Nettavisen, får ein inntrykk av at medlemsjukset då Hoel hadde leiarposisjonar i NMU, var like ille som jukset som vart avdekt under rettssaka i 2003. Oslo tingrett fann rett nok haldepunkt for at NMU hadde drive med juks i ei årrekke, og at overrapporteringa hadde gått føre seg heilt sidan 1980-talet. Men Firda og Nettavisen skriv som om jukset til Hoel var like alvorleg som NMU-saka på 2000-talet.

Det har dei ikkje lagt fram noko prov på. Rapporten frå 2001 såg berre på juks frå 1997 og seinare. Ettersom departementet hadde skjerpa inn tilskotsvilkåra og kontrollverksemda, måtte medlemsjukset i NMU frå 1997 og utover ha vore meir avansert enn tidleg på 90-talet.

Sigurd Klomsæt og Harald Stabell var forsvarsadvokatar under AUF-skandalen.

Foto: Anders Marius Knudsen

Rapportøren

Ein av dei to forfattarane av den nemnde rapporten heiter Klaus Johan Myrvoll, i dag professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Stavanger. Han var sentralstyremedlem i NMU ved tusenårsskiftet, og er tidlegare korrekturlesar i Dag og Tid.

– Er du den anonyme kjelda Firda og Nettavisen har intervjua i saka si?

– Nei, det er ikkje meg.

– Var jukset til Hoel like omfattande som det som vart avdekt ti år seinare i NMU-rettssaka?

– Eg vil ikkje spekulere i det. Eg vil heller ikkje meine noko om Hoel hadde vorte dømd viss saka hans ikkje hadde vore forelda då dommen vart avsagd. Det avheng av om dokumentasjons- og rapporteringskrava vart skjerpa etter AUF-skandalen.

Han presiserer at rapporten ikkje seier noko om korleis Hoel juksa då han sat i leiande posisjonar i NMU, rett og slett fordi forfattarane ikkje såg på dokumentasjon frå den tida.

– Vi valde å ikkje leite lenger bakover i tid. Målet vårt var å teikne eit augneblinksbilete av korleis det stod til med tilskotsarbeidet i NMU seint på nittitalet og tidleg på totusentalet, etter AUF-saka. Vi skjønte at jukset med medlemstala heldt fram i NMU trass i oppgjeret i dei andre ungdomsorganisasjonane.

Myrvoll synest ikkje det gjev meining å forfølgje juksinga til enkeltpersonar i dag. Til det har det gått for lang tid, seier han, og legg til at det uansett må vere mogleg å tilgje misgjerningar og lovbrot. Han ønskjer ikkje bere ved til bålet, og seier han er glad for å ha fått ein så fagleg sterk minister.

– Hoel er eit framsteg for sektoren.

KrFU-jukset

Ei anna som var aktiv i organisasjonslivet tidleg på 1990-talet, er Berit Aalborg, politisk redaktør i Vårt Land. Ho var leiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) på same tid som Hoel var leiar i NMU.

Aalborg fortel at medlemsjuksinga var utbreidd og gjaldt veldig mange, sjølv om ho merkar seg at nokre meiner det ikkje var slik. Ho meiner det var nærast tilfeldig at KrFU kom ut på rett side den gongen. Redninga var at ho hadde sendt brev til departementet om praksisen med å rapportere inn for mange medlemmar.

– På den tida var det slik at vi talte medlemsmassen ut ifrå kven som hadde vore registrerte som medlem dei siste to åra, utan å undersøkje om alle framleis var medlemmer på søknadstidspunktet.

Berit Aalborg er politisk redaktør i Vårt Land.

Foto: Erlend Berge / Vårt Land

Aalborg meiner at systemet spelte ei rolle i medlemsjukset, fordi alle organisasjonane søkte om beløp frå ein og same pott. Dei som hadde flest medlemmar, fekk mest pengar. Difor vart det eit kappløp om å rapportere inn så mange medlemmer ein kunne. Aalborg seier likevel at medlemsjuksinga som vart avdekt i rettssaka mot NMU ved tusenårsskiftet, hadde ein meir systematisk karakter.

– Kor enkelt var det å jukse på den tida? Var det berre å sende inn ein søknad med for høge tal, og korleis var kontrollen med tilskotet frå styresmaktene?

– Det var ikkje slik at vi sende tilfeldige tal, men vi opplevde at dette var ein praksis som vi kunne ha. Kontrollen var ikkje større enn at då vi sende inn brevet til departementet der vi fortalde om vår praksis, fekk vi aldri noko svar.

Aalborg presiserer at ho ikkje hugsar så godt korleis dei jobba med tilskot den gongen, men at ho opplevde at alle ungdomsorganisasjonane dreiv med ei eller anna form for juks – om enn med ulik alvorsgrad.

– Då eg gjekk av som leiar, fekk eg ein attest frå Kjell Magne Bondevik. Der stod det at eg hadde medverka til sterk vekst i ungdomspartiet. Eg kjente at den attesten var ubrukeleg etter AUF-saka, for å seie det slik.

Gløymsk statsråd

Kva tenkjer Hoel sjølv om tida då han var sentral i Norsk Målungdom (NMU), tidleg på 1990-talet? Vi møter Hoel i lokala til Kunnskapsdepartementet om ettermiddagen 5. februar.

– Kva rolle hadde du i NMU den gongen du var aktiv medlem?

– Eg hadde ei sentral rolle i 1991–1992, då var eg generalsekretær i Målungdommen. I 92–93 var eg nestleiar, før eg gjekk over til å verte vanleg sentralstyremedlem til 1994. Deretter gjekk eg ut av organisasjonen for å fokusere på hovudfagsoppgåva mi ved Universitetet i Oslo.

– I samband med det arbeidet rapporterte eg inn for høge tal.

Oslo 20240123.   Statsminister Jonas Gahr Støre presenterer den nye ståtsråden for forskning og høyere utdanning på Slottsplassen. Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) blir ny forsknings og utdanningsminister etter at Sandra Borch (Sp) gikk av som statsråd fredag.  Foto: Cornelius Poppe / NTB

Cornelius Poppe

I den nemnde saka frå Firda og Nettavisen innrømte Hoel at pengane var nytta til drift av organisasjonen i form av reising, kursverksemd, kontorutgifter – og hans eiga løn. Han vedgjekk òg å ha signert to søknader med uriktige tal til departementet. Seinare sa han til Politisk kvarter på NRK at han var ein del av ein ukultur, og antyda at «alle» juksa på den tida.

– På kva måte var du involvert i jukset?

– Dette er over 30 år sidan, og eg hugsar ikkje alle detaljane kring korleis jukset gjekk føre seg. Men eg hugsar soleklart at vi skreiv inn for høge medlemstal i søknaden, og at vi fekk meir stønad enn vi hadde krav på som følgje av det.

Hoel seier at han ikkje kan hugse akkurat korleis dei fuska. Han kan ikkje hugse å ha forfalska signaturar, og hugsar heller ikkje om han flytta rundt på pengar.

Han seier at han likevel ikkje opplevde det som vanskeleg å rapportere feil medlemstal, og at kontrollen med tildelingane var svak.

– Du seier til Firda og Nettavisen at du ikkje veit om medlemstalet i 1993 (3493) var avgjerande for om de fekk statsstønad. Er det viktig for deg å få svar på om feilrapporteringa var ein føresetnad for at NMU fekk tilskot i det heile?

– Eg tenkjer at alt av opplysingar som kan bidra til å kaste lys over dette, er heilt greitt. Men eg kjem ikkje til å gjere noko som helst for å setje meg inn i dette. Om andre vil drive med historieskriving, får dei gjere det. Som historikar synest eg for så vidt det er interessant. Men eg kjem ikkje til å bruke tida mi på det.

– Eg hugsar soleklart at vi skreiv inn for høge medlemstal i søknaden, og at vi fekk meir stønad enn vi hadde krav på som følgje av det.

Oddmund Hoel, statsråd

Rettssaka

Fleire medium har synt til ein rapport frå to tidlegare NMU-medlemmer som granska tilhøva i organisasjonen frå 1997 til 2001, lenge etter Hoels tid. Rapporten vart eit sentralt bevis i den etterfølgjande rettssaka og avslørte ein juksekultur som følgde eit omfattande og intrikat system. Under rettssaka vart det avdekt at dei tillitsvalde hadde reist rundt på skular og henta inn namn på elevar som var interesserte i nynorsk. Desse namna vart seinare oppgjevne som (fiktive) medlemmer i ulike lokallag. Ingen av dei hadde nokon gong meldt seg inn eller betalt kontingent.

– Under rettssaka mot NMU fann tingretten det bevist at «Norsk Målungdoms ledelse, på samme måte og med samme hensikt, uavbrutt og i en årrekke har overrapportert medlemstall». Retten synte til utsegner frå vitne og tiltalte om overrapportering som gjekk heilt tilbake til 1980-talet. Har du noka oppfatning om jukset du dreiv med, var like omfattande som det dei som vart dømde i 2003, dreiv med?

Her bryt kommunikasjonsrådgjevar Anders Lundell inn:

– Eg skjønar ikkje kor du vil hen med dette. Det er jo akkurat det Hoel seier, at det føregjekk overrapportering også då han var leiar.

– Ja, men retten meiner at overrapporteringa var systematisk og omfattande også før 1998.

Hoel grip inn i disputten mellom journalisten og kommunikasjonsrådgjevaren og seier at han godt kan svare på spørsmålet.

– Altså, eg har ikkje noka formeining om det var like ille. For det første er det så pass lenge sidan eg sjølv var involvert. For det andre er det mange detaljar kring rettssaka for 20 år sidan som eg ikkje har oversikt over no. I 1995–96 vart vilkåra for tilskot og kontrollen med organisasjonane strengare. Men då var eg ute, så eg veit jo ikkje kva skilnaden var på det nye regimet kontra det som var på mi tid.

– Det vert nemnt i dommen frå ankesaka i Borgarting lagmannsrett at dei domfelte følte seg utsette for press frå sentrale tidlegare tillitsvalde i NMU. Er du ein slik tidlegare tillitsvald som vidareførte denne ukulturen?

– Nei, det var andre som overtok dei sentrale oppgåvene då eg gjekk ut av NMU og vart ivrig heiltidsstudent.

Hoel tok over som leiar i Noregs Mållag i 1999. I eit intervju med Sogn Avis i 2002 om den mykje omtalte bryllaupssaka sa Hoel at han i 2001 fekk brev frå ein sivilarbeidar om mogleg juks i NMU. Då vedkomande ikkje ville utdjupe saka nærare, sa Hoel at han tok opp saka med styret i Noregs Mållag. Mållaget sende ei oppmoding til NMU om å drøfte saka med revisoren deira, men at haldninga i styret var at det ikkje var oppgåva til Mållaget å rydde opp.

Oppgjeret

– Du hadde jo sjølv vore med på å jukse, og kjende difor til ukulturen. Kvifor var du ikkje tydelegare overfor NMU då du fekk desse opplysingane i 2001?

– Styret bad Målungdommen om å kople inn revisoren. Mi rolle i leiinga i NMU slutta jo i 93–94, så eg hadde ikkje detaljinnsikt i kva som hadde skjedd etter det. Eg hadde nok ein mistanke om at medlemstala framleis var for høge, sjølv om det nok hadde gått noko ned. Brevet var jo likevel ein indikasjon på at det var eit sprik

– Vurderte du nokon gong før eller under rettssaka å stå fram, for å synleggjere at du hadde vore ein del av denne ukulturen, eventuelt utsett for det same presset som dei andre?

– Eg uttalte meg jo mykje i media på den tida, men kva eg sa den gongen, har eg for så vidt lita oversikt over. Kva eg vurderte eller ikkje vurderte for 20 år sidan, kan eg ikkje gje presis innsikt i no.

– Tenkjer du i ettertid at du burde vore tydelegare?

– Ja, det er jo lett i ettertid å tenkje at «dei vaksne» skulle teke opplysingane meir på alvor. Det gjorde vi no eingong ikkje.

– Jonas Gahr Støre seier 6. februar at du har vore «veldig open» om medlemsjukset. Men du var vel ikkje open om medlemsjukset i ålmenta før Firda og Nettavisen, og seinare VG, laga sak om det?

– Eg har vore open og svart på alle spørsmål eg har fått om dette gjennom fleire tiår frå media og målrørsla. Etter rettssakene vart det eit oppgjer i målrørsla, som var mi ålmente. Eg stilte mellom anna opp på eit ope møte i lagsalen til Bondeungdomslaget i Oslo etter 2003, og det hugsar eg som eit skriftemål om mi eiga fortid. Eg veit ikkje om Dag og Tid eller andre medium var til stades på møtet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis