Skulepolitikarar ventar seg endringar
– Det rimar dårleg med djuplæring, forståing og danningsoppdrag å fjerne viktige hendingar og tema frå læreplanane, seier Roy Steffensen (Frp), leiar for utdanningskomiteen på Stortinget.
eva@dagogtid.no
Stortinget har vedteke føringane for fornyinga av læreplanane i norsk skule som no går føre seg. Skulepolitikarar frå både Ap og Frp meiner dei førebelse skissene til nye læreplanar i samfunnsfag, historie, geografi og samfunnskunnskap ser ut til å gå for langt.
Roy Steffensen i Frp leiar utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Han syner til at regjeringa i stortingsmeldinga om fornyinga eksplisitt skreiv at føremålet med å fornye faga var «å gi elevene mer dybdelæring og bedre forståelse. I tillegg vil den gi skolens brede dannelsesoppdrag en tydeligere plass i skolehverdagen».
– Eg meiner personleg det rimar dårleg med djuplæring, forståing og danningsoppdrag å fjerne viktige, konkrete hendingar og tema, seier han.
Sentrale tema
Steffensen syner til at skulen skal vere både ein dannings- og ein læringsarena.
– Dei viktigaste hendingane som har forma samfunnet gjennom hundreåra, må alle lære om. Det meiner eg er spesielt viktig i dag, for å unngå at ekstreme politiske og religiøse krefter riv ned dei tradisjonane og verdiane samfunnet vårt byggjer på.
Slik han ser det, representerer årstala 1030, 1537, 1814, 1905 og 1940–1945 milepålar som alle må få med seg for å forstå både fortida og notida.
– Utan ei felles referanseramme er det vanskeleg å forstå samfunnet, og ein kan miste viktige verdiar av syne. Eg trur òg at lærarane vil setje pris på å ha nokre knaggar og ein viss kronologi når dei set saman undervisningsopplegga.
– For overordna
Stortinget er ikkje del av det vidare arbeidet med læreplanane, men Steffensen seier han vil følgje med på læreplanarbeidet. Han reknar med at Utdanningsdirektoratet tek omsyn til dei mange høyringssvara som har kome inn.
Det same gjer Torstein Tvedt Solberg, som sit i utdanningskomiteen for Ap.
– Eg trur debatten som no går og omfanget av høyringsinnspela som har kome inn, gjer at vi nesten kan leggje til grunn at det vert endringar, seier han.
– Målet med dei nye læreplanane var å ha færre og meir overordna mål og meir fridom i undervisninga, men vi må passe på at pendelen ikkje svingar for mykje andre vegen, slik at måla vert for generelle og utydelege. Det som ligg på bordet no, er for overordna og lite konkret, seier han.
Statssekretær Rikke Høistad
Sjøberg (H) i Kunnskapsdepartementet seier det ikkje er naturleg for departementet å kommentere skissene til nye læreplanar no. Både Utdanningsdirektoratet og læreplangruppene som har laga skissene, skal jobbe vidare med desse før dei kjem til departementet til handsaming og deretter skal ut på ordinær høyring.
– Skulen har ei viktig rolle som felles arena som gjev retning for viktige felles verdiar, normer og referanserammer. Vi er spende på korleis læreplangruppene har løyst dette, og ser fram til å få dei gjennomarbeidde utkasta til læreplan på nyåret, seier Sjøberg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dei viktigaste hendingane som har forma samfunnet gjennom hundreåra, må alle lære om.
Roy Steffensen (Frp), leiar av utdanningskomiteen
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.