Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Skyt først, les etterpå

Vi må kunne vente at politikarar les ei utgreiing før dei skyt ho ned, meiner samfunnsforskar Cathrine Holst.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
9485
20200110
9485
20200110

Samfunn

peranders@dagogtid.no

I Noreg har det vore eit breitt akseptert prinsipp at politikk i høg grad skal byggje på fagkunnskap. NOU-ar og andre offentlege utgreiingar har vore viktige som grunnlag for det politiske ordskiftet. No er det teikn til at dette prinsippet er under press. I fjor vart arbeida til ei rekkje offentlege utval torpederte svært tidleg og i nokre høve før rapportane var leverte.

«Senterpartiet var så kjapt ute med å parkere domstolsutvalget og vindkraftskatteutvalget at man kunne mistenke partiet for å ha superkrefter. Eventuelt å ikke ha lest rapportene», skreiv Trine Eilertsen i Aftenposten 25. desember. Regjeringspartia var sjølve tidleg ute i andre saker: Høgre, Venstre og Frp skaut ned ideen om grunnrenteskatt på lakseoppdrett mange månader før havbruksskatteutvalet kom med tilrådingane sine. Og både Geir Pollestad i Senterpartiet og sjølvaste politidirektøren rykte ut mot avkriminalisering av narkotikabruk før rusreformutvalet hadde lagt fram rapporten sin.

Del av krinslaupet

Tidlege åtak på offentlege utval er ikkje noko ukjent fenomen, og truleg er desse døma for få til å slå fast at vi har med ein trend å gjere. Men det er grunn til å vere på vakt, meiner Cathrine Holst, som er professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved UiO. Ho har mellom anna forska på ekspertrolla til forskarar i offentlege utval og har vore med på å lage ein database over alle NOU-ar som er skrivne.

– Vi må skilje mellom ulike typar kritikk av utvala. Om dei folkevalde meiner at konklusjonane i ei utgreiing er feil, at utvalet er skeivt sett saman, eller at mandatet for utgreiinga er for snevert, skal dei sjølvsagt seie frå. Men det er ein god ting om politikarane faktisk tek seg tid til å sjå på utgreiinga før dei avviser ho, seier Holst.

– I det norske demokratiet og styringssystemet er utgreiingane ein viktig del av krinslaupet. Eg håpar folk tenkjer over korleis systemet blir om ein ikkje respekterer denne delen. Eg veit ikkje om det faktisk er ein tendens i den retninga. Men om det skjer, er det ein uting.

Medietrykk

– I omstridde saker kjem det rask og sterk grasrotmobilisering gjennom dei sosiale media. Det kan skape eit trykk som er vanskeleg å stå imot for politikarane?

– Det er eit sterkt medietrykk på både politikarane og forvaltinga, og dei sosiale media forsterkar dette trykket. Heile omløpsfarten i politikken har stige. Om ein ikkje kjem med raske svar, blir ein klandra. Vi kan ikkje vente at alle som meiner noko om ei sak, skal ha lese utgreiingane først. Men ansvarlege politikarar, opposisjonen på Stortinget og saksordførarar bør i alle fall stå imot trykket og lese utgreiingane før dei tek standpunkt.

– Politikarar møter krav om å ta standpunkt også i saker dei ikkje har nådd å setje seg inn i. Om dei ikkje har eit standpunkt, verkar dei dumme og uengasjerte?

– Det er vanskeleg å vere ein god, ansvarleg politikar. Eg kan ikkje seie korleis politikarane skal takle presset. Men eg trur vi er på ville vegar om dei kompromissar for mykje på dette. Dette handlar ikkje berre om politikarane, men òg om media, veljarane og dei som er aktive på sosiale medium. Vi treng ein politisk kultur som gjev politikarane rom til å setje seg inn i ei sak før dei uttaler seg.

Torpedering

– Kan profesjonaliseringa av politisk påverknad òg spele ei rolle? Mange interessegrupper har blitt flinkare til å påverke politiske prosessar, og ein kan leige kommunikasjonsbyrå for å få hjelp til å torpedere ei utgreiing?

– Mange har politisk påverknad som jobb, og dette er truleg òg med på å auke presset på politikarane. Men det gjer det endå viktigare at dei prøver å stå imot. Di fleire politikarar som tek snarvegar og skyt ned ei utgreiing utan å lese ho, di vanskelegare blir det for andre politikarar å skaffe seg det rommet ein treng for å setje seg inn i ei sak.

– Den norske staten har noko som heiter utgreiingsinstruksen, og der står det openbert fornuftige ting som dette: «Det er viktig at statlige beslutninger er velbegrunnede og gjennomtenkte.» Har den instruksen tapt noko av statusen sin?

– Eg trur medvitet om den instruksen er ganske høg i forvaltinga. Og også politikarane – i alle fall når dei er sitt betre eg – er ganske opptekne av dette. Dei ser at det er viktig med gode utgreiingar og gode råd. Problemet er å halde fast ved prinsippa også når det stormar, og når det er freistande å score billege poeng. Utgreiingsinstruksen kan vere bra, men autoriteten hans vil vere avhengig av at han blir brukt i konkrete tilfelle, seier Holst.

– Men igjen: Det er viktig at politikarane kan kritisere eit utval. Utgreiingsinstruksen gjev forvaltinga og politisk leiing i departementa ganske stort spelerom. Om ein meiner eit utval er skeivt sett saman, må ein seie frå. Men likevel bør ein setje seg inn i kva ei utgreiing faktisk seier.

Ein god NOU

– Om vi held oss til NOU-ane, som du sjølv har forska på: Kor viktige har dei tradisjonelt vore i norsk politikk?

– Dei har vore ein veldig viktig del av den politiske prosessen i Noreg. Slike utgreiingar er ein sentral pilar i den nordiske politiske modellen, og i Noreg har mange NOU-ar hatt stor påverknad. Andre er blitt lagde i ein skuff – men somme av desse har òg blitt henta opp att og fått relevans lenge etterpå.

– Du har skrive ein artikkel med tittelen «Hva er en god NOU?». Den har eg ikkje lese. Men kva er ein god NOU?

– Ein god NOU kombinerer fagleg kompetanse og interessene til partane i ein sektor på ein avvegd og god måte. Iblant kan mandatet vere meir teknisk, som ein gjennomgang av forskingsresultata på eit felt. Men eit særtrekk ved NOU-en er at han kombinerer synet til interessegrupper, ekspertise og byråkrati, og at utvalet kjem fram til ei sams røyndomsforståing og ein status for kunnskapen på feltet.

Ikkje eintydig

Utviklinga mot mindre respekt for fagkunnskap i politikken er slett ikkje eintydig, understrekar Holst. Ho har tidlegare peika på at forskarinnslaget har auka i utvala som lagar NOU-ane dei siste åra, medan interessegrupper har fått mindre plass. Og politikarane har generelt blitt meir opptekne enn før av å vise til forsking for å underbyggje standpunkta sine.

Dette kan sjåast som teikn på at ekspertmakta i samfunnet aukar, ikkje minkar?

– Ja, samfunnsutviklinga på eit felt er sjeldan prega av berre éin tendens. På eine sida har vi fått meir fake news, samtidig blir det lagt større vekt på forsking. I ein del utgreiingar er det naturleg med eit større forskarinnslag. Men om ingen les utgreiinga dei lagar, er det jo ikkje så viktig kven som er med og skriv.

– Kva er det som avgjer om ein NOU får politiske konsekvensar?

– Det kan vere mange ting. Ei utgreiing kan vere svært god utan at ho får nokon effekt. Det må vere politisk vilje til å gjere ho viktig. Nokon må fremje innhaldet i utgreiinga i ålmenta, anten det er politikarar, interesseorganisasjonar eller andre stemmer. For å få gjennomslag trengst det politisk mobilisering. Og det gjeld særleg for utgreiingar med tilrådingar som er kontrære.

To grøfter

– Om vi teiknar eit litt karikert bilete, er det to grøfter her: På eine sida eit ekspertvelde der professorar og byråkratar med veikt demokratisk mandat utformar politikken. På andre sida ein populistisk politikk som ignorerer fagkunnskapen. Kva grøft er farlegast?

– Eitt svar er at dei to tilsynelatande motsetnadene heng saman. Om makta til forvaltinga, domstolane og annan ekspertise ikkje blir balansert av deltaking frå resten av samfunnet, blir svaret fort populisme. Men nett difor kan NOU-ar vere ekstra viktige, for dei kan sameine fagkunnskap og samfunnsinteresser. Det gjer dette systemet verdifullt, men òg ganske skøyrt. Utvala kan bli angripne frå båe sider. Ekspertane kan seie: «Kvifor konsultere andre? Vi veit jo best.» Og frå anna hald kan ein kritisere ekspertveldet og byråkratiet.

Framstegspartiet var ivrige kritikarar av livsfjerne ekspertar før dei kom i regjering. I dag er det særleg Sp som målber slik kritikk.

– «Vi som folkevalgte bør lytte litt mindre til ’eksperter’, og mer til folket», skreiv Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum i VG i 2016. Det er eit argument som mange truleg kan nikke til?

– Ja, men både Senterpartiet og Frp viser stadig vekk til utgreiingar laga av ekspertar. Senterpartiet sette ned mange flotte utval da partiet sat i regjering, og eg er sikker på at partiet framleis ønskjer at vi skal ha gode utgreiingar bygde på fagkunnskap. Eg håpar at utspel som det du nemner, handlar om einskildutgreiingar, og ikkje er markeringar mot systemet med utgreiingar i seg sjølv. Det siste trur eg ville vere ein kortsiktig strategi som er skadeleg på sikt.

– Samansetjinga av utvala er i seg sjølv eit politisk spørsmål. Mange offentlege utval har fått kritikk for at medlemene er handplukka for å få særskilde resultat. Ingen kjem unna politikken, heller ikkje forskarane?

– Det stemmer. Forskarane er nok betre skikka enn andre til å gå gjennom eksisterande forsking, men dei skal òg gje politiske tilrådingar om vegen vidare. I dette ligg det politiske vurderingar, og også forskarar har politiske oppfatningar. Også i dei reine ekspertutvala kan forskarane representere ulike sider i kontroversielle spørsmål, seier Cathrine Holst.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er ein god ting om politikarane faktisk tek seg tid til å sjå på utgreiinga før dei avviser ho.

Cathrine Holst

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis