Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei kvinne held opp sicilianske flagget medan ho følgjer bergingsskipet «Sea-Watch 3» ved Siracusa-kysten i Italia.

Foto: Guglielmo Mangiapane / Reuters / NTB scanpix

2739
20190329
2739
20190329

Slutt på bergingsskip

Onsdag denne veke vedtok EU å avvikla ordninga med bergingsskip i Middelhavet for immigrantar. Offisielt gjer EU dette av di Italia nektar å akseptera slike båtar så lenge EU ikkje får på plass ei ordning som garanterer at immigrantane vert delte på alle EU-land. Ei slik ordning har vorte blokkert av fleire av medlemslanda, særleg i Aust-Europa. Noreg har på si side støtta ei slik ordning.

Uoffisielt gjer EU dette truleg for å syna at dei ikkje lenger vil at illegale immigrantar skal få høve til å koma til EUs yttergrense. Problemet er berre at EU samstundes hindrar personar som har rett til vern, i å koma til grensa. Men dette er i og for seg ikkje noko nytt. Noreg fekk Russland til å stogga immigrantar, både dei med rett til asyl og dei utan slik rett, før dei kom til den norsk-russiske grensa. No vert det opp til den EU-finansierte og -trena libyske kystvakta å hindra emigrantane i å taka frå land.

Dyr Roundup

Roundup, eller glyfosat, er eit ugrasmiddel som vart laga av Monsanto, som no er kjøpt av tyske Bayer. Bayer tapte i fjor ei rettssak i California mot ein vaktmeister som hevda at han hadde fått dødeleg kreft av ugrasmiddelet. No ventar 11.000 nye erstatningssøksmål, etter at vaktmeisteren vart tilkjend 63 millionar dollar i erstatning. Bayer har kjempa hardt mot domen, men onsdag tapte dei ei ankesak i ein høgre rettsinstans i California, fortel Financial Times.

Domstolen for Nord-California har no i tillegg skjerpa straffa. Vaktmeisteren skal få 75 millionar som straff mot Bayer, og 5,9 millionar dollar som kompensasjon for kreften og støtte til etterkomarane. Bayer seier at dei er «skuffa», og at dei vil anka endå ein gong. Dei seier òg at domen ikkje vil få konsekvensar for dei 13.000 andre sakene som ventar. Det kan vi velja å tru på eller ikkje. Det einaste som er heilt sikkert, er at eigarane av Monsanto som skapte Roundup, kan le heile vegen til banken, for det er ikkje dei som må betala erstatning.

Alkohol og røyk, ikkje bra

Britiske aviser liker å skremma lesarane. No har ei gruppe ved Universitetssjukehuset i Southampton og Bangor University samanlikna faren ved å drikka og røykja. Resultatet er ikkje kjekt, skriv alle britiske aviser.

Risikoen for å utvikla kreft etter å ha drukke ei falske vin i veka er den same som å røykja ti sigarettar i veka for kvinner, litt mindre for menn. Drikk du meir, går risikoen vidare opp. Forskargruppa fann at 10 av 1000 menn vil få kreft ein eller annan gong i livet på grunn av drikkinga, 14 av 1000 kvinner. Drikk du tre flasker vin i veka, går risikoen opp til 19 per 1000 menn, 36 for kvinner. Hjå menn er risikoen i hovudsak knytt til kreft i innvolane, hjå kvinner handlar det om brystkreft.

jon@dagogtid.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis