Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Snakk mindre mildt

Trumps nye tankar om tryggleik er velkomne, men treng meir kontantar og nyansar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President i USA, Donald Trump, og president i Kina, Xi Jinping, då nordamerikanske og kinesiske forretningsmenn signerte ein handelsavtale i november i fjor.

Foto: Jonathan Ernst / Reuters / NTB scanpix

7329
20180105
7329
20180105

Når 2017 no dreg seg mot ein ende, har verda sjeldan vore så tvidelt. Anten elskar du Donald Trump, eller du avskyr han. Anten tilber du brexit, eller du hatar det. Denne polariseringa er driven fram av dei gigantiske sosiale nettverka vi har fått i dag, og det fenomenet som kan omtalast som at fuglar med same fjørham flokkar seg saman.

Facebook oppmuntrar deg til å like eller ikkje like det du ser i nyhendevarslinga di. Twitter gjer det råd for deg å vidaresende eller like andre folks twittermeldingar eller blokkere brukarar som krenkjer kjenslene dine. Temmeleg raskt er du i ei filterboble der det elles berre er folk som deler ditt syn på verda. Resultatet er eit paradis ikkje berre for fake news, men òg for ekstreme syn.

Etter avsløringa av Harvey Weinstein som eit seksuelt rovdyr, er det skingrande røyster som insisterer på at alle menn er potensielle valdtektsmenn. Etter at ein (kvit) demonstrant døydde i Charlottesville i Virginia, insisterer andre fanatikarar på at alle kvite er rasistar. Kvite menn må difor vere rasistiske valdtektsmenn. Om du vågar å ta avstand frå denne nye doktrinen, stadfestar du berre hypotesen – for det er nett det du ville ha gjort, ikkje sant, om du var ein rasistisk valdtektsmann.

I denne binære verda er det ikkje mykje plass for tvisyn. Eg har hatt vanskar dette året med å forklare til og med for vener kvifor eg kan like somme sider ved Trump-administrasjonen samstundes som eg misliker andre. Og eg skulle ønske eg hadde fått ein bitcoin for kvar gong nokon har klaga over at haldninga mi til brexit har flaksa frå det eine til det andre. Nei, eg er berre ambivalent.

Eg hadde mykje sympati i fjor for dei veljarane som gav uttrykk for misnøye med status quo ved å røyste på brexit eller Trump. Men eg var òg svært klar over at det ville bli store vanskar med begge desse populistiske prosjekta, noko som har synt seg å stemme. Dette var ikkje flaksing frå det eine til det andre. For lenge, lenge sidan var dette kjent som nyanse.

Eit godt høve til meir ambivalens er Trump-administrasjonens nye nasjonale tryggingsstrategi (NSS), som vart offentleggjord 18. desember. Som vanleg var mange kommentatorar klare til å fordøme dokumentet og spå den snarlege enden på verda, om lag som katastrofen som venteleg ville kome som følgje av slutten på nettnøytraliteten – politikken som krev at internetttilbydarane skal handsame alle data likt – og vedtaket om dei republikanske skattekutta. I røynda er denne nye NSS ei stor forbetring i høve til den førre administrasjonens freistnader på «strategisk tolmod».

Vekk er dei pompøse, men innhaldslause dygdsproklamasjonane som var kjenningsmelodien til Barack Obama. I staden har vi fått sterk og utvitydig identifisering av dei viktigaste trugsmåla mot USA, og ei klår plikt til å møte desse trugsmåla med makt, om det skulle vere naudsynt.

Tanken om at dette dokumentet kjem til å øydeleggje den «liberale internasjonale orden» som skal ha blitt skipa i 1945, og sleppe laus tredje verdskrigen, er absurd. Tvert om, det var på høg tid å varsku Kina, som er blitt stadig frekkare til å demonstrere makt, ikkje berre i Sørkinahavet, men i fjernare område òg.

Dette var Obamas NSS i 2015: «Omfanget av samarbeidet vårt med Kina er eineståande. (...) USA ønsker velkomen eit stabilt, fredeleg og velståande Kina. Vi freistar å utvikle eit konstruktivt forhold til Kina som tener begge våre to folk og fremjar tryggleik og velstand i Asia og rundt ikring i verda. Vi ønsker samarbeid og at vi deler regionale og globale utfordringar. (...) Medan det vil bli konkurranse, avviser vi at konfrontasjon er uunngåeleg.»

Samanlikn med 2017-versjonen: «Kina freistar å fjerne USA frå indo-stillehavsregionen, utvide området for den statsdrivne økonomiske modellen sin og omorganisere regionen til sin fordel. (...) Kina samlar inn og utnyttar data i makelaust omfang, og spreier element av sitt autoritære system, inkludert korrupsjon og bruk av overvaking.»

«Landet byggjer opp det beste og mest velfinansierte militæret i verda, nest etter vårt eige. Det kinesiske atomvåpenarsenalet veks og vert meir variert. (...) Kina nyttar økonomisk muting og straff, påverkar operasjonar og påståtte militære trugsmål for å overtyde andre land om å bry seg meir om eigen politikk og tryggleik.»

Eg veit kva for ein eg føretrekkjer. Eg er òg heilhjarta samd i at det var naivt å tru – slik dei tre førre administrasjonane hadde ein tendens til – at å inkludere Russland og Kina «i internasjonale institusjonar og global handel ville gjere dei til velvillige aktørar og pålitelege partnarar».

Ein ny rapport om Kinas «harde makt» frå National Endowment for Democracy syner kor feilaktig dette var. Dei som uroar seg om den påståtte samansverjinga mellom Trump-kampanjen og Kreml i fjor, bør vere glade for den tøffe språkbruken i NSS om Russland. Dei som frykta for at Trump ville gjere ende på Nato, bør kjenne seg trygge.

Mi sut knytt til NSS kjem rett og slett av at det er eit grunnleggjande gamaldags dokument. Det handlar først og fremst om trugsmål frå etablerte nasjonalstatar – Kina, Russland, Nord-Korea og Iran – mot USA og USA-allierte. Dokumentet seier mykje mindre om dei nye trugsmåla som alle nasjonalstatar no står overfor.

I 2017 tok eg del i ein tankevekkjande konferanse ved Hoover Institution ved Stanford-universitetet i California. Initiativtakaren var tidlegare utanriksminister George Schultz. I ein alder av 97 år har Schultz framleis ei forbløffande evne til å sjå framover. Som han seier, har krigføring i cyberspace potensial til å rive opp vital infrastruktur utan åtvaring. Eit nytt slag influensa kan øydeleggje folkesetnaden i verda sjokkerande snøgt. Nanoteknologi kan endre berekningar i ein konflikt ved å truge konvensjonelle styrkar med overveldande svermar av fiendtlege hjelpemiddel.

Klimaendringar vert til vanleg peika på som den viktigaste faren som trugar alle land i verda. Men det er berre éin av mange slike farar og slett ikkje den næraste. Nye NSS ymtar om nokre av desse trugsmåla, men gjer det ikkje klårt korleis USA skal møte dei. Ettersom NSS kjem i kjølvatnet av ei skattelov som monaleg reduserer skattegrunnlaget til den føderale regjeringa for ei overskodeleg framtid, kan NSS berre kome med vage framlegg om auka løyvingar til nasjonal tryggleik.

Nye NSS er difor berre endå eit aspekt ved Trump-administrasjonen som det er rett å vere ambivalent til. Det er ei betring i høve til illusjonane frå Obama-æraen. Men det sviktar heilt i å forklare korleis USA kan bli gjort «great again».

Men som forfattarane av NSS 2017 skriv: «Kina, Russland og andre statlege og ikkje-statlege aktørar oppfattar at amerikanarane ofte ser på verda med binære termar, med statar som anten står på ’fredeleg fot med’ eller er ’i krig med’ USA, sjølv om det eigentleg er ein arena for vedvarande konkurranse.»

Denne innsikta gjeld òg for heimleg politikk, der binær tenking er fienden til klåre tankar.

Og om du berre liker delar av det eg nett har fortalt deg, er det heilt greitt for meg.

Einerett: The Sunday Times / Dag og Tid Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I røynda er den nye nasjonale tryggingsstrategien ei stor forbetring i høve til
den førre administrasjonens freistnader på «strategisk tolmod».

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis