Snjòv
– Kvinne, kvar er din brodd?
Mannen slo ut med armane og sette auga i meg der eg med frykta hengande oppunder kalde øyreflippar lét skorne gli som ski over det islagde fortauet. Og det sjølv om Oslo kommune skryter av å ha slege den gamle grusrekorden frå vinteren 2009: Til no har dei strødd 22.000 tonn grus på 100 mil med fortau. Kva hjelper det når grusen er frosen inn i isen og lurer ein gammal fotgjengar med dårleg djupnesyn?
Før var det morsomt med sne er tittelen på eit De Lillos-album. Eg stemmer gjerne i det, sjølv om sne er eit framandord.
Myten om at inuittane har 200 ord for snø, lever vel, men det er fjøra som vart til fem høns, eller snøballen som byrja å rulle ... Bladet Illustrert Vitenskap knuser denne myten og skriv at det på Vest-Grønland finst to hovudord for snø: qanik som er snø i lufta, og aput som er snø på bakken. Dei fleste språk har eit hovudord for snø og ei rad variantar, som tørrsnø, laussnø og kornsnø, skriv bladet.
I norske dialektar finst det mange variantar av snø. Svogeren min frå Sel i Gudbrandsdalen seier sjog. Kollegaen frå Helgeland seier sny. Kollegaen frå ytre Sunnmøre seier snøv. Kollegaen frå Nordmøre seier ganske bokstavtru snø. Kollegaen frå Jæren seier at i den grad ho opplevde snø i oppveksten, var det rennedrev, altså snøfok. Sjefen frå Voss seier snjo, og no nærmar vi oss indre sunnmørske fjordstrok. Vi seier nemleg snjòv med ei blanding av ø- og å-lyd og ein nj-lyd som får meg til å tenkje på russisk. Det kan òg minne om det engelske ordet snow.
Ordet is har vel få dialekt-
variantar, tenkjer eg medan eg stavrar meg over glanisen i Pilestredet. Han har vel rett, mannen, som meinte at eg burde skaffe meg broddar, men eg kjenner meg ikkje gammal nok og vil heller pigge av enn å vere med i den knatrande klikken.
Eg kan likevel kome til å fortryte på det: Best som eg går der, ligg eg der, og då står eg der.
Tiriltunga
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?