Snømoking
Det er ingen løyndom. Den einskildårsaka som fører til flest hjarteinfarkt hjå mellomaldrande og eldre, er snømoking. «Vi vet at det i våre nordiske land er høyest forekomst av akutte hjerteinfarkt på den kaldeste tiden av året. (…) Det er veldig sannsynlig at mye av denne effekten skyldes virkningen av kulde på blodtrykket», seier Helge Istad, som er spesialist i indremedisin til nettstaden ABC.
«Snømåking, særlig måking av tung våt snø, er en meget tung fysisk aktivitet. Det er ikke få personer som har fått sitt første hjerteinfarkt etter slik aktivitet», legg han til og fortel at blodårene trekkjer seg saman i kulde. Det skal heller ikkje leggjast skjul på at underskrivne går på betablokkarar, rett nok i låg dose.
«Men læll!» som Trine Skei Grande plar seia.
Eg har ansvar for å få bort snøen på eit område som dekkjer vel 200 kvadratmeter. Difor kjende eg på ei viss uro då eg kom heim att no tysdag. Det hadde kome 35 cm nysnø. Heldigvis kom dotter mi på femten heim samstundes som eg. Eg gav klar ordre.
– Du må nok moka. Eg må hjelpa veslebror din med leksene. Dessutan har eg ikkje blodtrykk til slikt.
Så gjekk eg inn. Det gjekk eit kvarter. Ei rasande dotter kom inn. «Se hva du har gjort med uggs-ene mine!»
Dei som ikkje veit kva uggs er, lyt slå opp. Så storma ho opp på romet sitt og smelte att døra. Det var ikkje anna råd, eg måtte sjølv taka ansvar. Eg las meg opp på internett. Mellomaldrande menn må kle seg godt før dei går ut og mokar, stod det der. Eg kledde meg godt. Etter tre minutt dreiv sveitten. Det enda med at eg stod der i ein tynn bomullsgenser. Eg kunne ha moka i bar overkropp, men av omsyn til grannelaget lét eg vera.
Etter ein og ein halv time var eg ferdig både i bokstavleg og metaforisk tyding. Eg fekk ikkje hjarteinfarkt sjølv om eg eksponerte blodtrykket mitt for kulde.
«Ser du, pappa», sa dotter mi då eg kom inn. «Du har ikke problem med blodtrykket. Neste gang kan du gjøre alt selv!»
J.H.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.