Der skulle vi ha vore
Det er 24 år sidan Steffen Iversen heada ballen over José Francisco Molina. Ekstrem underprestering, seier Nils Johan Semb om det norske herrelandslaget i tiåra som føgde.
HØGT OPPE: Frå kampen mellom Albania og Spania i EM-gruppe B i Düsseldorf 24. juni. Albanske Berat Djimsiti headar, spanske Joselu ser på.
Foto: Bernadett Szabo / Reuters / NTB
Samtalen
Nils Johan Semb
Tidlegare landslagssjef i fotball
Aktuell
EM i fotball
Samtalen
Nils Johan Semb
Tidlegare landslagssjef i fotball
Aktuell
EM i fotball
peranders@dagogtid.no
Europameisterskapen i fotball går sin gang i Tyskland. Utan Noreg. I 2000 var Nils Johan Semb første norske landslagssjef som deltok i eit EM-sluttspel for menn. Det var òg siste gongen herrelandslaget i fotball var i eit sluttspel. Frå 2009 til 2018 var Semb toppfotballsjef, sidan da har han vore fotballkommentator.
– Eg reknar med at du følger med på fotball-EM. Sit du heime på garden din og ser?
– Eg var så heldig å vere i Tyskland ei veke og fekk sett ein del kampar der. Men no er eg heime. Vent litt! Eg har fått ei skjor inn i huset. Eg ringer deg attende så snart eg har fått ho ut.
Semb legg på, og ringer eit par minutt seinare.
– Fekk du ho ut?
– Eg trur det. Eg ser ho i alle fall ikkje.
– Du har eit stort hus?
– Ja, det er eit svært hus. Eg har ofte dørene opne no på sommaren. Da kan det kome inn fuglar.
– Kven har imponert deg så langt i EM?
– Det er nok særleg Spania. Dessutan har Austerrike overraska meg. Det er som regel ein underdog som overraskar i EM, og det kan hende Austerrike går langt i år. Så har Tyskland vore ganske gode. Men sjølv om meisterskapen er ein skikkeleg folkefest, har ikkje spelet imponert meg veldig mykje. Ein merkar at spelarane er slitne etter ein lang sesong. Kvaliteten i Champions League og Premier League er vesentleg høgare. Landslaga har berre fem samlingar i året, pressa inn i ei tøff terminliste. Da har ein ikkje mykje tid til å utvikle spelet.
– Det engelske landslaget ser ut som om spelarane nett har møtst for første gong.
– England har vore skuffande til å ha så mange stjerner. Men dei har teke seg vidare frå gruppespelet likevel.
– Kva er dei største endringane i fotballen sidan du leidde Noreg i EM i 2000?
– Den største skilnaden er nok at laga spelar på mindre område. Dei er organiserte slik at dei spelar på mindre areal, både i forsvar og i angrep. Når ein skal gjere det, må spelet ha høgare tempo og intensitet, og teknikken må vere betre. Det var større rom i 2000.
– Det tyder at heile laget må flytte seg meir. Da må spelarane vere betre trente?
– Ja, det er dei. Og heile apparatet kring spelarane er meir profesjonelt.
– I 1990-åra hadde både landslaget og Rosenborg ofte eit fysisk overtak på motstandarane. Roar Strand kunne springe sund Real Madrid. Den fordelen har ikkje norske lag lenger.
– Om du ikkje er godt trent i dag, heng du ikkje med. Treningsregima er heilt annleis enn dei var, og støtteapparatet er profesjonalisert både i klubbane og på landslaga. På 90-talet skjedde det mykje rart, også i store engelske klubbar. Dei hadde legar som ikkje kunne idrettsmedisin, og fysioterapeutar med berre 40 timars kurs bak seg.
– I 1990-åra innførte Egil «Drillo» Olsen ein ny spelestil for Noreg, som du bygde vidare på. Kor godt står ideane frå den epoken seg i dag?
– Fleire av elementa står seg godt. Utgangspunktet var eit tett og aggressivt forsvar, som la grunnlaget for effektive kontringar og raske overgangar. Slik spelar mange lag enno. Til og med Real Madrid kan spele slik, til dømes mot Manchester City i vår. Eit anna trekk med den norske stilen var langpasningane, og vi ser framleis lag som driv med det. Jürgen Klopps Liverpool slo lange direktepasningar mot Salah på topp. Pep Guardiola i Manchester City vil ha kortpasningar, men han er òg svært oppteken av å vinne ballen attende høgt i banen. Det siste var ein viktig del av den norske stilen frå 90-talet.
– I 1999 vann laget ditt ni kampar på rad. De kom til EM i 2000 rangert som det sjette beste landslaget i verda. Dette er ikkje lett for unge folk i dag å sjå for seg, når landslaget er rangert på 46. plass?
– Det kan vere. Men det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at Noreg skal kvalifisere seg til ein meisterskap igjen. Da vi kvalifiserte oss i 2000, var det 16 lag i EM. I år er det 24, og det kan bli 32 lag. I neste VM blir det 48 lag. Da Noreg kvalifiserte seg til USA-VM i 1994, var det berre 24 lag i sluttspelet. Det er lettare enn før å kome med.
– Vi var godt vande. I 1998 trente du eit U21-lag som tok bronsemedalje i EM etter å ha slege Nederland i bronsefinalen.
– Ja, det var mykje som såg bra ut. Vi tapte semifinalen på sudden death mot Spania, som seinare vann finalen over Hellas. Dessverre vart det ikkje så mange frå det U21-laget som prega landslaget seinare.
– Men kvifor har ikkje Noreg vore med i eit sluttspel på 24 år?
– Over så lang tid er det ei ekstrem underprestering som nasjon. Vi har vore i posisjon til å klare det fleire gonger. I 2007 var Åge Hareide nær ved å ta landslaget til EM, men vi tapte mot Tyrkia på Ullevaal. I 2015 var det playoff mot Ungarn, vi trudde det skulle gå, men det vart tap. I 2022 hadde vi sjansen mot Serbia i Nations League, men klarte det ikkje. Kvifor har vi ikkje vore gode nok? Svaret på det er nok samansett. Men utgangspunktet no er bra. Noreg har spelarar som er i verdsklasse, Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard.
Det handlar om å optimalisere spelet sitt ut frå det mannskapet ein har.
– Med slike stjerner, kvifor kjem ikkje Noreg seg til sluttspel?
– Spørsmålet er forståeleg. Og det skal seiast at Martin og Erling – og Alexander Sørloth, som har blitt ganske stor i Spania – har vore gode på landslaget. Problemet har vore at landslaget har sleppt inn mange mål og ikkje har vore effektive nok på eigne sjansar. Herrelandslaget er i dag litt ujamt. På 90-talet hadde vi fleire gode forsvarsspelarar enn i dag.
– Kvifor er det færre av dei gode forsvarsspelarane?
– Noko var kanskje Barcelona-sjuka. På 2000-talet ville veldig mange trenarar og spelarar ta etter den offensive stilen til Barcelona. Så har Noreg fått mange kunstgrasbanar, som favoriserer teknisk gode, offensive spelarar.
– Om du sklitaklar på kunstgras, får du brannsår.
– Ja, på kunstgras må du halde deg meir på beina. Det er vanskelegare å gå hardt inn i duellane, og det kan vere ein faktor. Men det er ingen veg attende til grasbanar i Noreg.
– Andre landslag har òg svake ledd?
– Ja. Mange landslag kompenserer for veikskapane sine med sterke kollektiv og ein spelestil som er effektiv for dei. Den norske stilen no er ambisiøs. Landslaget prøver ofte å dominere kampar med ball.
– I årets EM finn du landslaget frå Slovenia, eit land med 2 millionar innbyggarar, og frå Albania, som har 2,8 millionar. Kroatia, eit land med 3,9 millionar innbyggarar, har spela VM-finale. Dette handlar ikkje om folketal?
– Nei, det gjer jo ikkje det. Det handlar om å optimalisere spelet sitt ut frå det mannskapet ein har. Stjernene til Noreg fungerer godt i landslaget no, men det gjeld å få kollektivet til å bli best mogleg.
– I 1990-åra var det norske landslagsteamet langt framme på kvantitativ analyse. Det forspranget er borte?
– Det er ikkje så rart. Veldig få dreiv med slik analyse i fotball da. Drillo og miljøet ved Noregs idrettshøgskole var blant dei aller første. Vi brukte tal og kvalitativ analyse for å gje tilbakemeldingar til spelarane. Dei gode resultata fekk andre til å bli interesserte i Noreg. Medan eg var landslagssjef, kom mellom anna Horst Hrubesch frå det tyske landslagsteamet til oss for å lære. Det er naturleg at forspranget vart ete opp.
– Noreg under Ståle Solbakken slår som regel svake lag. Skilnaden frå gullalderen er at landslaget ikkje slår dei sterke laga lenger?
– Ja. Når landslaget i mi tid spelte mot svake lag, heldt vi ballen på deira halvdel nesten heile tida og bombarderte dei med innlegg. Mot dei sterke låg vi lågare og satsa på overgangar. Om du legg saman periodane til Drillo og meg, slo vel landslaget alle dei store fotballnasjonane minst éin gong. Det er framleis mogleg å klare slikt. Men kanskje ikkje med heilt dei same verkemidla som da.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.