Stadig færre tvangsreturar frå Tyskland
CDU-partileiar Horst Seehofer er oppteken av at vedtekne utvisingar blir gjennomførte.
Foto: Hannibal Hanschke / Reuters / NTB scanpix
At saka kring Sami A. for alvor er blitt del av storpolitikken i Tyskland, har samanheng med den pågåande maktkampen mellom toppane i dei to kristendemokratiske partia i landet: forbundskanslar og CDU-partileiar Angela Merkel og innanriksminister og CSU-partileiar Horst Seehofer. Bayerske Seehofer går inn for ein strengare asylpolitikk enn den systerpartiet står for; særleg oppteken er han av at vedtekne utvisingar de facto blir gjennomførte. Tvangsreturen av Sami A. er blitt ei prinsippsak for han når det gjeld det sistnemnde – ved fleire høve han uttalt at «mitt mål er å få gjennomført utvisinga», og at han «vil ta seg av denne saka».
Frå 2015 til i dag er halvannan million flyktningar og migrantar komne til Tyskland. Ifylgje tal som det tyske nyhendemagasinet Cicero publiserte denne veka, er prosentdelen av asylsøkjarar som får innvilga opphald, blitt halvert dei tre siste åra og ligg no på 32 prosent. Men berre kvar fjerde som har fått endeleg avslag, blir faktisk utvist – ei rekkje klageordningar gjer det mogleg å få utsett utvisinga mellombels. Og sjansane er gode: 44 prosent av dei som anka i fjor, vann fram. I tillegg lever mellom 200.000 og 500.000 illegalt i landet, ifylgje tal organisasjonen Pro Asyl la fram denne månaden.
Statistikken til Bundeszentrale für politische Bildung, ein føderal institusjon som er underlagd det tyske innanriksdepartementet, syner at talet på tvangsreturar av asylsøkjarar med endeleg avslag er gått noko ned dei siste åra. I forfjor var det drygt 25.000, i fjor kring 24.000. Dei førebelse tala Bundespolizei, det føderale politiet i Tyskland, har lagt fram for fyrste halvdel av 2018, tilseier at det i år kjem til å bli kring 23.000. Brorparten av desse går til Balkan-land. Det diskusjonen i Tyskland har dreidd seg mest om, er tvangsreturar til Afghanistan. Derfrå blei det i 2015 og 2016 registrert 158.000 asylsøkjarar. Tvangsreturane til dette landet i 2016 og 2017 utgjorde mindre enn 1000 til saman.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.