Stadig større konflikt i SSB
Måndag vart Statistisk sentralbyrås kanskje mest kjende økonom, Erling Holmøy, fråteken tittelen som forskar.
Slik ser den nye makta i SSB ut. Christine Meyer omorganiserer SSB fundamentalt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix
SSB
jon@dagogtid.no
På SSBs heimesider kan vi lese dette om kva som er føremålet med SSB: «Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovedansvaret for å dekke behovet for statistikk om det norske samfunnet. Offisiell statistikk er nasjonens felles faktagrunnlag og viktig for et levende demokrati. Statistikk skal speile samfunnet og vise utviklingstrekk for befolkning og levekår, økonomi, miljø og næringsvirksomhet.»
Ein av dei som har utarbeidd mest nye resultat basert på modellutvikling og analyser, særleg om omsorg, produktivitet, pensjon og innvandring, er Erling Holmøy – ein av SSBs mest kjende økonomar og forskarar og den som truleg har levert flest analysar til Finansdepartementet i dei seinare åra. Eller rettare sagt: forskar hev vore. Måndag fekk den tidlegare forskingsleiaren nemleg melding frå den nye leiinga om at han er avsett som forskar og skal omplasserast til ei anna avdeling enn forskingsavdelinga.
Då avsettinga vart kjend mellom norske økonomar, kom det ein del frustrasjon til uttrykk på sosiale medium. Torbjørn Eika, som også er tidlegare forskingsleiar og ansvarleg for konjunkturanalysar i SSB, gjekk før i år over til ny stilling som sjeføkonom i KS. Det gjorde han grunna alle dei varsla omorganiseringane i nett SSB. Som Eika sa til Dagens Næringsliv då han bytte arbeid: «Jeg er litt bekymret for utviklingen i SSB på flere måter. Det som bekymrer mest, er manglende vektlegging av det viktige samfunnsoppdraget det er å utarbeide og formidle analyser og prognoser over økonomisk utvikling – som arbeidsverktøy for forvaltningen og andre. Slik sett er det kanskje litt feigt å forlate byrået nå. Jeg har ingen tro på at mange publiseringer i fremstående forskningstidsskrifter er viktig for å lage gode modeller og prognoser for utviklingen i norsk økonomi.»
Lågpunkt
På Facebook sa han dette no tysdag om avsettinga av Holmøy: «Dette er intet høydepunkt i SSBs historie». Professor og samfunnsøkonom Rasmus Espen Moen ved BI uttrykte seg endå enklare: «Jeg er i sjokk.» Lista over leiande norske samfunnsøkonomar som uttrykte seg kritisk om avsettinga av Holmøy, vart etter kvart lang. Sjølv sa Holmøy dette til Nettavisen: «Jeg er lei meg og sint. Dette er urimelig.» Og på spørsmål om innvandringsrekneskapen som Holmøy har utarbeidd, var ein av grunnane til at han vart fjerna, svarte han slik: «Det er på det rene at deler av ledelsen er skeptiske og kritiske til mine analyser. Det inkluderer SSB-sjef Christine Meyer.»
Ein av Noregs mest sentrale makroøkonomar den siste generasjonen uttrykker det slik til underskrivne:
– Holmøy har arbeidd med aktuelle økonomisk-politiske spørsmål, pålagde av SSB etter at Finansdepartementet har peika ut disse spørsmåla som særleg viktige: produktivitet og berekraft i offentlege finansar, som vel må vere dei viktigaste spørsmåla for eit finansdepartement. Det vert han no straffa for, og han må kjenna seg ført bak lyset. Har forskingsdirektør Kjetil Telle og administrerande direktør Meyer nokon gong vore sentrale i slike samfunnsoppdrag? Finansdepartementet bad i 2016 SSB legge fram ein dokumentasjon av berekningane av offentlege finansar som skulle lagast for Brochmann-utvalet. Han ligg ikkje føre, men det kjem ikkje av sommel frå Holmøy. (Telle har så langt ikkje godkjent Holmøys dokumentasjon, red. merk.) For å seia det kort: Degraderinga av Holmøy er eit særs uheldig resultat av den prosessen Meyer og Telle no driv.
Meyer for innvandring
Men kvifor kan Holmøy og mange med han seia at dette mellom anna handlar om innvandringsrekneskapen? Vel, Christine Meyer har sagt at om ho hadde vore SSB-sjef då Finansdepartementet på vegner av Brochmann-utvala tinga ein innvandringsrekneskap, hadde ho sagt nei til oppdraget. I mars i år sa ho at denne rekneskapen var eit «sårt punkt» for henne, og då ho vart tilsett som SSB-sjef i 2015, svarte ho dette på spørsmål frå Dagsavisen om kva ho ville gå i demonstrasjonstog for: «Å sikre at vi fortsatt har innvandring til Norge.» Ho tykte at det var «grusomt» at sentrale norske politikarar åtvara kommunane mot å taka mot mange flyktningar. Den som åtvara kommunane, var elles sjefen hennar, Siv Jensen.
Leiinga i SSB avviser sjølvsagt at omplasseringa handlar om temaval frå Holmøys side. Til Minerva fortel Telle at dette handlar om forskingspublisering på høgste nivå, altså i forskingstidsskrift som vert definert som «nivå 2». I tillegg seier han at vedtaket får konsekvensar for 25 andre tilsette i SSB: «SSBs ledergruppe vedtok tidlig i september å redusere antall medarbeidere på forskningsavdelingen fra om lag 75 til under 50.» Holmøy er med andre ord ikkje den einaste som vert omplassert, men han er truleg den av forskarane som no mister stillinga, som har produsert mest, særleg innanfor langsiktige utviklingstrekk i markoøkonomi og offentlege finansar.
Kriteriet om publisering på nivå 2 vart sett opp i august i år. Det er rett at Holmøy dei siste åra ikkje har publisert forsking på slike nivå dei siste åra, men som han sjølv peiker på, kriteria er gjevne «tilbakevirkende kraft». Dessutan er det andre som ikkje har publisert i slike tidsskrift, som likevel får halda fram i stillinga som forskar. Holmøy har tidlegare publisert i internasjonale topptidsskrift, men dei siste åra har Holmøy vorte pålagd av den førre leiinga i SSB å både utarbeida innvandringsrekneskap og gje talgrunnlag for Finansdepartementet til både Perspektivmeldinga og Produktivitetskommisjonen, og han har nytta all si tid på dette. Dessutan er det avgrensa interesse for nasjonale makroproblemstillingar i internasjonale økonomitidsskrift. Ein innvandringsrekneskap for USA gjev til dømes heilt andre offentlege kostnader enn i Noreg sidan USA har mykje lægre velferdssytingar.
Mikroøkonomi
Det som det derimot er stadig høgre interesse for der ute, er ålmenn åtferd, altså framferd som manifesterer seg på tvers av nasjonsgrenser. SSB har etter kvart fått store databankar og såkalla registerdata om til dømes klassestorleik og inntekt seinare i livet. Eit funn forskarar i SSB har fått publisert i gode internasjonale tidsskrift, er at det er ingen samanheng mellom klassestorleik og livsinntekt. Slike funn er mykje meir interessante for internasjonale forskarar enn at forsking på velferdsstatens berekraft for Finansdepartementet syner ei stor underdekking i 2060. Men det siste er som nemnt ein del av føremålsparagrafen til SSB, som altså har som føremål å produsera statistikk om det norske samfunnet.
No ser det ut som dei såkalla mikroøkonomane, som forskar på grunnleggjande menneskeleg åtferd, har vunne over makroøkonomane, som lagar modellar for konjunkturar, skatteinngang og finanspolitikk. Men i tildelingsbrevet frå Finansdepartementet bed dei SSB om å konsentrera seg om makroøkonomi. Spørsmålet vert no dimed kva Finansdepartementet vil gjera. Det same Finansdepartementet har sett ned eit statistikklovutval som til jol skal koma med ei innstilling om korleis ein skal regulera SSB og kva SSB skal forska på. Likevel har leiinga i SSB no omorganisert byrået og – om ein skal tru mange økonomar – svekt makromiljøet. Finansdepartementet vert leia av Meyers føregjengar Hans Henrik Scheel. Då han var leiar av SSB, la han sterk vekt på at makroforsking skulle verte prioritert.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Statistisk sentralbyrå (SSB) har hoved-
ansvaret for å dekke behovet for statistikk
om det norske samfunnet.»
SSBs føremål
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.