Startar ny kamp mot EU
Senterpartiet stiller EU-ultimatum om kraft. Men det har ingenting med meiningsmålingane å gjere, seier Per Martin Sandtrøen (Sp).
Foto: Javad Parsa / NTB
Samtalen
Per Martin Sandtrøen
stortingsrepresentant
for Senterpartiet
Aktuell
Sp avviser å innføre EUs fjerde energimarknadspakke.

eva@dagogtid.no
Sp stiller EU-ultimatum, kunne vi denne veka lese i Klassekampen. Avisa siterte Sps stortingsrepresentant Per Martin Sandtrøen, som sa at partiet ikkje kan sitje i ei regjering som vedtek EUs fjerde energimarknadspakke.
Standpunktet i seg sjølv er kanskje ikkje overraskande. Sp kjempa mot innføringa av EUs tredje energimarknadspakke, som gjorde Noreg til del av den europeiske energiunionen og flytta makt til Brussel gjennom at Noreg knytte seg til energiregulatorbyrået Acer. Og den fjerde energimarknadspakken inneber tettare integrering i energiunionen og ei utviding av makta til Acer. Men kvifor kjem Sp med eit slikt ultimatum no?
– Bakgrunnen for utspelet mitt var at RME (Reguleringsstyresmakta for energi i NVE, journ. merk.) nyleg slo fast at regelverket i EUs tredje energimarknadspakke nektar oss å innføre eksportrestriksjonar på straum for å sikre ein lågare straumpris. Vi kan berre avgrense eksporten om det krevst av omsyn til forsyningstryggleiken. Då vi diskuterte Acer og tredje energimarknadspakken vinteren 2018, vart Sp forsøkt latterleggjort fordi vi åtvara om at regelverket kunne ha noko å seie for straumprisen, seier Per Martin Sandtrøen.
– Men vi har alt innført det regelverket og er ein del av Acer. Kva ved den fjerde energimarknadspakken vil eskalere denne situasjonen?
– Hovudpoenget mitt er at no ser vi konsekvensane av å overføre meir makt til EU på energiområdet. Då må vi i alle fall ta lærdom av dei og ikkje gje vekk endå meir makt, som den fjerde pakken definitivt vil føre til. Eit lite belyst poeng med både energiunionen og oppdraget til Acer er at føremålet med begge er å fremje ein fullt integrert intern energimarknad i Europa. Og i ein felles energimarknad vert òg prisen felles. Senterpartiet ønskjer derimot lågare straumpris i Noreg.
– Men kva konkret vil gjere situasjonen verre om vi innfører den fjerde energimarknadspakken?
– Den eine forordninga vil tvinge oss til å setje av 70 prosent av kapasiteten i mellomlandskablane til disposisjon for eksport, til dømes. I tillegg inneber regelverket ei utviding av bøteleggingskompetansen til Acer og RME, og at unntakshøva til å bruke delar av flaskehalsinntektene til å redusere nettleiga i Noreg vert endå meir avgrensa.
– Noreg brukte ti år på å ta stilling til og innføre den tredje energimarknadspakken frå EU, og det er per no ikkje kjent kva tid regjeringa og Stortinget skal ta stilling til den fjerde pakken, som EU vedtok i 2019. Er det noko som tilseier at dette kjem til å skje i denne stortingsperioden?
– Leiaren for energikomiteen på Stortinget, Marianne Sivertsen Næss i Ap, seier det er for tidleg å seie når saka kjem til behandling. Eg har ikkje annan informasjon enn det, men delar av lovverket er alt sendt ut på høyring. Det vart gjort av førre regjering, og Høgre seier no at dei ønskjer den fjerde energimarknadspakken innført så raskt som mogleg. Det støttar vi ikkje.
– At utspelet kjem no, har kanskje òg å gjere med at Sp nærmar seg sperregrensa på meiningsmålingane?
– Nei, det har det ikkje. Eg har vore oppteken av nasjonal kontroll i energipolitikken heile tida, og no skal vi bruke posisjonen vi har etter eit historisk godt val, til å hindre at vi gjev frå oss meir makt til EU.
– Kor mykje trur du kraftsituasjonen og straumprisane har å seie for det store fallet Sp har hatt på målingane?
– Det er vanskeleg å vite, men det er klart at det skapar mykje frustrasjon og problem for både bedrifter og enkeltpersonar når straumprisane aukar slik dei har gjort.
– Sjølv om de gjekk imot den tredje energimarknadspakken, var det ei Sp-regjering som la grunnlaget for utbygginga av utanlandskablane som har gjort den store kraftutvekslinga mogleg. Har ikkje de like mykje skuld i dagens kraftsituasjon og høge straumprisar som EU-regelverket?
– Nei. Sist vi sat i regjering, stoppa vi fleire kablar. Det var Høgre og Frp som i regjering gav konsesjon til dei to siste kablane, men nesten alle partia i Noreg ber eit medansvar for at desse kablane vart lagde. Diskusjonen no handlar derimot ikkje fyrst og fremst om kor vidt vi skal byggje ut nye kablar eller ikkje, han handlar om korleis vi brukar og styrer kablane som alt er bygde ut.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Nesten alle partia i Noreg ber eit medansvar for at kablane vart lagde.
Fleire artiklar
Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.
Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records
Praten flyt lett
Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.
Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.
Foto: Chess.com
Skandaleduellen
«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Klår kulokk
Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.
Gulrotsuppe med eit dryss graslauk og olivenolje.
Foto: Dagfinn Nordbø
Suppehimmelen
«Eg skjønar meg ikkje på kakebakst, for oppskriftene er så biskopstrenge, dei har lite slingringsmon for kreative påhitt.»