Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Staten er lønsleiar

Modellen for norsk lønsdanning slår sprekkar. Offentleg sektor dreg frå, og industriarbeidaren vert hengande etter.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
NTB scanpix var ikkje til stades då TBU la fram rapporten om lønsutviklinga for 2019. I fjor var det Ådne Cappelen som la fram rapporten. Han erstatta Christine Meyer, som ikkje ville vera med i utvalet.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

10636
20200221

Bakgrunn

Løn

I fjor auka realløna for ein gjennomsnittsnordmann med 1,2 prosent.

I industrien var reallønsauken på 0,8 prosent, i staten 1,5 prosent.

Offentleg sektor har fått klart størst auke dei siste fem åra.

jon@dagogtid

Om Erna Solberg som farao hadde hatt ein Josef då ho tiltredde, hadde ho truleg vorte deprimert. For då kunne Josef ha fortalt henne at veljarane stod framføre sju magre år: Realløningane skulle stå stille eller gå ned for fleirtalet av det norske folk. Men no er trenden broten. Denne veka kom Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) med ein rapport om lønsdanninga i fjor. Løningane gjekk samla opp med 3,5 prosent, og i gjennomsnitt gjekk realløningane, vekst i nominell løn minus inflasjon, opp med 1,2 prosent, og TBU trur at trenden skal halda seg i år.

TBU er ei smått genial norsk oppfinning. Når det vert tinga om løn i andre land, går svært mykje av tida med til å krangla om kva lønsutviklinga har vore det førre året. Kven fekk mest, kven fekk minst, og kva var gjennomsnitts- og medianløna? Slik er det ikkje i Noreg. I over femti år no har partane i arbeidslivet under leiing av sjefen for Statistisk sentralbyrå (SSB) kvart år gått saman og rekna ut korleis lønsutviklinga har vore. Når partane deretter set seg saman og tingar, er alle samde om korleis lønsutviklinga var i fjor og dei føregåande åra.

Meyer var unnataket

Under Høgres Christine Meyer kom det rett nok ei endring. Ho sa frå seg vervet, uvisst av kva grunn, men at ho var siviløkonom og ikkje samfunnsøkonom, som SSB-sjefen alltid plar vera, kan kanskje vera ein av grunnane. Men no er ein tradisjonell samfunnsøkonom på ny i leiinga, for både SSB og TBU. Han heiter Geir Axelsen, ein mann knapt nokon har høyrt om. Og godt er truleg det.

Mange påstår at det finst om ikkje ein særmerkt norsk modell, så ein særmerkt nordisk modell for lønsdanning. Vår versjon går attende til kriseforliket mellom arbeidarrørsla og Bondepartiet i 1935. Då gjekk Noreg frå å vera eit av dei mest streikeplaga samfunna i Europa til å verta eit av dei minst streikeplaga. I røynda fekk vi berre to aktørar som avgjorde lønsutviklinga, Arbeidsgjevarforeininga, det no utvida NHO, og Landsorganisasjonen, LO. Der til dømes Frankrike har ei rekkje små fagforeiningar som ikkje snakkar med kvarandre og tyr til streik for eit vondt ord, skal NHO og LO fortelja alle dei andre kvar skapet skal stå.

Industriarbeidaren

Fremst mellom likemenn er industriarbeidaren i konkurranseutsett sektor. Det er han, ja, det stort sett ein han enno, som avgjer kva alle andre skal få. Slik må, eller måtte, det vera av di industriarbeidaren var avgjerande for den norske velstanden. Den som eksporterer, er nemleg den som gjev deg og meg høve til å kjøpa importvarer. Om vi andre stadig får høgre løn enn industriarbeidaren, vil verksemdene i konkurranseutsett sektor måtta tilby høgre løn enn dei i røynda har råd til. Skjer det, vert eksporten råka, og verksemdene går til slutt konkurs. Den nordiske modellen handlar enkelt og greitt om at alle må vera samde om å halda på den internasjonale konkurransekrafta. Auka velstand kan til sjuande og sist berre handla om at verksemdene som konkurrerer på verdsmarknaden, vert stadig meir produktive.

Modellen har vore forunderleg robust, og det til og med etter at vi fann olje, som har gjeve norsk produksjon ein særfordel på den internasjonale marknaden. Olje er nemleg eit produkt som langt på veg er uavhengig av produktivitet. Olje er eit knapt gode som får ein mykje høgre pris enn stort sett alt anna målt etter arbeidsinnsats. Oljen har forbetra det norske bytetilhøvet med utlandet dramatisk. Dimed har vi på fastlandet kunna laga langt færre industrivarer og i staden importera mykje meir. Det er mykje difor vi i Noreg har eit så særmerkt høgt lønsnivå. Ein medianbrite er ikkje så ulik ein nordmann i kultur og utdanningsnivå, men han har berre halvparten av løna til ein mediannordmann.

Samanpressa struktur

Trass i oljen har løningane i Noreg likevel halde fram med å vera samanpressa. Dei 210.000 industriarbeidarane vi har att på fastlandet utanom oljesektoren, har i høg grad makta å dominera lønstingingane, ein modell alle regjeringar har uttrykt ynske om å halda på gjennom det såkalla trepartssamarbeidet. I Noreg skal staten, LO og NHO styra lønsutviklinga, og det syner att på tala. Så lat oss ramsa dei opp: I industrien var gjennomsnittsløna for eit årsverk 625.000 kroner, i varehandelen var løna 541.900, i finans var ho 689.800, mellom statstilsette 612.200, i kommunesektoren 534.600 og i helseføretaka 615.300 kroner i 2019.

Rett nok ser vi at finans ligg eit stykke føre dei andre sektorane, men i dei fleste andre land ligg finans mykje lenger føre alle andre. Og ja, kommunetilsette ligg eit stykke bak andre, men det igjen handlar mykje om at kommunesektoren er den suverent største arbeidsgjevaren for lågt utdanna arbeidskraft i distrikta. Kommunetilsette har relativt sett mykje høgre løn enn dei skulle ha hatt om vi samanlikna norske løningar med det dei fleste andre OECD-land har.

Sprekkdaning

Så ja, den norske lønsstrukturen er framleis samanpressa. I det minste eit stykke på veg. For når vi snakkar om industriarbeidarar, snakkar vi tradisjonelt ikkje om funksjonærsjiktet, vi snakkar om han eller ho som står på golvet og lagar varene som vert produserte. Dei har i grunnen ikkje lenger ei særleg god løn. Dei tente i 2019 496.400 kroner. Det er sjølvsagt ikkje noka dårleg løn, men ho har byrja å verta dårlegare samanlikna med tilsette i offentleg sektor. For dei siste fem åra, medan konkurranseutsett sektor reelt sett har gått ned i løn, har offentleg sektor vore vinnarane i lønsoppgjera. Regjeringa har, sjølv om ho har lova å halda på trepartssamarbeidet, gjeve eigne tilsette ei betre lønsutvikling enn dei tilsette i privat sektor. I fjor auka realløningane til statstilsette med 1,5 prosent, i industrien var reallønsveksten på 0,8 prosent.

Gjennomsnittsløna for statstilsette er no altså på 612.000 kroner, ja, det er mange høgt utdanna i statleg sektor. Men dei har i tillegg noko som dei tilsette i privat sektor ikkje har, ei god pensjonsordning. I gjennomsnitt får offentlege tilsette eit påslag på løna i form av pensjon på 16 prosent (i røynda endå meir i statleg sektor). Om vi går ut frå at ein tilsett i statleg sektor ligg på gjennomsnittet for pensjon, er den reelle løna på 710.000 i året. I industrien, derimot, vert det berre sett av 4 prosent til pensjon på toppen av løna. Det utgjer berre 20.000 i året for ein industriarbeidar. Dimed vert gapet mellom ein statstilsett og ein industriarbeidar knapt 200.000 i året, og dette gapet har altså utvida seg dei siste fem åra.

Lønsfest for leiarar

Verst eller best, alt etter korleis ein ser det, har utviklinga vore i leiarløningar i staten. I fjor gjekk realløningane for leiarar i privat sektor opp med 0,6 prosent, i offentleg sektor var auken på 1,5 prosent for den same gruppa. Ein gjennomsnittleg administrerande direktør i industrien fekk 1.168.000 kroner, og om vi ser på alle næringar i privat sektor, var gjennomsnittsløna for ein administrerande direktør 972.000. I offentleg sektor låg løningane for toppane i gjennomsnitt på 1.133.000. Under Erna Solberg har leiarane i offentleg sektor gått forbi leiarane i privat sektor, og dei er åt å taka att direktørane i industriverksemdene. Om vi tek med pensjon, er leiarane i offentleg sektor alt langt forbi leiarane i industrisektoren.

Det er langt frå sikkert at denne utviklinga vil halda fram, men det vi kan slå fast, er at det under Solberg har vorte meir freistande for både leiarar og tilsette i konkurranseutsett sektor, særleg industrien, å gå frå privat til offentleg sektor. No er sjølvsagt ikkje det heilt enkelt, for skilnadene i arbeidsoppgåver og kompetanse er i utgangspunktet stor, men målet med den norske modellen er å halda oppe konkurransekrafta over tid. Og skal vi få til det, må dei heilt unge som skal ut i arbeidslivet, medvite velja å gå inn i industrien. Stadig fleire bør gå inn i landbaserte eksportverksemder i takt med at oljesektoren krympar, noko han etter alt å døma vil gjera i tiåra framover. Men kor sannsynleg er det når du som ung veit at du får like godt eller betre betalt i offentleg sektor, og samstundes veit at trygdene og pensjonane der er langt betre enn i industrien?

Den vanskelege oljen

Ser vi på det store biletet, er utviklinga ikkje uventa. Innføringa av oljepengar i Fastlands-Noreg har vore enorm dei siste femten åra, særleg etter finanskrisa, som Oljefondet tente stort på. I den fyrste fasen, etter at Aust-Europa kom med i EU, gjekk det auka konsumet som oljeprisen gav høve til, i hovudsak til ufaglært sektor, tenesteyting og byggsektoren. All vekst i arbeidsplassar under Stoltenberg II gjekk til utlendingar. Den andre fasen, i hovudsak under Solberg, har vore prega av auka offentleg konsum, som har ført til ei vandring frå privat sektor til offentleg sektor. Båe trendane set industrien og konkurranseutsett sektor på fastlandet i ein skvis.

Samla er det slik at når vi vekslar inn stadig meir dollar i norske kroner, anten i form av oljeeksporten direkte eller via Oljefondet, går behovet vi har for andre kjelder til internasjonal valuta, ned. I praksis inneber dette at vi skal verta færre industriarbeidarar og færre eksportørar og fleire tilsette i tenesteyting og i offentleg sektor. Det gjev stadig meir makt til den delen av LO som organiserer offentlege tilsette, og mykje mindre makt til Fellesforbundet, som organiserer industriarbeidarane.

Når det er sagt: Ein slik trend må ikkje føra til at offentleg sektor skal vera lønsleiande. Det var ikkje ei naturlov at Erna Solberg måtte auka løningane i statleg sektor meir enn det privat sektor hadde råd til å gje. TBU kan også fortelja at funksjonærsjiktet i industrien har gått mykje ned dei siste åra. Når privat sektor maktar dette, kan truleg offentleg sektor òg få til noko liknande. I staden har Solberg auka talet på tilsette i statsforvaltinga.

Det er elles ei gruppe i offentleg sektor som er konstante taparar i lønsoppgjera, og det er lærarane, som har hatt den lægste lønsutviklinga av alle dei store forhandlingsområda. Det kan rett nok koma av at dei har vorte stadig fleire lærarar per elev, noko både staten og fagforeiningane har vore samde om er rett. Men når det vert fleire å dela på, vert det mindre til kvar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er elles ei gruppe i offentleg sektor som er konstante taparar i lønsoppgjera, og det er lærarane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis