Statkraft i spagaten
Staten har vore ein ekstremt vinglete eigar i Statkraft. Selskapet er pålagt oppgåver som vanskeleg lèt seg sameine.
Illustrasjon av den planlagde havvindparken på britiske Doggerbank. Etter at stortinget fjerna fem milliardar av eigenkapitalen til Statkraft i 2015, måtte selskapet trekkje seg ut av prosjektet. Foto: Alan O’Neill, Statkraft
Foto: Alan O'Neill
Statkraft
Noregs største
straumprodusent
Europas største leverandør av fornybar energi
Hundre prosent statseigd
Driv kraftproduksjon i 15 land
Produserer 66 TWh årleg
Av dette er 69 prosent i Noreg
Har 3800 tilsette

Kraft
peranders@dagogtid.no
Den statseigde kraftprodusenten Statkraft er eitt av Noregs største og viktigaste selskap, og kraftproduksjon er ei verksemd som har stort behov for langsiktig tenking. Men det skulle ein ikkje tru når ein ser kor vilkårleg og vinglete utbytepolitikken overfor Statkraft har vore dei siste åra. Den siste kuvendinga kom da regjeringa la fram revidert nasjonalbudsjett sist veke.
I fjor rekna Finansdepartementet med at Statkraft skulle betale 627 millionar i utbyte til staten i 2017. Så viste det seg, etter årsskiftet, at det etter dagens reglar neppe var grunnlag for utbyte frå Statkraft i det heile i år: Store nedskrivingar i utlandet gjorde at Statkraft-konsernet gjekk litt i minus i fjor.
Men vips: I det reviderte nasjonalbudsjettet førre veke endra regjeringa reglane for utrekning av utbytegrunnlaget. Så kunne Statkraft brått betale 2,4 milliardar i utbyte for 2016, og så går budsjettet opp for regjeringa.
Vingling
Dette er berre den siste i rekkja av bråe vendingar i handsaminga av Statkraft dei siste åra. Dels har vinglinga handla om opportunisme: Når regjeringa slit med å dekkje inn utgiftene på statsbudsjettet, er det alltid freistande å stikke neven ned i kassa til Statkraft. Selskapet er jo i prinsippet folkets eigedom, og står for kring halvparten av vasskraftproduksjonen i Noreg.
Men i tillegg handlar dette om eit underliggande spørsmål om kva Statkraft skal vere: Er dette statens og folkets trauste, trufaste reiskap for å hauste grunnrenta frå dei norske fossefalla? Eller skal Statkraft vere ein internasjonal storaktør i fornybar energiproduksjon, ei drivande kraft i det såkalla grøne skiftet i verdsøkonomien, og ein storspelar som tek risiko i turbulente marknader? Det generelle svaret frå stortingsfleirtalet er eit ja til alt. Men i praksis er det ikkje så enkelt.
Gammal strid
Spenninga mellom dei ulike rollene selskapet har, er gammal. Statkraft driv i dag kraftproduksjon i 15 land, frå Filippinane i aust til Peru i vest, og er den største produsenten av fornybar energi i Europa. Og ønsket til Statkraft-leiinga om å få behalde meir av overskotet i selskapet for å kunne investere meir i andre land, har ført til fleire konfliktar med eigarane. Ikkje minst har det skjedd når eigaren – altså staten – ikkje har følgt sine eigne vedtekne retningsliner. På 2000-talet hadde stortinget vedteke at utbytet frå Statkraft skulle liggje på 50 prosent av resultatet etter skatt, men ofte kom utbytet opp i nesten 100 prosent av resultatet. Styreleiar Terje Vareberg i Statkraft gjekk av i protest i 2004. I 2010 måtte etterfølgjar Arvid Grundekjøn gå etter å ha kritisert utbytepolitikken til næringsminister Trond Giske.
Dei siste åra har staten kravd inn kring 85 prosent av resultatet til Statkraft etter skatt.
Tverrvending
I 2014 verka det som om dei internasjonale vekstambisjonane til selskapet skulle oppfyllast: Da gjekk eit samrøystes storting inn for både å tilføre ekstra eigenkapital og å late Statkraft behalde meir av overskotet til investeringar. Selskapet skulle få auke eigenkapitalen med til saman 10 milliardar kroner. Dermed kunne Statkraft ta opp meir lån, og selskapet varsla nye investeringar for 60 milliardar kroner i utlandet dei neste åra. Mykje av pengane skulle gå til store havvindprosjekt på britisk sokkel, og kursendringa til regjeringa fekk stor applaus frå miljøstiftingane Zero og Bellona.
Men under eit år seinare skifta regjeringa og støttepartia KrF og Venstre meining, og tok attende fem av dei ti milliardane i løpet av budsjettprosessen. Dermed droppa Statkraft dei store satsingane sine på offshorevindkraft. Frustrasjonen til selskapet var lett å skjøne. Det kjennest meiningslaust å bruke tid og krefter på store og langsiktige planer når det finansielle fundamentet brått blir rykt vekk under føtene på deg.
Stabilt utbyte
Den nye tverrvendinga frå regjeringa i revidert nasjonalbudsjett sist veke har derimot blitt godt motteken av Statkraft. Det kan verke pussig, sidan den nye modellen som nemnt inneber at utbytet for 2016 går frå null til 2,4 milliardar kroner.
Men i tillegg til dei rekneskapstekniske endringane, som vi ikkje skal gå inn i her, vil regjeringa òg lage ein ny, todelt modell for korleis staten heretter skal hente utbyte frå Statkraft. Staten skal framleis kunne ta 85 prosent av resultatet frå den norske vasskraftverksemda. Men frå resten av verksemda til Statkraft, som for det meste skjer i andre land, skal den såkalla «utbyteforventninga» vere på berre 25 prosent.
«Modellen vil bidra til at avkastningen fra norske vannkraftressurser kommer fellesskapet til gode. Samtidig vil den gi Statkraft muligheter for videre vekst i den øvrige virksomheten. Utbyttet fra selskapet vil også bli mer stabilt», heitte det i ei pressemelding frå næringsminister Monica Mæland. Om dette går gjennom i stortinget, skal Statkraft i framtida altså få behalde meir av pengane dei tener i utlandet, og bruke desse på nye investeringar. Og selskapet kjenner seg tydelegvis bønhøyrt: “Forslaget til ny utbyttemodell er gode nyheter for Statkraft, fordi det gir Statkraft større forutsigbarhet og dermed blir den strategiske planleggingen også enklere”, skriv konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen i ein epost til Dag og Tid.
Varig deling?
Men dette er neppe enden på soga. Denne todelinga av utbytet kan òg bli eit første steg mot eit meir omfattande deling av Statkraft. Høgre og Framstegspartiet har allereie programfesta ei delvis privatisering av utanlandsverksemda til Statkraft, og i så fall må selskapet delast opp. (Programkomiteen til Høgre gjekk i fjor rett nok inn for å privatisere heile Statkraft, men fekk ikkje partiet med seg på å gå så langt.)
Nikolai Astrup i Høgre har store ambisjonar på eit delprivatisert Statkrafts vegner, og sa til Dagbladet tidlegare i år at selskapet kan bli «en global gigant», om Statkraft berre får tilgang på privat kapital.
Klimakutt
Men det er ikkje berre partia på høgresida som ser fordelar ved ei oppdeling og delprivatisering av Statkraft.
Anders Bjartnes, redaktør for nettmagasinet Energi og Klima, har teke til orde for det same, fordi han meiner eit meir offensivt Statkraft kan bli Noregs største bidrag til å redusere klimagassutsleppa: «Det gjelder enten det er offshore vind i Storbritannia, solenergi i India, eller vannkraft i Tyrkia eller Peru», skreiv Bjartnes i 2015.
Han har òg peika på at ein svært stor del av den norske nasjonalformuen ligg i fossile energikjelder, og han meiner at større investeringar i fornybar energi gjennom Statkraft er ein måte å spreie risiko på.
Historikar Lars Thue, som var med på å skrive det store historieverket om Statkraft, har òg gått inn for ei todeling av selskapet. Men for Thue handlar det meir om defensive årsaker enn offensive: Han har lenge åtvara mot at mykje av grunnrenta frå norske fossefall skulle bli brukt på «risikofylte prosjekter i utlandet», som han skreiv i Klassekampen i fjor.
Høg risiko
Og Lars Thue har utan tvil rett i at investeringar i energibransjen er risikable, ikkje minst i ei tid da energipolitikken rundt i verda er i rask endring og teknologiutviklinga skjer fort. Dei internasjonale erfaringane til Statkraft dei siste 20 åra er inga ublanda solskinshistorie. I fjor måtte selskapet skrive ned verdiane sine med heile 4,7 milliardar kroner, kring halvparten på grunn av dårlege resultat frå gasskraftverk i Tyskland, der kraftprisane har stupt.
I sum kan Statkraft likevel vise til langt betre resultat ute i verda enn det delprivatiserte Statoil kan. Statkraft oppgjev sjølv ei årleg avkastning på 9 prosent på utanlandsinvesteringane sine dei siste 20 åra. No handlar ikkje dette berre om at Statkraft er så flinke til å byggje og drive kraftverk: Ein stor del av det positive resultatet på utanlandsverksemda dei siste 20 åra stammar frå ei investering i svenske Sydkraft, som enda opp med å gje ein vinst på kring 30 milliardar kroner. Men likevel: Samanlikna med Statoils eventyr rundt om i verda har det heilstatlege Statkraft klart seg bra.
Statoil versus Statkraft
Etter privatiseringa fekk Statoil i praksis frie taumar til å investere slik leiinga ønskte, og økonomiprofessor Øystein Noreng har vist at Statoil har hatt eit nettotap på 67 milliardar kroner på utanlandsinvesteringane sine dei siste 15 åra.
Lønsam utvinning på norsk sokkel har blitt brukt til å finansiere mislukka investeringar i mellom anna amerikansk tjøresand og skiferolje. Det er ikkje sikkert at dei strammare statlege taumane på Statkraft har vore berre av det vonde for selskapet.
Den norske statskapitalismen er elles ikkje utan ironiske sider. Eitt av prosjekta som Statkraft har trekt seg ut av på grunn av redusert eigenkapital, er den planlagde havvindparken på britiske Doggerbank. Og kven kjøpte den delen Statkraft ikkje lenger hadde råd til å sitje på? Det gjorde Statoil.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når regjeringa slit med å dekkje inn utgiftene på
statsbudsjettet, er det alltid freistande å stikke
neven ned i kassa til Statkraft.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.