Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Statlege verksemder på jordet

Statlege verksemder skal plasserast sentrumsnært, i tråd med klimamåla.
Men om lag 40 prosent av verksemdene hamnar – ja, på jordet.
Og talet på verksemder utanfor by- og bygdesentrum har auka dei siste åra.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den gamle politistasjonen i Arendal låg midt i sentrum, den nye ligg utanfor. Byggherren var Statsbygg, men vedtaket om plassering vart gjort lokalt hjå politiet.

Illustrasjon: Statsbygg

8230
20180420

Statlege verksemder

Undersøkinga «Statlig lokalisering – hvor og hvorfor» kom ut hausten 2017.

I planretningslinene for samordning av areal og transportplanlegging frå 1993 heiter det at det skal leggjast til rette for at verksemder «kan lokaliseres ut fra en regional helhetsvurdering tilpasset eksisterende og planlagt senterstruktur og kollektivknutepunkter».

I forskingsrapporten blir termane «A- og A2-område» nytta:

A-område er område som «kan forventes å generere minst biltrafikk per ansatt og per besøkende, fordi de har best tilgjengelighet med kollektivtrafikk og flest mennesker boende i gang- og sykkelavstand».

A2-område er definert som indre by eller utviding av sentrum i dei større byane.

Stadutvikling

ronny@dagogtid.no

Det viser ei undersøking som Transportøkonomisk institutt (TØI) har gjennomført på oppdrag frå Statsbygg. Undersøkinga gjeld for perioden 2005 til 2016.

Dei såkalla planretningslinene for samordning av areal og transportplanlegging frå 1993 er tydelege: Arbeidsplassar som staten opprettar, skal gagne miljø og klima. Det skal vera stutt veg til jobb, så ein slepp å bruke bilen og dermed skånar klimaet for ureining. Det handlar òg om det lokale miljøet. Det blir mindre køar av sentrumsnære verksemder. Noreg har klimamål som vi skal nå, og i denne samanhengen bør staten stå fram som eit førebilete. Vona er at private bedrifter skal koma etter.

Undersøkinga viser at 63 prosent av verksemdene og 59 prosent av dei sysselsette var lokaliserte i tråd med retningslinene. Med andre ord er det ei stor gruppe som plasserer seg for langt unna sentrum. Altså 37 prosent av verksemdene og 41 prosent av dei sysselsette.

Og det oppsiktsvekkjande er at denne gruppa har vorte større: Tala for perioden 2005 til 2010 viser større vilje til å lokalisere verksemder i sentrumsnære område enn for perioden 2011 til 2016. Grafen ved sida av illustrerer dette godt. I 2006 vart 41 prosent av nye statlege verksemder og sysselsette plasserte utanfor eit bysentrum, i 2015 var det 60 prosent.

Ein kan spørja kva som er sentrum og periferi. Undersøkinga brukar termane A-område og A2-område for sentrum. I denne artikkelen nyttar eg enklare omgrep: by- og bygdesentrum. Sjå forklaringa på dei tekniske termane i faktaboksen.

Undersøkinga går rett inn på debattar rundt omkring i Noreg, ikkje minst når det gjeld sjukehus, som har fått store oppslag i media, men dette gjeld òg andre statlege arbeidsplassar, som politihus, skattekontor og vegvesen.

Debatt om sjukehusa

Sjukehusdebattane er kjende. Dei kan ofte vera emosjonelle og opprivande. Vi kjenner til striden om nytt felles sjukehus for Møre og Romsdal. Der vart det til slutt vedteke å plassere sjukehus på Hjelset utanfor Molde, til forarging for Kristiansund. For tida går det føre seg ein strid om eit nytt Mjøs-sjukehus, eit sjukehus for Innlandet. Skal det plasserast ved Mjøsbrua, eit stykke utanfor byane eller i ein bykjerne? Det er òg debatt om eit nytt sjukehus for Helgeland.

– No har Veileder for tidligfasen i sykehusbyggprosjekter kome. Han inneheld klåre retningsliner for lokalisering av nye sjukehus. Eg vonar det vil få effekt på sjukehusdebattane i framtida.

Det seier forskingsleiar Aud Tennøy ved TØI. Ho er ein av bidragsytarane til rapporten om lokalisering av statlege verksemder.

Om det ikkje skaper framsider i media, gjeld denne debatten òg andre statlege verksemder. I forskingsprosjektet tok forskarane føre seg tre enkeltdøme. Eitt av dei er politihuset i Arendal, som stod ferdig i 2016. Arendal kommune er ein av dei kommunane som har vore mest oppteken av sentrumsnær lokalisering av bedrifter og verksemder. Det har artiklar i denne avisa om den kontroversielle utbygginga av Barbu prova.

Den nye politistasjonen har hamna 2,4 kilometer unna Torvet i Arendal i luftline, men med ein køyreavstand på kring 5 kilometer. Ei alternativ tomt fanst i sentrum, men ho vart vraka fordi det ville medført ei dobling av kostnadene. Mange i kommuneadministrasjonen var usamde, men det kom ingen fråsegner eller klager på saka, korkje frå kommune, fylkeskommune eller fylkesmann, står det i rapporten.

Den sistnemnde er statens representant, han skulle vel ha visst betre. I dette tilfellet var det politiet lokalt som tok det endelege valet om lokalisering.

«Svakt og tragikomisk»

Undersøkinga frå TØI kom hausten 2017. Men nye lokaliseringssaker viser at ho har stor aktualitet, ikkje minst som fylgje av kommune- og fylkessamanslåingar. I januar i år kom nyhenda om at Skatt sør har valt eit nybygg ved E18 ved Fokserød som lokale. 45 medarbeidarar skal flyttast ut av Larvik og Sandefjord og inn i nybygget. Bygningen ligg på det som nesten kan kallast eit vegkryss, med 7,9 kilometers køyreavstand til Sandefjord og 24 kilometers køyreavstand til Tønsberg.

Bygget det er tale om, blir presentert som moderne og energieffektivt. Men hjelper det når folk er buss- og bilavhengige for å koma dit? I denne saka vart det debatt i lokalpressa: Fylkesordførar Rune Hogsnes sa dette til Sandefjord blad i januar: «Jeg mener saken om lokalisering av Skatt sør er et eksempel på at staten gir et dårlig signal. Dersom vi i Vestfold skal tillate oss å gi føringer overfor næringslivet, bør det offentlige gå foran med gode eksempler. I denne saken skjer ikke det.» Ordførar i Sandefjord, Bjørn Ole Gleditsch, har denne kommentaren i same avisa: «skuffende, svakt og tragikomisk». Han klandrar finansminister Siv Jensen for ikkje å stanse flyttinga.

Rådhus og tinghus

I rapporten har forskarane kika på ulike faktorar, som bystorleik i høve til lokalisering av statlege verksemder. Dei viser mellom anna at Stavanger og Sandnes skårar dårlegare enn til dømes Ski og Trondheim når det gjeld lokalisering av statlege verksemder.

At situasjonen er vanskeleg for stavangerregionen, kjem truleg ikkje som ei overrasking med tanke på det oppdelte landskapet, det høge talet på einebustader og kampen for jordvern.

Forskarane strekar under at dei ikkje finn systematisk samanheng mellom bystorleik og grad av lokalisering av verksemder i og utanfor bykjernen. Dei fann derimot store variasjonar mellom ulike sektorar av statlege verksemder: Helsetenester, med og utan sengeplass, og sosialtenester har flest verksemder og sysselsette utanfor sentrum av byar og bygder. Offentleg forvaltning som rettsstellet, og næring og arbeid som arbeidstilsyn, direktorat, forbrukarråd og lukkast betre med å plassere seg i by- og bygdesentrum.

Eg spør Tennøy kvifor det er slik.

– Det har nok samanheng med rolla dei spelar i samfunnet, bygningane er viktige som representantar for styresmaktene og demokratiet. Vi forventar jo å finne bygningar som tinghus og rådhus midt i bysentrum.

36 prosent meir utslepp

– I tilfellet med Skatt sør vart det streka under at nybygget er energieffektivt. Vil ikkje det vega opp for klimautslepp som kjem av bilbruk til og frå jobb?

– Dømet med Skatt sør er som sagt ikkje med i rapporten, men forskarane viser kor mykje auke i klimagassutsleppa ei plassering av verksemder utanfor sentrum kan gje. I omtalen av Statens vegvesen Region øst heiter det at eit «ikke-sentrumsnært alternativ (gir) 36 prosent mer CO2 utslipp per a°r hvis varetransport inkluderes og 61 prosent hvis vi kun ser pa° reiser». Forskarane har bruka Statsbyggs klimakalkulator i desse reknestykka.

Eg spør Aud Tennøy om kva som kan gjerast betre: Ho peikar på eit allment problem i norsk stads- og byutvikling, som òg har kome fram i serien om norsk arkitektur som stod på trykk i denne avisa: I Noreg har kunnskapane om bygningspolitikk vore større enn innsiktene i planpolitikk. Enkelt sagt: Vi har god røynsle med å byggje hus, men ikkje korleis vi skal plassere husa i høve til kvarandre.

– Det må koma fleire rettleiarar, rundskriv og anna rettleiingsmateriale som har tydelegare krav og rutinar for vurdering av lokalisering, seier Aud Tennøy.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det må koma fleire rettleiarar, rundskriv og anna rettleiingsmateriale som har tydelegare krav.

Aud Tennøy, forskingsleiar ved TØI

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Hayden Powell har skrive musikk for ein sekstett.

Foto: Anne Valeur

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Fugl føniks

Hayden Powell har brukt ventetida godt.

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

Bleik om sausenebba

Kan henda er det nokre som vil setja nebbet høgt og seia at ordtaket om å syngja med sitt nebb slett ikkje viser til fuglar, men til folk. Då seier eg: Det er ingen grunn til å vera nebbete!

Ingvild Lothe er forfattarutdanna og skriv både dikt og prosa.

Foto: Ida Gøytil

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Idealitet og realitet

Ingvild Lothe skriv vedkjenningspoesi. Og vedkjenninga verkar genuin fordi ho i tillegg rommar humor og ironisk distanse, sjølv om det også berre kan vere ei maske.

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis