Statsminister til feil tid
Odvar Nordli er død.
Vi nærles sjølvbiografien hans.
Odvar Nordli likte utanrikspolitikk betre enn økonomisk politikk. Her får han vitjing frå ein kinesisk delegasjon og syner fram utsikta over Oslo. Utanriksminister Knut Frydenlund kan skimtast i bakgrunnen.
Foto: Henrik Laurvik / NTB scanpix
Kommentar
jon@dagogtid.no
Odvar Nordli, ein særs snill og hyggeleg mann, er kjeldene samde om, var statsminister i fem år frå starten av 1976 til starten av 1981. Han døydde no etter jol, men det har vore forunderleg lite merksemd rundt bortgangen, som kan henda har drukna i politiske sexskandalar. Så kva slags politikar og statsminister var han?
Jens Arup Seip skilde mellom dei statsministrane som kunne kryssa elva, og dei som ikkje kunne det, «menn som kan ta en nasjon over Rubicon», slike som Christian Michelsen og Einar Gerhardsen. Hadde Seip levd, ville han truleg ha teke med Gro Harlem Brundtland òg. Hallo i uken pla alltid lata henne gå heilt uaffisert og uskadd rett gjennom glasdørene på Marienlyst når dei «intervjua» henne. Nordli var nok ikkje slik. Han hadde truleg vurdert om vatnet var for kaldt og straumen for sterk, for så å halda seg på nordsida av Rubicon til elveleiet eventuelt hadde turka ut. Mykje tyder på at Nordli sjølv ville ha vore samd i ei slik framstilling.
I 1985 kom Min vei. Minner og meninger, sjølvbiografien til Nordli ut. På side 183 byrjar kapittelet han kallar «Avgang». Ei tid før han går av, kjem han inn på kontoret sitt, der Rolf Hansen og Ronald Bye, båe ministrar i hans eiga regjering, sit og ventar på han. «Under samtalen sa Ronald Bye at det var noe spesielt med dette kontoret. Av og til tok det viljen til makt fra den som ble plassert der. Det han fortalte meg med dette, var at jeg i større grad burde ha utøvet personlig makt når de interne vanskelighetene oppstod. Det kan sikkert sees slik også.»
Eit trist skodespel
Så vart då avgangen trist. Nordli klagar over alle lekkasjane, som gjekk til alle redaksjonar, men særleg klagar han over Arbeiderpressens Kontor og Arbeiderbladet, som under han heilt stogga med å vera lojale. Han vedgår ikkje at han bar mykje av skulda sjølv, for han tilsette nemleg Per Vassbotn frå Venstre-avisa Dagbladet som pressesjef, ei heilt uhøyrd handling i soga til arbeidarrørsla, og eit val som fekk særleg den gamle LO-hovdingen Tor Aspengren til å mista trua på Nordli.
Handsaminga Nordli fekk av pressa mot slutten, var noko heilt nytt i norsk soge. Nordli ville framskunda sin eigen avgang, fortel han, av di lækjaren hans sa at no måtte det verta slutt, på grunn av alle helseplagene. Han la fråsegna frå lækjaren fram for leiinga i Ap. Sjølv fortel han berre at det heile botna i søvnmangel, men straks meldinga var lagd fram for leiinga, kunne arbeidarpressa fortelja om migrene og uklart syn. Frå før hadde pressa meir enn ymta frampå om alkohol, som det seinare har kome fram at Nordli nytta for å få sova.
Lydband frå Jessheim
Nordli visste det ikkje då, men lekkasjen botna også i alkoholmisbruket til partiformann Reiulf Steen. For lekkasjane kom frå ei kjelde som Per Vassbotn, og mange før han, kom til å nytta mykje etter at Nordli gjekk av – den vidgjetne møbelhandlaren frå Jessheim, Arvid Engen. Steen var seinare heilt open om alkoholmisbruket sitt. Når Steen kom heim og byrja å drikka, sette han seg til ved telefonen og fortalde alt til Engen. Ja, så langt gjekk det etter kvart at Steen lak interne lydbandopptak som han hadde teke opp i løynd.
Sanninga er nok at Nordli ikkje hadde ein sjanse til å overleva trykket, særleg ikkje etter at Aspengren fann ut at Nordli skulle bort. Det ber då også boka til Nordli preg av. Sjølv om han gjer sitt beste for å stå fram som snill og venleg, noko han tvillaust var, er det ein bitter mann vi møter. Den sentrale Aspengren, forståeleg nok, vert til dømes knapt nemnd i boka.
For stor ei bør
Spørsmålet er om Nordli burde ha vorte statsminister i det heile, det verkar sant å seia som han ikkje leit på eigne evner og hadde store mindreverdskompleks, noko ein kanskje kan forstå. Korkje Einar Gerhardsen eller Trygve Bratteli, føregjengarane hans, vanta evner. Det var elles nett Bratteli som tok Nordli inn i regjeringa fyrste gongen og ville gjera han til sosialminister. Nordli ville absolutt ikkje verta sosialminister. Han vedgår ope at han nærast var livredd det sterke embetsverket i departementet. «Til slutt grep jeg til det siste argumentet jeg hadde. Jeg gjorde ham oppmerksom på min mangelfulle teoretisk utdanning, og at jeg ville få vansker med å håndtere et ’sprenglærd’ embetsverk.» Bratteli ville ikkje høyra på det øyret. «Du og jeg, Odvar, tilhører en gruppe mennesker som bare kan søke to typer jobb i et departement. Den ene som bud, den andre som statsråd.»
Til slutt lét Bratteli nåde gå for rett. Nordli fekk verta kommunalminister. Der fekk han endeleg arbeida med det han likte best: Distrikts-Noreg. Det kjem tydeleg fram at det var den lukkelegaste tida hans som politikar. Særleg mykje skryt får embetsverket, for dei var nemleg i stand til å konkretisera dei noko vage tankane Nordli hadde om kva som måtte gjerast. Men så byrja også helsa til den gamle konsentrasjonsleirfangen Bratteli å verta svekt i takt med at den internasjonale økonomien vart dårlegare, og budsjettdisiplinen som Bratteli var så glad i, endå dårlegare. Kalken måtte sendast vidare. Resultatet vart den verste av to verder: ei delt løysing. Landsmøtet var mest glad i smørsongaren Steen, som realistane ikkje ville ha som statsminister. Dimed vart Steen formann og Nordli statsministerkandidat.
Nei, nei og ja
Nordli gav klar melding til dei namnlause som styrte landsmøtet, at han ikkje kunne godtaka ei slik løysing. «Det ble klart og sterkt gitt uttrykk for at om jeg ikke godtok en slik løsning, ville det bli ’bråk’.» Nordli bøygde av som så ofte før, og endå oftare seinare. Dimed vart Nordli i røynda statsminister med støtte frå ei mindretal av Ap-medlemane. Så byrja formannen å ringja ein møbelhandlar på Jessheim. Nordli, på si side, valde eldre menn frå Gerhardsens og Brattelis tid som ministrar, ei gruppe som Andreas Hompland i Dagbladet så treffande seinare skildra under overskrifta «Trætte mænd».
Nordli tok over eit økonomisk regime som i røynda var meir enn ferdig. Det kanskje største problemet var kredittpolitikken og freistnadene på å styra kapitalen. Einar Lie skriv om det i boka Over evne. Finansdepartementet 1965–1992: «I en bredt anlagt studie av kapital- og kredittmarkedene i OECD-land i 1967», fortel Lie, «ble Hellas, Spania og Norge trukket frem som land der den direkte fastsettelsen av renter og andre nøkkelsatser var gjennomført i en så sterk grad at det var vanskelig å bruke markedskonsepter overhodet i analysen. To militærdiktatur ved Middelhavet – og Norge.»
Vanskeleg med økonomi
Under si fyrste tid som statsminister kom Bratteli med eit framlegg om å sleppa til marknaden i litt større grad. Nordli røysta imot, og det kom ikkje noka endring. Skal vi døme etter sjølvbiografien, forstod neppe Nordli kva som var problemet. Når renta vert politisk styrt, har ho ein lei tendens til å hamna i minus etter inflasjon. Det gjorde ho i Noreg, sidan inga regjering torde å auka henne monaleg. Samstundes vart utlåna til bankane sterkt regulerte. Den statlege Husbanken fekk råda over svært mykje av sparinga i Noreg, særleg Ap ville ha høg husbygging i kombinasjon med svært låge renter. Dette regimet kunne gå under Gerhardsen, som hadde Bratteli som finansminister mykje av tida. Under Gerhardsen var budsjettdisiplinen hard.
Men så kom Per Borten, og så kom dei ulike Ap-regjeringane utover 1970-åra. Budsjettdisiplinen vart heilt borte, ikkje eingong ein sliten Bratteli makta å halda att etter at vi fann olje på Ekofisk, Kleppe-pakkane vart stadig større. Dimed skaut inflasjonen i vêret medan renta framleis var låg, og i tillegg fekk nordmenn trekkja frå nesten alt av renter på skatten.
Samstundes med at inflasjonen var høg, vart ikkje skattegrensene justerte i særleg grad. Dimed vart stadig fleire utsette for det vi i dag kallar toppskatt. Di meir lønsamt var det for dei som tente godt, å taka opp stadig større bustadlån. Vi hamna i den paradoksale situasjonen at dei som tente best, fekk lægre skatteprosent enn dei som tente dårlegast. Skatteinntektene gjekk ned, underskota opp, og statsgjelda til utlandet vart stadig større, «større enn vi hadde forestilt oss», som Per Kleppe vedgjekk i ettertid. Kleppe burde kanskje ha forstått det når støtta til verfta hadde kome opp i 80.000 per arbeidar, som var langt høgre enn årsløna på den tida.
Manglar interesse
Under Ap i 1970-åra, som Nordli var statsminister for lengst, gjekk dei sosiale utgiftene opp med 10 prosent i gjennomsnitt kvart år, samstundes som ein stadig aukande krattskog av verksemder i industrien altså fekk stadig meir statsstøtte. I biografien nemner ikkje Nordli kredittreguleringane, den stadig aukande statsskulda, den politisk styrte renta eller 100 prosent sjukeløn som han innførte, og som leidde til den seinare uføreeksplosjonen. Rosen av Per Kleppe vil derimot ingen ende taka.
Det er som Nordli ikkje var interessert i dei store spørsmåla i samtida. Kven var det så som til slutt måtte rydda opp i kaoset? Gro Harlem Brundtland, som Nordli kasta ut av regjeringa, og som han ikkje ville ha som etterfylgjar. Han ville ha ein annan av dei trøytte mennene, Rolf Hansen, men måtte etter kvart trist konstatera: «Forslaget mitt hadde mistet all støtte.» Nordli hadde etter kvart ingen allierte. «Var jeg bitter eller skuffet? Spørsmålene haglet fra alle kanter. Jeg var ikke det. Jeg var egentlig lettet. (…) Jeg så frem til å hvile ut oppe i Trysil-fjellet.»
syndfloda
Boka er på ingen måte utan humor og glede, men sorga og mindreverdskjensla er større.
Nordli var ikkje god i engelsk, men éi setning forstod han særs godt. Den såkalla realistiske skulen i utanrikspolitikk likar ikkje provokasjonar. Ein av dei verkeleg store provokasjonane frå Noregs side mot Sovjetunionen under den kalde krigen var opprettinga av ei økonomisk sone på 200 nautiske mil rundt Svalbard i 1977. På eit NATO-toppmøte i Oslo i mai 1976 hadde Nordli ein samtale med den store realisten og amerikanske utanriksministeren Henry Kissinger, som sjølvsagt var orientert om planen om ei norsk økonomisk sone. Brått spurde Kissinger: «Where the hell is Spitsbergen?» Den setninga gjev Nordli att på engelsk. Han er ikkje open for at spørsmålet var humoristisk meint, men klagar over manglande interesse frå «ledende politikere i vest», og det samstundes som han vedgår at Noreg kanskje var vel ekspansivt i nord: «Det var de som mente vi hadde forsynt oss dugelig allerede.»
Etter Nordli kom syndfloda, elles betre kjend som Høgre-bylgja. Den bar han mykje av skulda for sjølv.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Handsaminga Nordli fekk av pressa mot slutten, var noko heilt nytt i norsk soge
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.