Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Det europeiske draumehelikopteret

Det ligg store ambisjonar bak den sørgjelege soga om NH90.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1838
20180824
1838
20180824

NH90 vart planlagd som eit europeisk prestisjeprosjekt på slutten av 1990-åra, eit tysk/fransk/italiensk/nederlandsk samarbeid for å utvikle eit avansert militærhelikopter for dei europeiske Nato-landa (NH står ganske enkelt for «Nato Helicopter»). Det var òg nordisk sus over innkjøpet: Planen var at Noreg, Sverige, Danmark og Finland skulle kjøpe same helikoptermodell, i håp om å få vinstar på samdrift og sams kompetanse i alle landa. Danmark trekte seg tidleg frå samarbeidet og kjøpte amerikanske Seahawk i staden, eit val som har vist seg å vere klokt.

Norske styresmakter hadde òg økonomiske motiv for å satse på eit helikopter under utvikling i staden for hyllevare: Det kunne gje fleire oppdrag til norsk forsvarsindustri. For det norske forsvaret var det dessutan attraktivt å få eit mest mogleg avansert helikopter, sjølv om det slett ikkje var naudsynt ut frå behova til Kystvakta. Det kunne dessutan gje stordriftsfordelar å kjøpe same modell både til Kystvakta og til fregattane.

NH90 var i starten tenkt som erstattar også for dei aldrande Sea King-helikoptera i den norske redningstenesta. Ei god stund tviheldt norske styresmakter på dette valet, trass i at dei faglege råda var klare: NH90 var ikkje eigna til redningstenesta, det var for lite og hadde for kort rekkjevidd. I 2003 snudde regjeringa, kanskje av frykt for søksmål frå andre helikopterprodusentar om det ikkje vart halde ein open anbodskonkurranse. Og i 2013 valde Noreg etter ein langdryg prosess å kjøpe det større helikopteret AW 101 frå AgustaWestland til redningstenesta, ein modell som no blir fasa inn i Noreg. I Danmark har desse helikoptera hatt store innkøyringsproblem, og det første AW 1010 som kom til Noreg, velta. Helikopterkjøp er ikkje enkelt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis