Stortinget på prøve i Oslo tingrett
Får Nei til EU gjennomslag for å saksøkje staten for maktoverføring til EU-byrået Acer, kjem det til å endre norsk rettspraksis.
Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland ser det som truleg at Nei til EU ankar Acer-søksmålet dersom regjeringsadvokaten vinn fram i tingretten. Her saman med advokatane Bent Endresen (t.v.) og Kjell Brygfjeld.
Foto: Eva Aalberg Undheim
Bakgrunn
Tredje
energimarknadspakke:
Lovpakke for ein felles gass- og elektrisitetsmarknad i EU
EU-byrået Acer skal regulere energiflyten i EU-området
Inneber at Noreg overfører makt til Eftas overvakingsorgan Esa, bindeleddet mellom Noreg og Acer
Inneber òg at det må opprettast ei nasjonal reguleringsstyresmakt for energi som ikkje kan instruerast av norske styresmakter

Grunnlova
eva@dagogtid.no
Nei til EU har saksøkt staten for måten Noreg har overført makt til EUs energiregulatorbyrå Acer på, men regjeringsadvokat Fredrik Sejersted prøvar å stoppe søksmålet. I Oslo tingrett i førre veke brukte han tre timar på å argumentere for at eit slikt søksmål ikkje kan førast for domstolane.
Fleire juristar Dag og Tid har snakka med, trur spørsmålet kan gå heilt til Høgsterett. Kva domstolane landar på, kan nemleg få konsekvensar langt utover denne eine saka.
Upløgd mark
Søksmålet inneber at domstolane skal ta stilling til om eit vedtak frå Stortinget er i tråd med Grunnlova eller ikkje. Noka liknande sak har ikkje vore ført for norske domstolar før. Det er upløgd mark, ifølgje regjeringsadvokaten.
Slik han vurderer det, inneber søksmålet at domstolen skal ta stilling til eit abstrakt rettsleg spørsmål, noko som vil vere å bryte med norsk statsforvaltingsrett.
– Det går ikkje å be domstolane om å treffe stortingsvedtak ugyldige. Ein kan treffe forskrifter eller forvaltingsvedtak ugyldige, men ein domstol i Noreg kan ikkje setje Stortingets lovar og vedtak til side som ugyldige, sa Sejersted.
Han meiner saka vil kunne føre til rettsleggjering av politikken og opne for nye omkampar om saker som er tapte i Stortinget, òg frå andre interesseorganisasjonar. Det igjen vil forskyve maktforholdet mellom lovgjevande og dømmande makt, også internt på Stortinget, ifølgje regjeringsadvokaten.
Alvorleg
Nei til EUs advokat Bent Endresen argumenterte for at søksmålet ikkje gjeld eit abstrakt rettsleg spørsmål, men er heilt konkret: Det handlar om måten stortingsvedtaket er gjort på, og om det vart brukt feil prosedyre for å vedta overføring av makt til eit EU-byrå. Avgjerda om å overføre makt og knyte Noreg til Acer er del av vedtaket om å gå med i EUs felles gass- og elektrisitetsmarknad. Vedtaket vart, etter råd frå Lovavdelinga i Justisdepartementet, gjort med simpelt fleirtal, etter grunnlovsparagraf 26.
Nei til EU meiner suverenitetsavståinga er så alvorleg at ho må vedtakast etter grunnlovsparagraf 115, som krev tre fjerdedels fleirtal, og at to tredjedelar av stortingsrepresentantane er til stades.
Endresen er òg usamd i at søksmålet kan forskyve maktforholdet mellom fleirtalet og mindretalet på Stortinget. I tingretten synte han til at krava i paragraf 115 tvert om har til føremål å syte for at fleirtalet ikkje overkøyrer dei konstitusjonelle rettane mindretalet har.
Uavhengig
Maktoverføringa inneber konkret at Acer, som Noreg formelt sett ikkje er medlem av, i nokre tilfelle kan gjere bindande vedtak overfor Noregs vassdrags og energidirektorat, NVE. Det kan Acer gjere dersom det oppstår usemje mellom Noreg og eit anna EU- eller EØS-land om utbygging av og tilgang til infrastruktur for grensekryssande handel med energi, som utanlandskablar, til dømes.
I tillegg får Noreg ei ny nasjonal reguleringsstyresmakt for energi som ikkje kan instruerast av norske styresmakter, men som skal samarbeide med reguleringsstyresmakter i andre land og med Acer. Dette uavhengige organet er ein del av NVE.
Sidan Grunnlova ikkje tillet maktoverføring til eit internasjonalt organ Noreg ikkje er medlem i, er det laga ein konstruksjon som inneber at vedtak frå Acer skal innom Eftas overvakingsorgan Esa, som Noreg er medlem av. Esa skal deretter gjere eit «likelydende eller tilnærmet likelydende vedtak» som Acer har gjort, altså eit kopivedtak, overfor NVE.
Denne konstruksjonen er i seg sjølv kritisert av fleire grunnlovsekspertar for å vere ei formalistisk omgåing av krava for maktoverføring i Grunnlova. I tillegg meiner altså Nei til EU at Stortinget ikkje kan overføre denne typen makt berre med simpelt fleirtal. Og organisasjonen er ikkje åleine om å meine det.
Fleire kritikarar
Etter ordlyden i Grunnlova er det heller ingenting som seier at Stortinget kan gje frå seg makt utan å gå om det symboltunge fleirtalskravet paragraf 115. Likevel er det gjort fleire gonger, særleg i tilknyting til nye EU-byrå. Vurderinga er at overføringa av makt frå gong til gong er såkalla «lite inngripande» i makta som etter Grunnlova skal liggje hjå norske styresmakter.
Jussprofessor Eirik Holmøyvik ved Universitetet i Bergen meiner at denne praksisen undergrev Grunnlova. Hans Petter Graver, som er jussprofessor ved Universitetet i Oslo, er òg skeptisk til ordninga. Når det gjeld Acer-saka, meiner han dessutan det er tvilsamt at maktoverføringa berre er «lite inngripande». Det skriv han om i ei utgreiing han har laga på oppdrag for Nei til EU. Der gjer han òg eit poeng ut av at verksemda til Acer gjeld «på et område av betydelig samfunnsmessig interesse».
Om kritikarane har rett eller ikkje, får vi derimot fyrst vite om regjeringsadvokaten ikkje klarar å avvise søksmålet som no ligg i Oslo tingrett.
Ope spørsmål
Eit argument for ikkje å avvise søksmålet ligg ifølgje Nei til EU-advokatane i forarbeida til tvisteloven. Der vert det argumentert for ei viss oppmjuking av terskelen for å fremje søksmål for domstolane, «særlig med sikte på spørsmål av prinsipiell rekkevidde». Det vert òg synt til at dansk høgsterett i 1996 tillét eit søksmål frå ei gruppe borgarar som meinte at Danmarks tilslutning til Maastricht-traktaten var i strid med grunnlova. Søksmålet var tillate fordi tilslutninga «kunne ha inngripende betydning for den danske befolkning i sin alminnelighet, og at saksøkerne derfor hadde en vesentlig interesse i å få kravet prøvd».
Maria Astrup Hjort, som er fyrsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, arbeider med prosessrett. Ho seier det er ei pågåande utvikling i kva søksmål som vert tillate fremja for domstolshandsaming, og såleis er det eit visst høve for at domstolane ikkje avviser Acer-søksmålet.
Det same seier Magne Strandberg, jussprofessor ved Universitetet i Bergen. Han tippar søksmålet går heilt til Høgsterett, og at Høgsterett kjem til at det kan fremjast.
– Grunnane til det er fleire, men ein av dei er at det ikkje er lett å sjå korleis det elles skulle gå å prøve denne typen spørsmål, utan at det har gått for lang tid, og for mange har innretta seg etter vedtaket, seier han.
– Dårlege odds
Holmøyvik trur saka vert avvist.
– På generelt grunnlag skal ei slik sak ha dårlege odds. Ved å opne for prøving av eit abstrakt spørsmål opnar ein ei svær krukke med ormar ein ikkje veit om ein vil ha inn i det konstitusjonelle systemet vårt. Dessutan har ACER-regelverket langt meir avgrensa verknad for Noreg enn Maastricht-traktaten hadde for Danmark, seier han.
Han er likevel ikkje overraska over søksmålet.
– Stortinget har bidrege med ris til eigen bak ved ikkje å ta på alvor fleirtalskravet i paragraf 115, og i staden hive seg på dette med «lite inngripande» maktoverføringar utan noko gyldig kriterium bak. Dette er ein ulovfesta praksis som bryt med sentrale krav i Grunnlova. Så det er ikkje oppsiktsvekkjande at nokon vil prøve dette rettsleg, seier Holmøyvik.
Svaret frå tingretten kan kome alt neste veke. Skulle regjeringsadvokaten vinne fram der, ser Nei til EU-leiar Kathrine Kleveland det som truleg at Nei til EU kjem til å anke.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er ikkje oppsiktsvekkjande at nokon vil prøve dette rettsleg.
Eirik Holmøyvik, jussprofessor
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.