Striden om sikringskosten
Kriselager for korn forsvann ut av statsbudsjettet da KrF kom inn i regjeringa. Siste ord er neppe sagt i denne saka.
OMBYGD: Grünerløkka studenthus, Studentsiloen, vart bygd i 1953 til kornsilo for Nedre Foss mølle.
Foto: Tore Sætre / Wikimedia Commons
Kornlager
Noreg avvikla beredskapslagera av korn i 2003.
Senterpartiet har foreslått å gjenopprette kornlager.
I fjor støtta eit stortingsfleirtal forslaget frå Sp.
Etter at KrF gjekk inn i regjeringa, har ikkje forslaget lenger fleirtal.

Mat
peranders@dagogtid.no
Debatten om kornlagring som tryggingstiltak har rulla og gått i nokre år. Ordninga med slike lager vart avvikla i 2003. Den siste Stoltenberg-regjeringa gjekk inn for å etablere nye beredskapslager av korn i Noreg, men planen vart droppa da Solberg-regjeringa tok over i 2015. Senterpartiet har halde saka varm, og i februar i fjor fekk partiet med seg Ap, SV og KrF på å be regjeringa om å gjenopprette beredskapslager av korn i Noreg. Men da KrF vart med i regjeringa, fordunsta fleirtalet. I framlegget til statsbudsjett for neste år blir ideen om å lagre korn for å trygge matforsyninga i Noreg avvist.
«Ei fullstendig avsperring av forsyningslinjene over noko tid blir ikkje sett på som realistisk», skriv regjeringa. I tillegg kan vi ete fisk om det knip: «Noreg er òg i den heldige situasjonen at vi har ein stor sjømatsektor, som saman med matproduksjon frå landbruket sikrar eit solid fundament for nasjonal matsikkerheit», heiter det i budsjettframlegget.
Da er det ikkje verdt kostnaden å starte med kornlagring att, meiner regjeringa: Å byggje nye siloar vil koste 230 millionar kroner, innkjøp av matkorn nok til tre månaders forbruk kostar 200 millionar, og dei årlege driftskostnadene vil vere 50 millionar. «På bakgrunn av dette meiner Landbruks- og matdepartementet at sentralisert beredskapslagring av matkorn ikkje vil vere eit målretta og kostnadseffektivt tiltak for å styrkje norsk matsikkerheit», heiter det. Dermed er det sett eit førebels punktum for kornlagringsdebatten.
Kornmangel
Denne debatten blir meir interessant om ein ser han i lys av den lange historia om Noreg og kornet. Kosthaldet i Noreg har vore avhengig av importert korn til brød, graut og øl i tusen år. Skipa som frakta tørrfisk til England på 1000-talet, hadde med seg kveite attende. Seinare vart Noreg avhengig av rug som hanseatane frakta nordover frå austersjølanda, og i løpet av dansketida vart Danmark hovudleverandøren av matkorn til Noreg. Under napoleonskrigane, da britane blokkerte trafikken over Skagerrak, viste det seg for alvor kor avhengige nordmennene var av kornimporten. Blokaden – i kombinasjon med fleire uår i Noreg – skapte den siste hungersnauda her til lands, og fleire tusen nordmenn svalt i hel eller døydde av sjukdomar som følgde av dårleg ernæring i dei magraste åra.
Også første verdskrigen skapte store problem for kornimporten, og sjølv om ikkje folk svalt i hel, svekte kornmangelen folkehelsa i Noreg i krigsåra. Den erfaringa medverka til opprettinga av Statens kornforretning i 1928, eit statsføretak som mellom anna fekk ansvaret for å styrkje eigenproduksjonen og byggje opp nasjonale sikringslager av korn. Plikta til å halde seg med beredskapslager vart nedfelt i kornlova. Kornreservane kom til nytte da andre verdskrigen braut ut, og beredskapslageret rakk til både brød og fôr i Noreg fram til utgangen av 1941.
Da den kalde krigen tok slutt i 1990, var ikkje trongen for å halde seg med eit naudlager av korn i Noreg lenger openberr. I 1995 vart kravet til kornlagera redusert frå eitt års norsk forbruk til eit halvt års forbruk. Statens kornforretning vart omskapt til Cermaq, som i neste omgang vart til eit stort lakseoppdrettsselskap. I 2003 vart det vedteke å avvikle beredskapslagera av korn i Noreg, med eit kuriøst unnatak for lager av mjøl nok til 20 dagars forbruk nord for Ofoten. Og frå 2014 var det heilt slutt på alle påbodne beredskapslager av korn eller mjøl i Noreg.
Ekstremvêr
Men historia går vidare, og fleire utviklingstrekk dei siste åra har hjelpt Senterpartiet med å halde kornlagringsspørsmålet oppe på den politiske dagsordenen. Eitt av desse trekka er klimaendringane, som er venta å føre til fleire ekstreme vêrhendingar mange stader på kloden. Svært mange land i verda er i dag avhengige av kornimport. Og når tørke eller flaum øydelegg avlingane i fleire av dei store eksportlanda samtidig, er ringverknadene globale. Eit døme på det kom i 2010 og 2011, da tørke i Russland og Ukraina, flaum i Australia og styrtregn i Canada dreiv opp dei globale matprisane svært raskt. Dette fekk store politiske følgjer: Prisauken på livsviktige matvarer var ei viktig årsak til oppstanden og omveltingane i land som Egypt og Tunisia i 2011.
Også i Noreg kan ekstremvêr som kjent øydeleggje avlingane. I tørkeåret 2018 vart dei norske kornavlingane nesten halverte, frå ein normal på kring 1,2 millionar tonn til 662.000 tonn. Andre år er det styrtregn på seinsommaren som øydelegg mykje av kornhausten på Austlandet.
Krympar
I tillegg kjem eit anna moment for Noregs del: Kornarealet og sjølvforsyningsgraden går nedover år for år. Etter matvarekrisa i 1973, da eit oljeprissjokk førte til sterk prisauke på mat, vart det satsa monaleg på å utvide matkornproduksjonen i Noreg. Toppen vart nådd i 1991, da kring 3,7 millionar dekar vart nytta til kornproduksjon i Noreg. Men sidan da har kornarealet krympa med 908.000 dekar. Arealet har i staden blitt brukt til gras, blitt bygd ned eller grodd att. Ei viktig årsak til nedgangen er at bønder på Austlandet har gått over frå korn- til grasproduksjon: Det er meir lønsamt å satse på ammekyr enn på det usikre kornet. Og medan kornarealet har krympa, har folketalet i Noreg auka monaleg sidan 1991.
Kor sjølvberga er så Noreg med mat i dag? Det kjem an på kva ein meiner med sjølvberga. Definisjonen av den såkalla sjølvforsyningsgraden er omstridd og kjem mellom anna an på om ein tek utgangspunkt i det norske kosthaldet i dag – eller kor sjølvberga Noreg kunne vere med mat i ei krise der vi må leggje om kosthaldet radikalt. Men ut frå definisjonen til Felleskjøpet er sjølvforsyningsgraden for tida kring 42 prosent. Korrigerer vi for kraftfôrimport, er sjølvforsyninga vesentleg lågare. Kvart år importerer Noreg til dømes soyaprodukt frå kring ein million tonn soyabønner til bruk i laksefôr og husdyrfôr.
Først i køen
Det er lett å skjøne at regjeringa meiner forsyningssituasjonen til det rike Noreg er temmeleg trygg. Kjøpekrafta vår er enorm, og Noreg ligg nær korneksporterande land som Tyskland, Frankrike, Polen, Russland, Danmark og Sverige. Så lenge det er korn å få kjøpt på verdsmarknaden, kan nordmenn rekne med å kome langt fram i den globale brødkøen. I 2017 konkluderte Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap i ein rapport med at norsk matvaretryggleik generelt var god, og at det ikkje var naudsynt å byggje opp att nasjonale kornlager. Men denne konklusjonen heng på ein avgjerande premiss: «En viktig forutsetning her er at fungerende internasjonale handelssystemer gjør det mulig å importere mat», skreiv direktoratet.
Forsikring
Somme kritikarar meiner denne føresetnaden ikkje er sikker nok, og kritikarane finn vi ikkje berre i Senterpartiet, Bondelaget eller Felleskjøpet. «Det hjelper ikke å være rik, hvis store, mektige land bestemmer seg for ikke å handle med oss. For selv om vi er rike, er vi et veldig lite land», sa til dømes Jan Ivar Botnan, forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt, til NRK i 2018. Tørka i 2010 fekk til dømes Russland og Ukraina til å innføre eksportstogg for korn av strategiske grunnar: I ein knipe vil kornlanda sikre si eiga befolkning før dei eksporterer til andre land.
Klimaendringar gjer det meir truleg at Noreg kjem til å trenge eit beredskapslager, meinte Botnan. Men ingen kan i dag seie kor truleg det er: «Det er slik med all type beredskapsarbeid, enten det er krig eller ulykker, vet man aldri når og hvor ulykken rammer. Spørsmålet er hvor stor forsikring det er riktig å tegne, og det er et politisk spørsmål.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kornarealet og sjølvforsyningsgraden går nedover år for år.
Fleire artiklar
Celeste Dalla Porta spelar hovudrolla som Parthenope, som i gresk mytologi er ei sirene.
Foto: Arthaus
Årets dårlegaste?
Verken innhald eller bodskap gjev meining i Paolo Sorrentinos siste rampestrek.
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.