JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Kjøtparadokset

Regjeringa har over fleire år stimulert til større produksjon av det kjøtet som dei veit har størst klimaavtrykk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Eg er litt uroa for at det skal verte overproduksjon. Det er ein viss fare for det om vi ikkje no bremsar, seier storfeprodusent Kurt Herredsvela på Jæren.

Foto: Sjur Håland, Bondevennen

9769
20190222
9769
20190222

Klimafor-
handlingar

eva@dagogtid.no

I den nye regjeringserklæringa varslar regjeringa at ho vil føre ein langsiktig og føreseieleg politikk for små og mellomstore bedrifter. Føreseielege rammevilkår for næringslivet har vore noko alle Erna Solbergs (H) regjeringskonstellasjonar har likt å smykke seg med. Pelsdyrprodusentar har fått merke kor lite slike ord kan vere verde. No er det er eit ope spørsmål om ikkje andre bønder kjem til å få merke det same.

For tida forhandlar regjeringa og bondeorganisasjonane om klimakutt i jordbrukssektoren. Det er ei følgje av at Noreg, som del av EUs klimaplan, skal redusere utsleppa av klimagassar frå transport, bygg, jordbruk, produkt og avfall med 40 prosent innan 2030. Det utgjer eit årleg utsleppskutt av CO2 på 10,5 millionar tonn, ifølgje vurderingar Klima- og miljødepartementet gjorde for Klassekampen i 2016.

Inn mot forhandlingane har det vore år med diskusjonar om reduksjon i kjøtproduksjonen og moglege avgifter på raudt kjøt.

Press og nedgang

Raudt kjøt frå storfe, sau, lam og geit har høgare klimagassutslepp per kalorieining enn kjøt frå kylling og svin. Årsaka er at kylling og svin slepper ut langt mindre metan når dei fordøyer maten, enn det drøvtyggjarane gjer.

Samla utgjorde klimagassutsleppa frå jordbruket 4,45 millionar tonn CO2-ekvivalentar i 2017. Meir enn halvparten av dette var metanutslepp frå fordøyingssystemet til husdyra, ifølgje Miljødirektoratet.

«Norske kyr promper for mye, for å si det sånn», sa Erna Solberg til VG i 2015. Same år tilrådde Grøn skattekommisjon regjeringa å leggje avgift på og redusere produksjonsstøtta for raudt kjøt.

To år seinare la Norsk institutt for bioøkonomi fram utrekningar som synte at Noreg kan redusere utsleppa i landbruket med i snitt 474.000 tonn CO2-ekvivalentar årleg fram til 2030 ved å halvere talet på storfe av typen kjøtfe.

I statsbudsjettet for 2019 skriv regjeringa at ein overgang frå kjøt til vegetabilsk kost eller fisk i tråd med kosthaldsråd frå Helsedirektoratet kan redusere utsleppa i jordbruket med heile 2,7 millionar tonn. Det er meir enn halvparten av det regjeringa ventar at jordbruket skal bidra med i kutt gjennom forhandlingane dei no er inne i. Ei arbeidsgruppe som har jobba fram det faglege utgangspunktet for forhandlingane regjeringa og bondeorganisasjonane no er inne i, har rekna ut at eit slikt tiltak vil bety nær 19.000 færre kjøtfe i 2030 enn det var i Noreg i 2013.

Det har med andre ord kome nok av hint om at klimakutta kan få direkte følgjer for kjøtproduksjonen.

Det vi òg veit, er at forbruket av storfekjøt og raudt kjøt samla har gått ned sidan 2016, etter å ha auka år for år før det.

Kjøt løner seg meir

Så kvifor vil det vere uføreseieleg om det no skulle gå mot avgift eller styrt kutt i produksjonen? Fordi regjeringa dei siste åra har stimulert til å auke produksjonen av nettopp storfekjøt.

Etter at den raudgrøne regjeringa sette mål om å auke produksjonen av jordbruksvarer i takt med ei veksande befolkning, har tilskota for produksjon av raudt kjøt frå storfe, sau og lam vorte auka både av dei raudgrøne og av Erna Solbergs landbruksministrar. Det stadfestar Anders Huus, som er seniorrådgjevar i Norges Bondelag.

I 2013 innførte Trygve Slagsvold Vedum (Sp) eit slaktetilskot for storfe som premierte kjøt av ein kvalitet det er lettare å nå med reine kjøtferasar enn med den tradisjonelle mjølkekua norsk raudt fe. Han auka òg driftstilskotet for kjøtfe.

Frp i Landbruksdepartementet auka driftstilskotet ytterlegare, og i nokre delar av landet endå meir enn i andre, for å stimulere til meir kjøtfeproduksjon i grasrike område. Slaktetilskotet for storfe er òg auka og i tillegg differensiert, slik at det løner seg endå meir å satse på reine kjøtferasar.

Uvisse i utrekningar

Samstundes har Innovasjon Noreg dei siste åra opna pengesekken for bønder som vil investere i kjøtfeproduksjon. Medan det i 2013 vart løyvd 52,2 millionar kroner i investeringstilskot til rundt 144 kjøtfeprodusentar, var talet oppe i 152,8 millionar fordelt på 213 søknader i 2017.

Resultatet er at det per 1. mars 2018 var 23.697 fleire kjøtfe, eller såkalla ammekyr, i Noreg enn i mars 2013, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det inneber ein auke på 35 prosent. Sagt på ein annan måte er det over 40.000 kjøtfe meir enn det teoretisk sett skal vere i 2030, ved den nemnde utsleppsreduksjonen regjeringa brukte som døme i statsbudsjettet.

Og det stoppar truleg ikkje her. Dei som får tilskot og lån frå Innovasjon Noreg, har vanlegvis opp til tre år på seg til investeringa må gjerast, så talet kjøtfe kan vekse i fleire år framleis.

Det samla talet på storfe har derimot ikkje auka like mykje, for talet mjølkekyr har sidan 2013 gått ned med 8 prosent, til 219.360, ifølgje SSB-tala. Klimarekneskapen i endringa går ikkje nødvendigvis rett veg av den grunn.

Laila Aass, som er forskar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), seier kjøt frå mjølkekua kjem litt betre ut i klimarekneskapen, fordi ho produserer to typar produkt å fordele utsleppa på.

– Dei førebelse utrekningane basert på dagens reknemetodar tilseier eit utslepp på rundt 25 kilo CO2-ekvivalentar per kilo slakt frå ei ammeku og eit snitt på 17 kilo CO2-ekvivalentar per kilo kjøt frå ei mjølkeku. Men det er svært mykje uvisse kring utrekningane av utslepp frå drøvtyggjarar, for tala inkluderer mellom anna ikkje mogleg karbonbinding og effekten av beiting. Fôret drøvtyggjarar tek opp på ugjødsla utmarksbeite er del av eit naturlege karbonkrinsløp, og dette er per i dag ikkje med i utsleppsrekneskapen frå drøvtyggjarar, seier ho.

Nær overproduksjon

Bakgrunnen for auken er at Noreg over fleire år har hatt for lite storfekjøt til å dekkje etterspurnaden. Det gjeld sjølv når kvoteimporten på 9170 tonn årleg – som vi har avtalar om å ta inn frå EU, WTO-land, Botswana, Namibia og Swaziland og andre utviklingsland – er inkludert.

I 2012 mangla det 12.000 tonn storfekjøt, som måtte importerast utover desse avtalane, og i 2015 mangla det 16.000 tonn. Det har vore eit politisk ønske å dekkje det meste av etterspurnaden med norsk produksjon i staden.

I år er den såkalla underdekkinga venta å vere redusert til 3500 tonn, ifølgje prognosane til kjøtsamvirket Nortura, som har ansvar for å regulere marknaden. Fjoråret gav derimot eit overskot på 2000 tonn storfekjøt, fordi det vart importert ut over avtalane for å dekkje etterspurnaden på våren, medan det på sommaren og hausten vart slakta fleire dyr enn venta som følgje av tørken.

Dermed skal det no lite til før det er fare for overproduksjon av storfekjøt.

– Vi ser at det no er føremålstenleg å bremse opp for fleire nyetableringar i kjøtfeproduksjonen. Årsaka er at forbruket fell med 2 til 3 prosent i året, samstundes som vi framleis har auke i produksjonen og nærmar oss marknadsdekking ganske raskt, seier Ole Nikolai Skulberg, som er direktør for totalmarknad i Nortura.

Vil bremse

Kurt Herredsvela i Hå kommune på Jæren er spent på korleis marknadssituasjonen for storfekjøt utviklar seg. Han fekk investeringsmidlar frå Innovasjon Noreg og bygde nytt fjøs til 30 kjøtfe i 2017, nettopp fordi det var underskot på kjøt og pengar å tene på kjøtfe. Frå før har han 120 sauer, 10 mjølkekyr og god tilgang på utmarksbeite. Auke talet mjølkekyr ville han ikkje. Det ville medført mykje større investeringar og leige av dyre mjølkekvotar, seier han.

Herredsvela uroar seg ikkje særleg over diskusjonane om kjøtavgift, eller forbrukartrendane med å ete mindre raudt kjøt.

– Men eg er litt uroa for at det skal verte overproduksjon. Det er ein viss fare for det om vi ikkje no bremsar, seier han.

Nortura har òg bede om at bremsene vert sette på, men Ole Nikolai Skulberg understrekar at auken til no er ei ønskt og vilja utvikling frå både næringa, bondelaga og norske styresmakter.

Diskusjonane kring reduksjon i kjøtproduksjon og mogleg avgift på raudt kjøt av klimaomsyn har ikkje Nortura teke omsyn til i prognosane.

– Nei, forskottere resultat av klimaendringar gjer vi ikkje i prognosane våre. Det ville skapt stor uvisse, seier Skulberg.

– Ikkje i strid

Dag og Tid har spurt korleis Landbruksdepartementet vurderer at det no nærmar seg mogleg overproduksjon av kjøtet som har det største klimaavtrykket. Det får vi ikkje noko konkret svar på, men departementet skriv i ein e-post at klimagassutsleppa frå produksjon av storfekjøt i Noreg er blant dei lågaste i verda, og at det å dekkje etterspurnaden til forbrukarane med norsk produksjon ikkje er i strid med god klimapolitikk.

– Reduksjon i produksjonen av storfekjøt gjev ikkje betre klima om ikkje forbruket av storfekjøt vert redusert. Det kjem berre til å gje karbonlekkasje og auka import, heiter det i e-posten.

Departementet verken avkreftar eller stadfestar om det kan vere aktuelt med tiltak for å redusere norsk storfeproduksjon av omsyn til klimaet. I staden syner det til at det vert jobba målmedvite med å redusere klimagassutsleppa i norsk landbruk, fyrst og fremst gjennom å reduser utsleppa per produsert eining, altså per liter kjøt eller mjølk. Dei siste åra er det òg sett i gang fleire forskings- og utgreiingsprosjekt som skal bidra til å setje i verk effektive tiltak i jordbruket, skriv departementet, som avsluttar med å syne til at regjeringa no er i forhandlingar med jordbruket om ein avtale om klimagassreduksjonar.

Kva desse forhandlingane kjem til å munne ut i, vil tida syne. Det gjeld òg kva regjeringa legg i omgrepet «langsiktig og føreseieleg politikk».

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Vi ser at det no er føremålstenleg å bremse opp for fleire nyetableringar i kjøtfeproduksjonen.

Ole Nikolai Skulberg, Nortura

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis