JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Subsidiar til spekulasjon

Noreg tilbyr billeg straum for å lokke til seg datasenter og kryptovalutaselskap. Det er ein svært dårleg idé, meiner økonom og bitcoinekspert Alex de Vries.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Krinskort frå ei datamaskin med bitcoinlogo. Såkalla utvinning av kryptovalutaer som bitcoin inneber eit enormt straumforbruk.

Illustrasjon: Shutterstock / NTB

8110
20210521
8110
20210521

Økonomi

peranders@dagogtid.no

Regjeringa vil få fleire datasenter til å etablere seg i Noreg, og lokkematen er billeg straum. Krafta utgjer storparten av driftskostnadene for denne industrien, og regjeringa lokkar med ei elavgift på berre 0,55 øre per kWh for dei som vil etablere seg her i landet, mot nesten 17 øre per kWh for andre straumkundar.

Datasentera får same vilkår som den tradisjonelle kraftkrevjande industrien nyt godt av, og håpet er at denne subsidieringa skal skape nye høgteknologiske arbeidsplassar i Noreg. Men å gje billeg kraft til datasentera er ikkje ei god investering for Noreg, meiner den nederlandske økonomen Alex de Vries.

– Det er ikkje så lett å skjøne kvifor Noreg prøver å få meir av denne industrien. Eg går ut frå at ideen er at desse selskapa skal skape fleire arbeidsplassar og skape økonomisk vekst. Men dette er jo ikkje ein arbeidsintensiv industri. Det er datamaskinene som gjer jobben. Dette er ikkje som eit smelteverk eller mekanisk industri, seier de Vries.

Biverknader

Alex de Vries har drive bloggen Digiconomist sidan 2014. Her legg han fram analysar av dei uønskte biverknadene av den digitale økonomien, med særleg vekt på kryptovaluta og energibruk, og har òg skrive fagartiklar om desse emna for vitskaplege tidsskrift som Joule.

Han er ikkje minst skeptisk til dei norske straumsubsidiane fordi dei òg kjem selskap som driv med kryptovaluta til gode. I slike datasenter står eit tusental datamaskiner og utfører reknestykke som berre har éin funksjon: å stø opp under ein type digitale pengar som er populære spekulasjonsobjekt, med bitcoin som den mest kjende «valutaen». I 2018 vedtok regjeringspartia først at slike selskap ikkje skulle få redusert elavgift. Men alt året etter slo regjeringa retrett, mellom anna etter påtrykk frå databransjen: Også kryptoselskapa skulle få billeg straum.

Meiningsløyse

– Dersom til dømes Microsoft vil leggje eitt av dei store datasentera sine til Noreg, kan det kanskje føre til nokre økonomiske fordelar for landet. Men om det er selskap som driv med bitcoin, er det verkeleg vanskeleg å sjå kva poenget skal vere. Dei sysselset nesten ingen og produserer ingenting, dei berre lagar meiningslause reknestykke. Å tilby billeg straum og kaste bort skattepengar på selskap som ikkje produserer noko – det gjev ikkje meining, seier Alex de Vries.

– Noreg vart industrialisert ved hjelp av vasskrafta, mellom anna gjennom smelteverksindustrien. Tanken er at noko liknande kan skje med datasentera?

– Men da må de spørje dykk: Er dette den beste måten å bruke vasskrafta dykkar på? Eg er ikkje i tvil om at energien kunne bli brukt betre. Om ein først skal subsidiere visse industriar, ville det vere betre å subsidiere noko som gjev fleire fordelar for samfunnet.

I datasenter som «lagar» kryptovaluta, er det ikkje mykje arbeid å gjere for menneske, anna enn vaktmeisterliknande funksjonar, forklarer han.

– I desse sentera står det fleire tusen datamaskiner, og stadig vekk bryt mikrochipsa i nokre av desse maskinene saman. Og her ligg storparten av arbeidet i desse sentera: å erstatte defekte mikrochips. Det er ikkje noko som krev spesielt høg utdanning, seier de Vries.

– Når det gjeld den skadelege effekten av kryptovaluta, handlar det ikkje berre om energibruken, men òg om forbruket av hardware. Desse anlegga brukar opp datamaskinene ekstremt fort. Dei er som regel skrot etter berre halvtanna år, medan vanlege datasenter kanskje kan bruke serverane sine i fem år. Kryptoindustrien skaper enorme mengder elektronisk avfall og gjer dermed skade sjølv når maskinene blir drivne av vasskraft.

Nedkjøling

Relativt låge straumprisar og eit kjølig klima er med på å gjere Noreg og andre nordiske land attraktive for både kryptoindustrien og andre typar datasenter, seier de Vries.

– Den naturlege kjølinga er verdifull. Tusenvis av datamaskiner genererer mykje varme. Ein kan ikkje berre kjøle dei ned med air conditioning, det blir for dyrt. I Noreg har de ein heldig kombinasjon av straumpris og eit kaldt klima. Men førebels har Noreg ein svært liten del av kryptovalutautvinninga i verda, kanskje ein halv prosent.

Trass i at regjeringa lokkar med billeg straum, er ikkje kommersielle datasenter generelt eller kryptovaluta spesielt store industriar i Noreg enno. Ein oversikt som regjeringa fekk laga i fjor, synte at det var 18 datasenter i Noreg i 2019. Til saman hadde desse sentera berre 299 tilsette og ein installert kapasitet på 135 megawatt det året.

Stolte i Helgeland

Den oversikten inkluderte ikkje dei to anlegga til kryptovalutaselskapet Kryptovault, som hadde ein installert kapasitet på 57 megawatt. I 2018 planla selskapet ein framtidig samla kapasitet på 217 megawatt, tilsvarande straumbehovet til Stavanger by.

Kryptoselskapet Bitfury i Mo i Rana brukar på si side like mykje kraft som 20.000 husstandar. «Vi er stolt over at en internasjonal aktør som Bitfury ønsker å kjøpe strøm fra Helgeland Kraft», erklærte Arild Markussen, marknadssjef i Helgeland Kraft da avtalen vart inngått.

Den politiske uvissa om elavgifta dempa interessa for kryptovaluta i Noreg ei tid, men no blir det satsa att. Kor mykje straum som går med til kryptovalutautvinning i Noreg i dag, finst det ikkje tal for. Men om prisen for bitcoin og andre typar kryptovaluta held seg høg, trur Alex de Vries at Noreg vil tiltrekkje seg langt fleire kryptoselskap enn i dag.

– Det er først og fremst kursen til bitcoin som driv denne industrien. Og jo dyrare bitcoin jo meir straum vil gå med til bitcoinutvinning, seier de Vries.

Det er grenser

I år kan det gå med 124 terawattimar med straum berre til å utvinne bitcoin i verda. Det er meir enn det totale norske straumforbruket i året. I tillegg kjem dei andre typane kryptovaluta. Og det store straumforbruket er det som trugar heile kryptoeventyret, meiner de Vries.

– Det finst grenser for kor mykje energi det er akseptabelt å bruke på meiningslause transaksjonar. I dag går kanskje 1 prosent av straumen i verda med til å lage bitcoin. Ei ny tidobling av forbruket ville ikkje vere akseptabelt. Det er vanskeleg å seie eksakt kor grensa går, men på eitt eller anna tidspunkt vil styresmaktene setje foten ned for kryptovaluta.

I dag går det meste av kryptovalutautvinninga føre seg i Kina, driven av straum frå kolkraftverk. Dette har i seg sjølv vore med på å gje industrien eit dårleg rykte. Men for statane kan verksemda òg skape andre problem enn klimagassutslepp, påpeikar de Vries.

– Om straumforbruket til kryptovaluta held fram med å vekse ukontrollert, kan det føre til kraftmangel i delar av nettet i eit land. Da blir styresmaktene pressa til å gripe inn. Dette har alt skjedd fleire stader i verda, og det kan skje også i Noreg. Når folk blir sitjande i mørket på grunn av bitcoin, tvingar det styresmaktene til å gjere noko.

– Om du skal gje eit råd til norske politikarar om datasenter og kryptovaluta, kva vil det vere?

– Ikkje kast bort straumen dykkar på anlegg som ikkje lagar noko anna enn ubrukelege reknestykke og knapt nok gjev jobbar, og attpåtil kastar bort store mengder med datamaskiner. Dette er ikkje ein industri Noreg bør satse på, seier Alex de Vries.

Fritt fall

PS: Om utviklinga til bitcoin er sjølve leiestjerna for kryptovalutaindustrien, har utsiktene blitt mørkare dei siste vekene. Kursen til bitcoin såg lenge ut til å gå rett til himmels. Han seksdobla seg frå i fjor haust til april i år, og verdien toppa seg på 64.5000 dollar.

Men etter at Tesla-sjef Elon Musk 14. mai kritiserte energibruken i bitcoinproduksjon, og sa at Tesla ikkje ville godta betaling i bitcoin lenger, stupte kursen. På onsdag denne veka fall verdien av ein bitcoin under 31.000 dollar, for første gong sidan januar. Seinare på dagen spratt han opp att til 40.000 dollar. Keisam er han i alle fall ikkje, denne valutaen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er ikkje så lett å skjøne kvifor Noreg prøver å få meir av denne industrien.

Alex de Vries, økonom

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis