Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Sue G

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1907
20180105
1907
20180105

«Eg manglar ein tittel, har du ein?»

Det var Sue Graftons spøkjefulle svar då eg i 2010 intervjua henne på telefon, då romanen U for understrøm kom på norsk. Grafton vart 77 år gamal. Ho døydde rett før nyttår, 28. desember, om du ikkje hugsar henne. Den amerikanske krimforfattaren sette seg føre å skrive ein roman for kvar bokstav i alfabetet.

Den første gongen møtte eg henne personleg i Oslo, i 1997, som journalist i Klassekampen. I 2010 intervjua eg henne på telefon frå USA for Dag og Tid. Ho var ein dugande krimforfattar, men ho nådde ikkje hovudmålet, då siste roman Y is for Yesterday kom ut i fjor. Hovudpersonen i hennar eigen serie er detektiven Kinsey Millhone, i den oppdikta byen Santa Teresa. Namnet er inspirert av hendingar i den verkelege byen Santa Barbara i California. Det var også hennar eigen heimstad.

A is for Alibi var tittelen på opningsromanen i 1982. Dei vart alle omsette til norsk, komplett så langt på norsk i hylla mi, til V for vendetta. I første intervju i 1997 sa Grafton at målet var å bli ferdig når ho var 76 år (!). Ja vel. Lenge skreiv ho ei bok i året, men det gjekk på helsa laus. Og ein siste roman Z for Zero ville kome i 2021, og Grafton ville vere over åtti. Forfattaren Grafton sukka tungt.

Ho snakka mykje til meg om korleis det var å vekse opp med favorittar som Ross MacDonald, ikon og inspirator for den amerikanske forfattaren Dashiell Hammett, Raymond Chandler, Ruth Rendell og «til ein viss grad Agatha Cristie»! Namn som Ellmore Leonard og Michael Connnelly var i vinden. Men kva med film?

«Det ville verkeleg vere surt av meg å selje Kinsey Millhone til den industrien eg har arbeidd så hardt for å sleppe unna. Det er der ho høyrer ho heime», seier Sue Grafton.

­– Kva med V for Victory som romantittel, spør intervjuaren.

– Eg hadde vona å få han av deg, svara forfattaren.

Namnet er Sue Grafton. Fred over forfattarens minne.

R.H.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis