Svin i skotlinja
Korleis skal Noreg vinne kampen mot villsvina når dei er ønskte velkomne i svensk natur?
Mange vil utrydde dei. Færre trur det er mogleg.
Villsvin er altetande og svært fruktbare. Dei får ungekull på mellom tre og åtte ungar og kan under gunstige omstende få meir enn eitt kull i året. Dei spreier seg kjapt i heile Europa.
Foto: Steinar Myhr / NN / Samfoto / NTB scanpix
Grenselause svin
Ein serie om ville og tamme svin som tek med seg smitte over landegrenser og kan skade naturmangfald og dyrka mark. Del 3

Villsvin
christianejla@gmail.com
– I 2006 vart det fyrste villsvinet i Noreg skote, og det vart skote ved eit småbruk på det jordet der. Då hadde dei fyrst hatt ein svær fest i skogen min, som er her.
Ole Svendsby peiker med fingeren på eit kart. Dag og Tid vitjar han på ein gard midt i ulveland. I dag kan ein også kalle området for villsvinland. Aremark i Østfold er ein av stadene i landet der villsvina har funne seg til rette og, så vidt ein kan forstå, trivst dei svært godt. Dei har vandra inn over svenskegrensa, og no prøver lokale krefter å kjempe dei ned med dei midla dei har.
Garden til Svendsby, Haug, har to kilometer felles grense med söta bror. Men for ein grunneigar smakar det ikkje søtt, alt som kjem derifrå.
– Det er spanande med nye artar, men det er jo nokre av dei som er meir utfordrande enn andre for oss bønder. Den eine er grå, og den andre er svart. Eg hatar ingen av dei, men utfordrande er dei.
Kamp i fleire land
Grunneigaren i Aremark er ikkje åleine om å ønskje villsvina vekk frå jorda si. I store delar av Europa skaper dyra uro. Dei spreier sjukdommar til tamdyr, trampar sund god landbruksjord og et opp dyrka plantar meint som menneskeføde. Verst av alt – dei spreier den alvorlege sjukdommen afrikansk svinepest til tamgriser og gir enorme tap til bønder og landbruk. Sjukdommen har spreidd seg så nær Noreg som tolv kilometer frå den tyske grensa mot Polen.
Både villsvin og afrikansk svinepest har vist seg vanskelege å bli kvitt. Fram til no har berre eitt land i Europa klart å fjerne viruset frå villsvinstammen etter at han vart infisert, og det er Tsjekkia. Landet sette inn drastiske tiltak. Området med smitte vart merkt som høgrisikoområde og sperra av. Dei einaste som fekk gå inn og ut av sona, var 1300 spesialtrena jegerar som følgde strenge reglar for smittevern. Etter kvart vart også skarpskyttarar frå politiet sette inn i eit forsøk på å fjerne så mange villsvin som mogleg.
Danmark har bygd eit gjerde langs den sju mil lange grensa mot Tyskland for å halde svina vekke, og styresmaktene har vedteke at den vesle populasjonen på om lag 40 dyr på dansk jord skal utryddast.
Tre land, tre løysingar
Dei tre skandinaviske landa Danmark, Sverige og Noreg har valt kvar sin politikk for svina som spreier seg i stor fart i heile Europa. I Sverige gav dei opp forsøket på å utrydde dyra alt i 1987. I staden har villsvinjakt vorte ei næring. Mang ein norsk jeger har tatt turen til dei svenske skogane for å dyrke hobbyen sin og jakte på villsvin. Opp gjennom åra er dyra blitt flytta på og fôra opp av omsyn til jakt. Tala er usikre, men svenskane reknar med at populasjonen i fjor var på 300.000 dyr.
Mens dei danske dyra vandrar inn frå Tyskland, stammar den svenske populasjonen frå nokre få enkeltdyr som rømde frå fangenskap i midten av 1970-åra. Tidleg i 1980-åra var planen å utrydde dyra. I staden fjerna Sverige i 1987 merkelappen «framand art» frå villsvinet, som sidan har vore rekna som ein naturleg del av svensk fauna. Konsekvensane kan ein sjå på tala. I år 2000 vart om lag 5000 villsvin skotne i Sverige. I 2018 reknar ein med at talet var oppe i 115.000 skotne dyr.
Norske styresmakter har plassert seg ein stad mellom dei to skandinaviske ytterpunkta. Svina som har etablert seg i skogområda ved grensa, frå Halden i sør til Åsnes i nord, har ingen sterke forsvararar på Stortinget. Dei er uønskte, men ikkje vedtekne utrydda. I staden lyder det norske målet slik: minst mogleg villsvin i Noreg spreidde ut over eit minst mogleg område.
Til saman 14 mindre og større tiltak mot villsvin er føreslegne i ein handlingsplan frå Miljødirektoratet for dei neste fire åra. Folk som finn døde villsvin og melder frå om det, får 2000 kroner. Eit forbod mot fôring har tredd i kraft. Eit forslag om å tillate kunstig lys i jakta er på høyring. Eit gjerde langs grensa i aust blir derimot rekna som lite gjennomførbart, sidan grensa er så lang. Er tiltaka tilstrekkelege til å nå målet? Ikkje alle meiner det.
Ber om skotpremie
– Vi bør ha ein utryddingsplan og ikkje ein forvaltningsplan. Ein forvaltningsplan inneber at vi aksepterer at villsvina kjem, men at vi skal regulere bestanden. Får bestanden eit visst omfang, klarer vi ikkje det, seier Olav Eik-Nes, administrerande direktør i den bondeeigde griseavlsorganisasjonen Norsvin.
Han ønskjer at villsvina skal bli møtte med nedskyting langs grensa.
– Det er ikkje sikkert eit gjerde vil fungere med vår topografi, men det kan ei meir profesjonell nedskyting med kompensasjon. Når vi ser kva for trugsmål villsvina har vore i andre europeiske land, meiner eg styresmaktene tar for lett på det. Det er no det er mogleg å gjere noko, ikkje om X år fram i tid, når vi har mista kontrollen.
Andre som har teke til orde for ein utryddingsplan, er Den Norske Veterinærforening og Senterpartiet.
– Det kan vere med bruk av kunstig lys i jakt og fôringsforbod, men også med skotpremie og kanskje statlege jaktlag, seier stortingsrepresentant Ole André Myhrvold (Sp).
Villsvin i frysaren
Kven veit eigentleg kor mange villsvin vi har i Noreg? Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) skreiv i 2017 at talet truleg låg ein stad mellom 400 og 1200 individ. Men å telje villsvin ser ut til å vere ei svært krevjande oppgåve.
Når Svendsby høyrer tala frå vitskapskomiteen, er han kjapp med å avvise dei.
– Mellom 400 og 1200 individ? Det er berre tull. Det er 400 berre i Aremark. Eg trur det offisielle talet her er at det blir skote 80 dyr i året. Og det talet trur eg er det halve av det reelle. For mange skyt og legg kjøtet i frysaren. Det er fritt fram å skyte, seier han.
Vitskapskomiteen trur på ein kraftig vekst i bestanden. Sjølv i eit scenario der villsvina ikkje blir fôra av menneske, reknar ein med at Noreg vil ha ein villsvinbestand på kring 40.000 dyr over dei neste 50 åra, spreidde på 70.000 kvadratkilometer i område i Søraust-Noreg.
Jegerar i aksjon
– Her ser du vakttårnet.
Svendsbys tre år gamle blandingshund av typen border collie og tibetansk terrier spring med krum nakke framfor SUV-en, som manøvrerer gjennom våt utmark. Svendsby har tre åteplassar for villsvin på tomta si, og to jaktlag held det gåande med åte og jakt.
På åteplassen finn vi ein heimesnikra fôringsautomat, enkelt sagt ei blå plasttønne med motor under, som slepper ut godsaker til svina. Eit viltkamera er plassert nokre meter unna og skrur seg på når ein sensor registrerer rørsler i mørket. Ei gaupe er filma der, men også familieflokkar med svin. Jegerane søkjer kanskje først og fremst gleda ved jakta. Grunneigaren håper på si side at dei skal skyte så mange som mogleg.
– Mais, konstaterer han og tar ein god kikk nedi tønna.
Mais er blant svinefavorittane. Svina kan ete nesten alt, men dei vandrar gjerne langt når den avanserte nasen deira kjenner lukta av noko godt.
Når jegerane er her, finn dei seg til rette i ei jaktbu før soloppgang. Kanskje får eit av svina eit siste måltid på åtestasjonen.
Langs skogsvegen støyter vi på ein annan SUV.
–Vi skal inn og fôre litt gris, seier ein av dei to mennene som sit framfor bilen.
– Får de skote noko, spør Svendsby.
– Ja, vi har fått skote eit par, kjem det attende med eit smil.
– Dess fleire dess betre!
At jegerar kosar seg med villsvinjakt, mens svina skaper trøbbel for grunneigarane, gjer villsvinsaka kontroversiell i visse miljø. Svendsby seier han ikkje opplever saka som så omstridd, men Dag og Tid har vore i kontakt med jegerar som synest villsvina blir framstilte for negativt i pressa, og som håper dei gode jaktopplevingane også kan få kome fram i lyset. Dei kvir seg for å snakke høgt om det.
Det er grunn til å tru at somme åteplassar har vore meir som fôringsstasjonar, som igjen gir fare for at populasjonen aukar meir enn nødvendig.
Ved årsskiftet vart det ulovleg å fôre villsvin i Noreg, mens åte er fullt lovleg. Men kor skarpt er skiljet mellom åte og fôr? Ifølgje retningslinjene er åte lagt ut med mål om å trekke vilt til åteplassen for å jakte på dei. Åte skal ikkje vere i større mengd enn at det normalt blir ete opp på om lag eit døger. Fôringa har eit anna mål enn jakt: at dyra får tilgang på næring, eller at dei skal avleiast frå for eksempel avling.
– Leikar ikkje butikk
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) er klar over at mange jegerar godt kunne tenke seg ein større villsvinstamme her i landet, men ho er klar på at Noreg ikkje skal legge til rette for ei jaktnæring som i Sverige.
– Nei. Nei. Nei. Her leikar vi ikkje butikk. Villsvin er ei utfordring for norsk fauna. Dei skal ikkje vere til lyst og glede. Vi vil ikkje ha villsvin i Noreg. Var det klart nok, spør ho.
– Kvifor har vi ikkje ein utryddingsplan i staden for ein handlingsplan?
– Vi kan godt ha ein utryddingsplan. Poenget er at vi har ei lang grense. Vi kan aldri garantere at det ikkje kjem dyr inn. Vi skulle ønskje talet på villsvin var null, men har eit mål om færrast mogleg. Å setje opp gjerde langs heile grensa er nær umogleg med tanke på anna vilt. Det må vere realisme i det vi gjer.
– Kva med å sette inn statlege jaktlag?
– Vi vil jo kunne sjå på alle ting. Det finst ikkje noko vedtak om at det ikkje skal til. Men det er viktig for oss å vere realistiske. I Aremark har villsvina vore ein pest og ei plage. Då er det viktig at vi bruker dei som kjenner områda best.
Bollestad har mykje på hjartet. Ho vil få fram at ho alt i fjor sommar vitja bønder i Aremark, at samarbeidsprosjekt mellom bønder, grunneigarar og jegerar er sett i gang, og at ho på eige initiativ, utanfor møteplanen, har tatt villsvinsaka opp i Nordisk ministerråd. Saka skal opp att når dei møtest att til sommaren.
– Eg meiner det er ekstremt viktig at vi så langt som råd får ei felles forståing i Norden. I dag har Sverige éi forståing, medan Noreg og Danmark er veldig samde.
Statsråden skildrar dialogen med Sverige som god.
– Vi har ei utfordring på norsk side ved at Sverige har så mange villsvin, og Sverige har ei utfordring om dei skulle få svinepest. Ein har mindre kontroll på sjukdommen om han kjem med villsvin.
Kjend og framand art
Det var truleg villsvin i Noreg fram til om lag år 1000. Når dei no har vendt attende, vert dei sett på som ein framand art.
– Ein veit ikkje sikkert kvifor dei forsvann, men truleg heng det saman med jordbruk og endra buforhold, kanskje har det òg med endringar i klimaet å gjere, forklarar Inger Maren Rivrud, forskar ved Norsk institutt for naturforsking (Nina).
For natur- og dyrevernarar er villsvin i Noreg eit komplisert spørsmål.
– Det er ikkje så enkelt med villsvin. I Sverige seier dei at villsvina høyrer til, og svensk og norsk natur er ikkje veldig ulik. Villsvin er ikkje ein art som naturen vår er framand for. Derfor vil det ikkje vere rett å bannlyse dei frå naturen vår. Men kvifor har dei kome hit no? Jo, i stor grad fordi jaktinteresser har fôra og sett ut villsvin i Sverige. Det å setje ut dyr til jakt som fører til liding, er ikkje dyreetisk forsvarleg, seier Siri Martinsen, leiaren for dyrevernalliansen Noah.
Martinsen, som sjølv er veterinær, er kritisk til at Veterinærforeininga krev ein plan for å utrydde dyra. Særleg kritisk er ho til grunngjevinga for kravet.
– Eg ser at dei er redde for smitte frå villsvin til tamsvin, og at dei vil utrydde villsvin av omsyn til dyreindustrien. Det er altså kjøtproduksjonen ein prioriterer. Men det blir feil å dømme om ville dyr har rett til å leve i naturen vår, basert på omsyn til dyreindustrien, seier ho.
Martinsen er klar på at regelverket for jakt ikkje bør bli mjuka opp for å få tatt ut fleire villsvin.
– Villsvin er pattedyr som er i stand til å kjenne frykt og smerte. Dei er høgt utvikla dyr som må bli verna av dyrevelferdslova, seier ho.
Gjer dyra sjuke
I Aremark har Svendsby merka konsekvensane av å ha villsvina tett innpå seg. Dei har trakka svart ei grøft som var grøn, dei har ete opp kvar einaste ert på 20 mål som han hadde dyrka til sauefôr.
Verst er det at dei gjer sauene hans sjuke.
– For meg hadde det ikkje særleg konsekvensar før eg starta med sau for fem år sidan. Dei ruslar jo rundt i åkeren, men dei får jo ikkje ete mengder med kveite. Så tapet mitt kjem av at dei grev i graset. Då kjem jordpartiklane inn i graset, og då blir sauene mine sjuke av listeria eller aborterer.
Svendsby vil kvitte seg med villsvina, men trur ikkje det er mogleg.
– Det er berre tull å snakke om å skulle utrydde dei. Villsvina må berre bli forvalta så hardt som mogleg.
Det store spørsmålet er kva som skjer når eller om villsvina kjem seg dei store grønsaksområda i Moss og Rygge, meiner bonden.
– Då blir det haraball, trur eg. Det er vel då ein må setje inn solide tiltak. Spørsmålet er om ein er villig til å gjere det før.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Villsvina må berre bli forvalta så hardt som mogleg.
Ole Svendsby, bonde og grunneigar
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.