Tapte kampen om EØS
Boye Ullmann tapte kampen for å få Fellesforbundet til å gå imot EØS-avtalen, men ser likevel ein viktig siger i vedtaket.
Med 300 mot 218 røyster gjekk landsmøtet i Fellesforbundet denne veka imot å krevje at EØS-avtalen vert sagt opp.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
Samtalen
Boye Ullmann
Organisasjonsarbeidar i Rørleggernes Fagforening
Aktuell
EØS-strid i Fellesforbundet

eva@dagogtid.no
Fellesforbundet, som tradisjonelt har vore den store forsvararen av EØS-avtalen i LO, krev at det vert laga ei offentleg utgreiing som syner kva alternativ Noreg har til dagens EØS-avtale.
Landsmøtet i forbundet vil likevel ikkje krevje at EØS-avtalen vert sagt opp. Det forslaget fall med 218 mot 300 røyster. Det skuffa Raudt-medlem og organisasjonsarbeidar i Rørleggernes Fagforening, Boye Ullmann, stort.
– Ja, det er klart eg er skuffa. Vi var tre røyster unna fleirtal imot EØS-avtalen på landsmøtet i 2015, men då sa Fellesforbundet òg ja til EØS. No har ikkje forbundet noko uttalt syn på avtalen, og det er ein viktig siger. Det har vorte spelt på at ein del var usikre, og at fleire synest det verkar for dramatisk å gå ut. Ein god del EØS-skeptikarar og -motstandarar røysta for utgreiing fordi dei ønskjer meir kunnskap.
– Når vi ser kor mykje trøbbel det å melde seg ut utan å ha ein klar plan for korleis, har skapt for britane, er det ikkje lurt å få ei utgreiing?
– Jau, og vi seier jo òg at vi vil ha ei kunnskapsbasert utgreiing fyrst. Og brexit har tydelegvis skremt mange, men der er det jo strid om heilt andre spørsmål, som grensa mellom Irland og Nord-Irland til dømes. Om det no vert ein no deal-brexit eller new deal-brexit, kjem handelen til å halde fram. EU ønskjer å halde fram med å kjøpe og selje varer frå Storbritannia og omvendt.
– Med krav om utgreiing av alternativ går Fellesforbundet no likevel lenger i EØS-kritikken enn det Ap-leiar Jonas Gahr Støre ønskjer.
– Ja, mykje lenger. I vedtaket står det at vi skal greie ut for alternativa generelt sett, ikkje berre sjå på handlingsrommet i avtalen. Men så får vi jo sjå då, om det vert ei utgreiing som vert laga berre på jasidas premissar, eller om det vert lagt opp til ein kunnskapsbasert debatt der høva for ein handelsavtale med EU vert greidd skikkeleg ut. Canada, Japan og Sveits har handelsavtalar med EU utan å måtte ta imot mykje av EUs politikk.
– Kva er hovudgrunnen til at du meiner Noreg bør gå ut?
– Tilhøva i norsk arbeidsliv har vorte dramatisk mykje verre enn det vi frykta både i 1994 og under austutvidinga med arbeidslivskriminalitet og sosial dumping. Transportsektoren er i ferd med å verte totalt øydelagd. Austeuropearar på korttidskontraktar medfører òg kraftig nedgang i organisasjonsgraden i arbeidslivet. I ein ny LO-rapport vert det påpeika at auka sysselsetjing kjem i bransjar som bygg og anlegg, der det er mykje sosial dumping og innleige, med austeuropearar som er på korttidsopphald i Noreg.
– Arbeidslivskriminalitet er like ulovleg innanfor som utanfor EØS-avtalen?
– Ja, men det er den frie flyten i den indre marknaden og tilgangen på billeg arbeidskraft som legg grunnlaget for mykje av arbeidslivskriminaliteten vi ser i dag.
– Støre meiner problemet ikkje er sjølve EØS-avtalen, men at regjeringa ikkje brukar handlingsrommet i avtalen godt nok. Stemmer ikkje det?
– Problemet er at også Ap er ekstremt lojalt til Brussel, og det har partiet vore sidan EØS-avtalen vart inngått. Talen Støre heldt for Fellesforbundet denne veka, kunne like gjerne vorte halden for 20 år sidan. Det var lovnad på lovnad om at vi skal regulere arbeidslivet, men no har det gått over 20 år med EØS-avtalen, og det er nesten ingen risiko ved å drive med sosial dumping og arbeidskriminalitet.
– Så du trur ikkje på at ei regjering med Ap ville gjort ting annleis?
– Det har som sagt vorte lova i 20 år, samstundes som situasjonen berre har vorte verre og verre. Det er verre i 2019 enn det var i 2015. Det kan vi skulde på dagens regjering. Men mafiaen i målarbransjen vart bygd opp frå 2005 til 2013, under dei raudgrøne, og trass i handlingsplanar mot sosial dumping.
– Fleirtalet i folket vil ha EØS. Hadde ikkje Fellesforbundet spelt seg sjølv utover sidelina ved å gå for utmelding?
– Nei, tvert imot. Då ville vi fått ein demokratisk debatt som sette problemstillingane meir på spissen. Fleire ville skjøna at EØS ikkje er ein handelsavtale, men ei innføring av 12.500 direktiv og forordningar og del av eit marknadsliberalt prosjekt som står i vegen for offentleg styring.
– Kva trur du skjer no?
– Vi håpar det faglegpolitiske samarbeidet skal fungere slik at Støre er nøydd til å opne for ein kunnskapsbasert diskusjon om EØS som inkluderer ein handelsavtael med EU. Det er jo føresetnaden i vedtaket frå Fellesforbundet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er nesten ingen risiko ved å drive med sosial dumping og
arbeidskriminalitet.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.