Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Tårevåt direktør overtydde statsråd

– Direktør Rolf Domstein overtydde meg, og eg overtydde Jens Stoltenberg om at Stad skipstunnel bør byggast, fortel tidlegare fiskeri- og kystminister, Lisbeth Berg-Hansen (Ap).

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lisbeth Berg-Hansen.

Lisbeth Berg-Hansen.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Lisbeth Berg-Hansen.

Lisbeth Berg-Hansen.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

3769
20180202
3769
20180202

Berg-Hansen var statsråd i den raud-grøne regjeringa frå 2009 til 2013. Ein fredag ettermiddag på nyåret i 2012 var ho på veg i bil frå flyplassen i Rørvik til hytta.

– Eg køyrde saman med statsrådskollega Lars Peder Brekk. Vi har hytter i same hyttefelt. Då fekk eg ein telefon. Det var fiskeeksportør Rolf Domstein som ringde. Han var djupt fortvila. Han fortalde at han måtte legge ned foredlingsfabrikken i Måløy på grunn av manglande lønsemd. Eg høyrde at tårene trilla. Og så la han til: Hadde vi endå hatt Stad-tunnelen. Det ville betydd mykje for næringsutviklinga.

Augeopnar

– Dette vart ein augeopnar for meg. Eg burde ha sett det før, seier Berg-Hansen.

– Men Stad-tunnel eller ikkje kunne vel ikkje gjort noko til eller frå for lønsemda hjå Domstein?

– Nei. Men vi som politikarar må legge til rette slik at folk kan bu og pendle til arbeidsplassar på kysten. Eg visste at fylkeskommunen hadde gjort vedtak om at det skulle opprettast snøggbåtrute så snart tunnelen var bygd. Snøggbåtane er som tog for oss som bur på kysten.

– Etter dette laga eg eit regjeringsnotat om saka. Det var så godt at det passerte nålauget hjå statsministeren. Det vart med i diskusjonen om Nasjonal transportplan. Eg fekk tilslutnad i regjeringa.

– Det notatet vil eg gjerne sjå.

– Det kjem eg aldri til å dele med nokon.

– Men finansministeren argumenterte sterkt imot?

– Alle finansministrar argumenterer mot alt ut frå kva som er «samfunnsøkonomisk lønsamt». Men dette handlar om politikk – ikkje matematikk. Eg har sagt at eg skal køyre med båten vår gjennom Stad-tunnelen når tunnelen er ferdig. Om eg må ha med rullatoren, får tida vise, seier Lisbeth Berg-Hansen.

– Passar på pengane

– Finansdepartementet passar godt på pengane våre. Det skal vi vere glade for, seier Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, som mellom anna sjølv har vore finansminister (2000–2001) og statsråd ved Statsministerens kontor 2009–2013.

Han held fram:

– Måling av samfunnsøkonomisk lønsemd dekker ikkje alle aspekt ved eit prosjekt. Svært mange samferdsleprosjekt har negativ samfunnsøkonomisk verdi, men kan likevel ha stor nytte. Stad-tunnelen er vel eit prosjekt som har modna, og eg kan vel seie at vi har tvilt oss fram til eit resultat.

Ingen ruteplanar

Reiarlaget Norled trafikkerer i dag strekningen Bergen–Selje med snøggbåt. Båtane brukar normalt fem timar på strekningen. Ei forlenging av ruta til Ålesund vil gje ei samla reisetid på om lag sju timar, opplyser viseadministrerande direktør Lars Jacob Engelsen.

Selskapet har ingen konkrete planar om å forlenge ruta til Ålesund om tunnelen blir bygd.

– Men det er ein veldig interessant tanke å få eit snøggbåtnett som bind heile Vestlandet saman. Vi må vurdere dette konkret om tunnelen blir bygd. Vi har ei positiv grunnhaldning til bygging av Stad skipstunnel, seier Engelsen.

Han vil ikkje opplyse kor mykje selskapet får i offentleg støtte for ruta Bergen–Selje, men seier det kan utgjere 5–10 prosent av inntektene.

Norled mottek i år 16 millionar kroner i tilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, som subsidierer snøggbåtrutene Bergen–Selje og Bergen–Sogndal, opplyser fylkeskommunen til Dag og Tid.

Fylkeskommunane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal har alle uttala seg prinsipielt for bygging av skipstunnel gjennom Stad. Dei har òg løyvd fleire hundre tusen kroner til prosjektgruppa som har arbeidd for å realisere prosjektet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Etter dette laga eg eit regjeringsnotat om saka. Det var så godt at det passerte nålauget hjå statsministeren.

Lisbeth Berg-Hansen, tidlegare fiskeri- og kystminister

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis