Taxfree-filosofien
No prøver Avinor å levera taxfree-varene direkte heim til deg. Taxfree-modellen vert stadig meir truga, og med det distriktsflyplassane våre.
Avinor tener framleis pengar, men dei tener stadig mindre per passasjer.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix
Taxfree
jon@dagogtid.no
Dersom du vil vita korleis du skal få avgiftsfri sprit og sigarettar direkte på døra med hjelp frå staten, får du halda ut til slutt i denne teksta. I alle høve: Dei utdana mellomlaga med god smak er ikkje så store tilhengjarar av taxfree-ordninga. Det er forståeleg. Taxfree er ikkje bra for handelsbalansen, stort sett alt er laga i utlandet. Taxfree held òg nede sparenivået i samfunnet, vi drikk og røykjer opp framtida. Dessutan fører taxfree til at vi både flyg og tek ferje i mykje større grad enn vi elles ville gjort, dimed går CO2- og NOX-utsleppa opp, og det er ikkje bra korkje for klimaet eller for astmatikarar. Taxfree er heller ikkje særleg effektivt: Når vi fyrst skal ha røyk og sprit, er det betre for samfunnsøkonomien at det vert frakta i bulk fram til nærbutikken eller det lokale polet, enn at kvar einskild nordmann dreg varene over halve verda eller store delar av Noreg.
Det verste er likevel korkje samfunnsøkonomien eller klimaet, men at ordninga skaper eit hòl på tre–fire milliardar i det norske statsbudsjettet, noko sjølvsagt økonomane i grøn skattekommisjon prøvde å lokka finansminister Siv Jensen med i 2015: «Utvalget foreslår å oppheve adgangen til å innføre alkohol- og tobakkvarer toll- og avgiftsfritt. Forslaget innebærer at det ikke kan innføres slike varer uavhengig av hvor de er kjøpt, dvs. heller ikke ved ankomst (kvotene settes til null).» Men som vi hugsar: Framlegget gjorde Jensen like irritert som då KrF pressa gjennom innstramminga i taxfree-kvoten same dagen som dei skulle skriva under budsjettavtalen med regjeringa. Ho avviste framlegget totalt.
Dårleg smak
Det kan forresten vera andre grunnar enn samfunnsøkonomi og klima til at vi med litt utdaning påstår at vi ikkje liker taxfree-ordninga: Ho gjev oss nemleg høve til å stå fram som meir høgverdige. For det er ikkje til å koma forbi: Ordninga minner vel mykje om svenskehandelen, det som Lars Sponheim her i Dag og Tid døypte Harry-handel. Danskebåten er ikkje nett ein studie i luthersk sjølvdisiplin, køane på Gardermoen er noko støyande.
Avinor har sjølv laga åtte typiske kundar på grunnlag av handlemønster og demografi. Desse åtte vert nytta i internt undervisingsmateriell for å få auka handel. Dei to «kundane» – altså statistiske kategoriar som er gjevne særnamn – som er oftast innom taxfree-butikkane på dei norske flyplassane, er «Charter Camilla (58)» og «Reiseglade Reidar & Rebekka (51)», med høvesvis 86 og 85 prosent taxfree-«penetrasjon». «Spreke Sosiale Sigrid (56)», derimot, tek berre turen innom taxfree-butikken 59 prosent av gongene ho er på ein flyplass. Spreke Sigrid bruker dessutan berre 1851 kroner på taxfree i året, Charter Camilla 2302 og Reiseglade Rebekka heile 3642.
Det er kanskje ikkje så uventa at Spreke Sosiale Sigrid nyttar lite pengar på taxfree. Hennar statistiske segment er nemleg «Kvalitetsbevisste kvinner over 60 år, men oppleves som yngre. (…) De er godt beleste og fullt oppdatert på nye trender. De handler økologisk og er villige til å betale ekstra dersom det har høyere kvalitet. Handler ikke så mye, men viktig for henne at det hun handler er bra.» Og i handlekorga legg ho ikkje sprit, men produkt for «Kropp (Biotherm, Clarins, Clinique)».
Bil og charter
Charter Camilla er ikkje der. Ho er rett nok som Sigrid som regel kvinne, men ho elskar bil og nyttar mest på parkering på flyplassane av alle. Dessutan: «Hun er en flyplassentusiast! Hun koser seg på flyplassen. Camilla liker forutsigbarhet og kontroll og charter passer inn med dette. Andre typer ferier er gjerne til steder hun har vært før – så hun vet hva som venter henne.» Og i handlekorga har ho «Sigaretter, Cognac, akevitt, brandy». Ein del av dei som les dette, frys nok litt på ryggen no. Å kosa seg på flyplassen etter å hatt ein triveleg biltur til eit stort parkeringshus, for så å stå i taxfree-kø, er nok ikkje der den typiske Dag og Tid-lesaren er.
Men på den andre sida sett, den typiske Dag og Tid-lesaren er nok glad i distrikta og landsbygda, sidan det er der nynorsken står sterkast. Så då bør vi likevel senda Charter Camilla og Reiseglade Rebekka venlege tankar, for det å handla taxfree er mykje som gambling, det er ein skatt på åtferd som ikkje er særleg rasjonell. Godteri, snus, sigarettar og sprit er ikkje bra for oss, men overskot til Avinor går i høg grad til å halda oppe dei mange distriktsflyplassane i Noreg, flyplassar som stort sett går med underskot.
Billigare laks
Transportnæringa, norske butikkar og ikkje minst lakseoppdrettsnæringa bør òg vera glade i taxfree-ordninga, for ho gjev oss nemleg langt fleire ferjer og reisevegar til kontinentet til mykje lægre prisar enn vi elles ville hatt. Norske og internasjonale trailerar til og frå Noreg får kvart år store indirekte subsidiar frå Charter Camilla og veninnene hennar som tek handleturen til Hirtshals eller Kiel. I eit slikt perspektiv verkar det elles litt underleg at Senterpartiet røysta for innstramminga til KrF og Olaug Bollestad, for den typiske Sp-veljaren liker både den lokale flyplassen og førjolsturen med Kiel-ferja. Skal desse overleva utan taxfree, må dei få løyvingar direkte over statsbudsjettet. Men dei største trugsmåla mot taxfree og Avinor og den norske subsidiemodellen av flyplassar og ferjer kjem nok ikkje frå politikarane, som har fått med seg at det å fjerna kvoten er alt anna enn populært, men frå digitalisering og samanlikning.
Vi nordmenn veit det truleg, men vi tek det tydelegvis ikkje innover oss: Norsk taxfree er dyrt, til dels særs dyrt. At spriten og røyken kostar mykje, er i Color Line og Avinors interesse. Det gjev høgre profitt. Avinor krev til dømes ei nokså symbolsk kvadratmeterleige, og så tek dei mellom 40 og litt over 50 prosent av omsetninga til dei som leiger, varierande frå flyplass til flyplass. Vi nordmenn legg ikkje så godt merke til dei høge prisane, sidan vi kjem frå polet og tobakken på Narvesen, men utlendingar legg merke til prisane. Dei handlar minst av alle på norske flyplassar. Det einaste som løner seg for dei å kjøpa på veg inn i Noreg, er stort sett tobakk, men det har ikkje Avinor lov til å reklamera for.
Mest på taxfree
I alle høve: Avinor tener som kjent ikkje mest på avgifter frå flyselskapa, Avinor tener mest på taxfree og parkering. Dei som bruker desse to tilboda minst, er utlendingar, og aller minst utlendingar som mellomlandar. Den årlege veksten i utanlandstrafikken – dei passasjerane som har høgst klimaavtrykk, men som heldigvis for politikarane ikkje vert registrerte i den nasjonale klimastatistikken – har sidan 2011 vore på heile 7 prosent i året.
Avinor har teke opp stadig meir gjeld for å kunne ekspandera, men syner det seg: Den store veksten er det ikkje Spreke Sigrid eller Charter Camilla som står for, men utlendingar. Årleg vekst for internasjonal transfer har vore på heile 27 prosent, og veksten «utlendingar fritid» – i hovudsak kinesarar som ikkje handlar på flyplassane – har vore på 12 prosent, medan «nordmenn fritid» var på sitt høgste i 2013, før kronefallet. Den auken som er mellom nordmenn, har kome i lågprissegmentet, og dei har i Avinor-lingoen «i snitt lavere handlekurv og penetrasjon». Konklusjonen er klar: «Annen kundemiks enn tidligere år, utfordrer kundeandeler og handlekurver.»
Dette syner att i inntektene. I fjor hadde Avinor eit overskot etter skatt på berre 499 millionar, som var meir enn ei halvering frå 2016 og berre ein femtedel av overskotet frå 2015. Avinor har rekna med ein myke større årleg profittvekst enn dei har fått dei siste par åra, og dimed har gjelda vorte farleg høg, som Riksrevisjonen i ein fersk rapport er sterkt kritisk til. I 2021 kjem det til dømes heile 2,5 milliardar kroner i skuld til forfall. Ja, det er framleis ein viss samla vekst i taxfree-inntektene, men sidan 2013 har det vore nedgang i omsetninga per passasjer.
Må kutta
Spørsmålet er om Avinor kan gjera noko for å bøta på denne inntektsnedgangen per passasjer. Får dei ikkje til det, må dei etter kvart kutta kostnadene sterkt, sidan gjeldsopptaket har vore basert på at den tidlegare veksten skal halda fram. Det er godt mogleg at svaret er nei på spørsmålet, for Avinor har ikkje monopol på taxfree. Alle som reiser ein del, har til dømes lagt merke til at flyselskapa, særleg charterselskap, no bombarderer oss med tilbod om førehandstinging. Vi kan kjøpa dei varene vi vil ha på internett før flyturen, eller tinga på sjølve flyturen dit vi skal. Når vi så dreg heim, står varene i flysetet. Når vi tingar på den måten, tener ikkje Avinor pengar. Då vert det mindre pengar til å betala gjeld og subsidiera flyplassar i distrikta, og då må Avinor taka høgre flyplassavgifter for landing på Gardermoen, og då går flytrafikken ned.
Men ein god del av oss handlar ikkje taxfree i det heile. Grunnane til dette kan vera sosiologiske, «taxfree er upassande», men dei kan òg vera meir praktiske: Vi vil ikkje stå i kø når vi skal fort heim. Det kan vi unngå ved å tinga til heimturen og få varene i setet. Men det kan òg vera at vi ikkje vil bera med oss alle varene heim, og kven med god smak vil eigentleg verta sett med Prince-pakkar og spritflasker? Dette segmentet av ikkje-kundar vil sjølvsagt Avinor ha tak i, men spørsmålet er om metoden dei no har introdusert, ikkje er skyta seg sjølv i foten – eller i legitimiteten.
Avinor tilbyr nemleg for tida å køyra spriten heim til deg. Går ein inn på heimesida til Avinor, kan ein lesa fylgjande: «Avinor tester sammen med Bring og Tax Free nye muligheter for å gjøre reiseopplevelsen enda bedre. Bli en av de første som kan få levert bagasjen og taxfree-varene helt hjem eller dit du skal, trygt og sikkert. Tjenesten er i en testfase og er tilgjengelig i perioden 12. november til 1. desember.» Målet er å gjera denne tenesta fast, Avinor må berre finna ut kva prisnivå dei skal leggja seg på for sjølve tenesta, som no kostar 99 kroner for tre taxfree-posar i Oslo og Akershus, før dei introduserer ordninga permanent.
Genialt?
Ei slik ordning er tilsynelatande smått genial. Alle vi som ikkje vil verta sett med taxfree-varer i det offentlege rommet, slepp no dette. Har du bakrus når du kjem til heimflyplassen og ikkje orkar tanken på sprit, vel, når bakrusen har gjeve seg, ventar varene heime. Alt du må gjera, er å tinga før du reiser, og varene kjem heim utan bryderi.
Men er det slik taxfree-ordninga var meint å fungera? Er det ikkje sjølve turen, det at vi må bera langt, som gjev ordninga legitimitet og ei historisk forankring? Kan henda, men også polet leverer på døra. Og ute i Europa er slike ordningar standard, og Avinor må tilpassa seg marknaden. For det er ikkje det at du er innom ein Avinor-flyplass som gjev deg rett til taxfree, det er sjølve turen. Heinemann, som i praksis driv norsk taxfree, er eit stort internasjonalt selskap som kjøper inn varer til svært låge prisar, mykje lægre enn Vinmonopolet, dei kan til dømes byrja å leva på dørene til dei som reiser. Då må Avinor vera føre var og tilby Heinemann å levera varene for dei.
Det som i alle høve er klart, er at med utviklinga av digitale tenester og stadig betre logistikk, er Avinors rolle som overskotsmaskin truga. På lik line med kjøpesenter rundt omkring i landet merkar Avinor stadig større konkurranse. Dei kan ikkje lenger berre pressa gjennom auka prisar for leige av lokale på flyplassar, for om Heinemann vert tvinga til å setja opp prisane på Gardermoen og med det får lægre profitt, kan selskapet byrja å senda varene direkte heime til folk. Kanalane rundt Avinor vert stadig større og vidare.
Spørsmålet no vert nærast eksistensielt: Kva er eigentleg taxfree-handel for noko?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det å handla taxfree er mykje som gambling, det er ein skatt på åtferd som ikkje er særleg rasjonell.
På lik line med kjøpesenter rundt omkring i landet merkar Avinor stadig større konkurranse.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.