Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ticos

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2005
20180126
2005
20180126

Det stundar mot presidentval i Costa Rica. Har du ikkje fått det med deg? Då kan det vera ei trøyst at costaricanarane – los Ticos – heller ikkje ser ut til å bry seg i år. I Costa Rica er det faktisk forbode å ikkje røysta i slike val, men det er inga straff for å bryta denne lova.

Costa Rica er verdas mest keisame land om ein ser politisk og historisk på det, især om ein ser på Costa Rica slik eg fekk gjera i eit par år, over elva San Juan frå nabolandet Nicaragua, som har fostra (og drepe) martyrar, diktatorar og revolusjonære i overmål.

Costa Rica har ikkje noko slikt, ingen frigjeringsdag og ikkje eingong ein hær. I staden har dei demokrati, relativt velstand, ein stor middelklasse og solide landbrukssamvirke, attåt økoturisme og to til forveksling like konservative og andletslause parti som har bytt på å ta regjeringsansvar.

Costa Rica har med det vore eit fredsælt særsyn i ein verdsdel herja av blod og brann i tiår. For det har dei fått mykje spott, som venteleg kan vera, og mange immigrantar. Men ticoane sjølve har til denne dag vore stolte av det smålåtne styret og demokratiske stellet sitt.

I år kan altså også dette lukkelandet bukka under for ei populistisk tidsånd. Kandidatane for dei etablerte partia blir sedde som korrupte eller tullingar, og utfordraren Juan Diego Castro, presidentkandidat for eit nytt og så godt som programfritt parti, blir kalla «ein tropisk Trump». Han er òg i krig med pressa, og lovar, om han vinn, å stenga den leiande avisa i landet, La Nación, før det har gått eit år.

Då kan me ha det gåande. I takt med at ytringsfridomen svinn, kjem motstanden mot det nye regimet, som det vil bli kalla, til å auka. Ein gerilja veks fram, og president Castro, som altså ikkje har nokon nasjonal hær, kontrar med å hyra inn arbeidslause dødsskvadronar frå Colombia. Og så bortetter – til eit nytt Nicaragua reiser seg frå den costaricanske oska.

Eventuelt kan ticoane gjera som dei plar – putla på med sitt til presidentstyret går over – i 2022.

Jox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis