Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Tragiske telegram

Russisk sensur stoppar journalistikk om krigen i Ukraina. Men overgrepa frå slagmarka kjem likevel fram til mange russarar – ufiltrerte, direktesende på appen Telegram.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dette biletet syner drepne innbyggjarar i den ukrainske byen Mariupol og er publisert i ei gruppe på Telegram med tett opp mot 500.000 abonnentar.

Alle foto frå Telegram

11789
20220325

Tragiske telegram

Russland vert knust, både på slagmarka og i informasjonskrigen. Den russiske mediestrategien er å stengje for all fri informasjon og i staden proppe folk fulle av propaganda. I Ukraina er det annleis: Sivile med mobiltelefon er blitt frontsoldatar som viser korleis landet vert øydelagt av det russiske militæret. Mobilappen Telegram er den einaste staden russarar no kan få usminka informasjon om invasjonen av Ukraina.

Invasjon

redaksjonen@dagogtid.no

«Russisk fred. Ha-ha!» seier ei mannsrøyst på russisk medan han filmar ein forkola person framfor ein utbomba militær lastebil.

«Kom, så skal eg vise dykk meir», held røysta fram medan han går rundt bilen.

«Sjå her, endå ein sau.» Videoen syner eit utbrent lik som ligg delvis slengt ut av førarsetet på det som har vore eit russisk militærkøyretøy. Kameraet går vidare mot baksida av bilen. Der stikk beinrestar opp av bagasjerommet. Her har fleire russiske soldatar blitt brende i hel.

«Ukrainsk grill er dødeleg for okkupanten», heiter videoen og er ein av mange hundre grufulle vitneprov frå den ukrainske slagmarka som er publiserte på appen Telegram den siste månaden.

Parallelt med den konvensjonelle krigen i Ukraina går det no føre seg ein informasjonskrig. Russiske styresmakter har i praksis stengt for ei truverdig rapportering av krigshendingane på russisk for eit russisk publikum. Regimekritiske russiske aviser er sensurerte eller stengde, sosiale medium som Facebook, Twitter, Instagram og WhatsApp er blokkerte. Utanlandske nettaviser som publiserer på russisk, vert forsøkt utestengde frå Russland.

Men framleis er den russiskutvikla appen Telegram open, også i Russland. Her vert krigens elende bretta ut for eit breitt publikum, ufiltrert, uredigert og utan redaktøransvar. Tilgangen på informasjon her er enorm. Enkelt kan dei 500 millionar brukarane av Telegram, mange av desse i Aust-Europa og Russland, abonnere på ulike kanalar der dokumentasjon frå krigen vert lagd ut, i ein stri straum døgnet rundt:

Videoar av drepne soldatar, angrep mot militærkøyretøy. Bilete av avlidne soldatar og sivile på sjukehus. Born med granatsplintar i heile kroppen. Bombing av bustadblokker. Russiske soldatar som skyt mot demonstrantar. «Intervju» med krigsfangar som med våpen peikande mot seg, fortel kor mykje dei hatar president Putin før dei roper: «Slava Ukraini!» Mykje av materialet inneheld avrivne kroppsdelar, andlet som ikkje er til å kjenne att og lemlesta menneske. Kanalane publiserer både på ukrainsk og på russisk, men også på engelsk.

Til no har fleire tusen soldatar falle i krigen. Truleg har det falle like mange på ukrainsk side som på russisk. Men mangelen på dokumentasjon av avlidne ukrainarar på Telegram kan henge saman med at russiske soldatar måtte levere inn mobiltelefonane sine før dei gjekk til invasjon. For det er mobiltelefonen som er våpenet i kampen om narrativet som no utspeler seg.

Og Russland slit, både på slagmarka og i informasjonskrigen. Den russiske mediestrategien er å stengje for all fri informasjon og i staden proppe folk fulle av propaganda. I Ukraina er det annleis: Sivile med mobiltelefon er blitt frontsoldatar som viser korleis landet blir øydelagt av det russiske militæret.

«Kvifor i helvete kom de hit til landet vårt», seier ei mannsrøyst på russisk medan han filmar ein død soldat som ligg i eit skogholt like ved ei forlaten stridsvogn med bokstaven Z skriven på.

Mesteparten av videoane Dag og Tid har sett gjennom den siste veka, har ei klar proukrainsk haldning og syner øydelagt russisk militærmateriell og drepne russiske soldatar. Nokre av videoane dokumenterer krigsbrotsverk og viser ei omsynslaus framferd overfor ukrainske sivile og soldatar som skal vere verna av krigens reglar gjennom folkeretten.

Men fleire videoar syner òg grupper av ukrainarar, både sivile og militære, som tek lova i eigne hender og utfører grove overgrep mot sivile.

Ein video er teken opp framfor eit hus med ukrainsk flagg og er publisert i ei Telegram-gruppe med rundt 25.000 abonnentar denne veka. To unge menneske, ei kvinne og ein mann, har fått buksene trekte ned og er bundne fast til eit tre medan ei eldre kvinne går rundt og piskar dei.

Dei to skal vere tekne då dei plyndra eit hus, står det i videoen. Fleire innbyggjarar kjem til, men ingen ser ut til å bry seg nemneverdig med at dei to menneska vert utsette for offentleg sjølvtekt. Personen som filmar, går nærare og filmar andletet til kvinna. Ho skrik i smerte kvar gong slaget kjem. Det ligg ei rekkje slike videoar ute med sivile ukrainarar som er surra fast med tape til lyktestolpar og tre og banka opp. Det er tydeleg at det er lovlause tilstandar mange stader der krigen har herja på det verste.

Ein video er merka Fastov, som er ein by sør for Kyiv, der det ukrainske forsvaret framleis har kontroll. Væpna og uniformskledde menn med finlandshetter har bunde to nakne menn til ein lyktestolpe i ei sentrumsgate. Minst tre personar står rundt og filmar medan ein mann med stokk slår mot den nakne baken.

Om ein ikkje nyttar ein såkalla VPN-nøkkel for å kome seg forbi det strenge sensurregimet i Russland, er Telegram den einaste staden russarar no kan få usminka informasjon om det som skjer i Ukraina.

Litt historie: Telegram vart skipa av den russiske IT-kremmaren Pavel Durov og bror hans, Nikolaj, i 2013. Tenesta er i dag den mest populære meldingstenesta i det tidlegare Sovjet, med over ein halv milliard brukarar.

Telegram er populær av fleire grunnar: Appen kan nyttast både til å sende meldingar og til å ringje til andre, kryptert, noko som er etterspurt i denne delen av verda med stor tettleik av autoritære regime.

Men Telegram tilbyr også brukarane å opprette eigne kanalar, eller grupper, der til dømes eit mediehus kan publisere nyhende. Brukarar kan abonnere på dei ulike gruppene og få informasjon direkte på telefonen døgnet rundt. Kvar gruppe kan ha opptil 200.000 medlemer og overgår langt på veg tradisjonelle mediehus i rekkjevidd og brukartilpassing. I Ukraina-krigen er det slike grupper som gir russarar informasjon om det som går føre seg på slagmarka.

Pavel Durov hadde våren 2014 i fleire år vore i konflikt med russiske styresmakter om persondata frå Russlands svar på Facebook, Vkontakte, eit selskap han hadde skipa mange år tidlegare, og som var langt meir populært enn den amerikanske fetteren i Russland.

Etter dei store protestane mot valfusket ved parlamentsvalet i 2011 ville russiske tryggingstenester ha tilgang på informasjon om brukarar som oppmoda til demonstrasjonar. Men no hadde konflikten mellom staten og Vkontakte akselerert: Russland hadde nett annektert Krim. Og på Vkontakte var det mange russarar (og ukrainarar) som uttrykte misnøye mot det russiske regimet.

Durov nekta å utlevere brukaropplysningar. Då skjedde det som ofte skjer i Russland: Først vel Durov å selje aksjane sine i Vkontakte til personar tett på det russiske regimet. Så blir han tvinga til å gå av som direktør. Durov flyttar frå Russland og erklærer at han aldri skal tilbake. Durov held fram karrieren som IT-kremmar og er no blitt fransk statsborgar.

Telegram dukka opp då til­-
høvet mellom Durov og russiske styresmakter vart vanskeleg rundt Vkontakte. Og Telegram har vorte mykje brukt av demokratiforkjemparar i Kviterussland og Hongkong, sidan det er lett å bruke meldingstenesta til å spreie informasjon raskt.

Men Telegram får også kritikk for å ikkje ta personvern på alvor. Det er naudsynt å registrere eit telefonnummer til kontoen, noko som gjer anonymitet vanskeleg. Telegram har heller ikkje såkalla standard ende-til-ende-kryptering, som vil seie at berre avsendaren og mottakaren kan dekryptere og lese meldingane.

Omfanget av bilete frå krigen på sosiale medium er enormt – utanfor kontroll både for ukrainsk og for russisk side.

Eit døme er ein video der to blodige russiske flygarar er tekne til fange og sit på lasteplanet på ein bil som køyrer fort gjennom eit snødekt myr- og skoglandskap. Kontoen har drygt 20.000 abonnentar, men er delt vidare til fleire andre grupper. Ein ukrainar skrik på russisk medan han filmar:

«Helvete heller, vi prøver igjen: Kor er du frå? Kva er namnet ditt?»

«Altaj-regionen», svarar den første.

«Kva heiter du?»

«Serikin.»

«Sevirin? Svar skikkeleg, for satan!»

«SE-RI-KIN.»

«Og kor i helvete er du frå», spør mannen soldat nummer to.

«Lipetsk.»

«Lipetsk, jaha. Kva faen gjer du her?»

«Vi kom for å berge ein person.»

«Kva forbanna person er du her for å berge? De steikjer innbyggjarane våre til døde! Veit de kvar er de på veg hen, faen, kva land de er i no?»

«Ukraina», svarer den første.

– Omfanget av bruken av sosiale medium er heilt unikt i Ukraina no, seier Kristin Skare Orgeret, professor i journalistikk og leiar av forskingsgruppa Medier, krig og konflikt ved OsloMet.

– Det er svært mange i Ukraina som har mobiltelefon. Dermed er tilfanget av videoar, bilete og vitneskildringar stort.

Aage Borchgrevink i men­neske­retts­organisasjonen Helsingfors­komiteen er nett tilbake frå ei reise til Ukraina. Saman med lokale menneskerettsforkjemparar er dei i full gang med å dokumentere krigsbrotsverk.

Borchgrevink kjenner til innhaldet i videoar og bilete som vert publiserte og distribuerte på Telegram. At appen ikkje filtrerer ut dei mest grufulle bileta, har både fordelar og ulemper.

– Kringsetjinga av Mariupol kan ha teke tusenvis av sivile liv. Dette er eit stort krigsbrotsverk, på nivå med Syria. I dei okkuperte områda ser vi at russiske styrkar angrip uvæpna demonstrantar. Det finst ei rekkje døme på forsvinningar. Dette er eit terrorregime bortanfor lov og rett, seier Borchgrevink.

Han samanliknar dagens Ukraina med måten russiske soldatar har gått fram på i Tsjetsjenia.

Men også på ukrainskkontrollert område vert lov og rett sett til side. Menneskerettsgruppa Zmina har teke avstand frå ukrainske sjølvjustisgrupper som arresterer, audmjukar og torturerer personar mistenkte for plyndring, eller maradjer på russisk.

– Har de dokumentert overgrep frå ukrainsk side?

– Ja, tidlegare. Men no fokuserer menneskerettsgruppene meir på grove brotsverk, og vi har ikkje til no fått informasjon om at ukrainarar har kidnappa, torturert eller avretta krigsfangar eller sivile.

Borchgrevink fortel at det også finst dokumentasjon på krigsbrotsverk utførte av dei nynazistiske og ytterleggåande gruppene Azov og Høgre sektor, frå krigens tidlege fase i 2014 og 2015.

– Det gjeld gisseltaking, tortur og drap. Noko av dette har vore etterforska av ukrainske styresmakter. Det er stor skilnad på Ukraina og Russland. Det skjer inga etterforsking av slike saker i Russland. Vi har namn på personar som har utført desse overgrepa, og har dei med oss til domstolen i Strasbourg. Men ingenting skjer i Russland med desse personane. Det er straffridomen i desse sakene som er drivaren i slike konfliktar, seier Borchgrevink.

Dag og Tid har sjekka autentisiteten til bileta etter beste evne, men må likevel ta atterhald om at det kan vere forfalskingar og feilinformasjon.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kristin Skare Orgeret, OsloMet

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis