Trong fødselshjelp
Høgre har opna for eggdonasjon og assistert befruktning for einslege. Men det er ikkje garantert at så mange fleire får hjelp til å få barn i Noreg av den grunn.
I dag er det mogleg for par å få assistert befruktning i Noreg ved Fertilitetsseksjonen ved St. Olavs Hospital i Trondheim (biletet) og ved seks andre sjukehusavdelingar og fem private klinikkar rundt om i landet.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Fertilitet
eva@dagogtid.no
Fødselstala blant norske kvinner har gått ned kvart år sidan 2009 og var i 2017 på 1,62 barn per kvinne, det lågaste målte i Noreg nokon gong, ifølgje Statistisk sentralbyrå.
Trenden er at stadig fleire ventar lenger med å få fyrste barn, og færre får like mange barn som kvinner fekk før. Somme har òg problem med å verte gravide.
Tal frå Helsedirektoratet fortel at kvart tiande par i fruktbar alder er ufrivillig barnlause, og at mellom 3 og 4 prosent av dei rundt 60.000 barna som vert fødde i Noreg kvart år, har kome til ved assistert befruktning utført i Noreg. I 2014 førte slike behandlingar i Noreg til 2074 barn.
Når Høgre no har opna for å tillate eggdonasjon og assistert befruktning for einslege for å hjelpe fleire barnlause med å få barn, kan dette talet på sikt kome til å auke. Men det er ikkje gjeve.
Sprengd kapasitet
I dag er det mogleg for par å få assistert befruktning i Noreg. Sæddonasjon er tillate, men berre så lenge donoren er kjend og barnet kan få vite identiteten når det har fylt 18 år. Eggdonasjon, som vil seie befruktning utanfor kroppen ved hjelp av eggceller frå ei anna kvinne, er forbode. Einslege som ønskjer assistert befruktning og dei som ønskjer eggdonasjon, må utanlands for å få hjelp.
Det same gjer òg ein del av dei som alt kan få hjelp i Noreg. Det seier Lise Boeck Jakobsen, som er styreleiar i interesseorganisasjonen Ønskebarn. Grunnane til å reise utanlands kan vere låg kapasitet, lang ventetid, at aldersgrensa for å få behandling er for låg, eller at det kan løne seg å reise ut jamført med å få behandling ved ein privat klinikk i Noreg, seier ho. Som følgje av EUs pasientrettsdirektiv kan norske statsborgarar få refundert utgifter til helsehjelp i andre EØS-land, som svarar til hjelpa dei kan få i Noreg.
– Dei fleste som reiser utanlands, gjer det nok for å få behandling som ikkje er tillaten her, men vi får òg tilbakemelding frå fleire som reiser ut for behandlingar som finst i Noreg. Ein del reiser til dømes for å få gjennomført søskenforsøk, som det er lange ventelister på her. Å hjelpe folk med å få barn er forholdsvis lågt prioriterte ved sjukehusa i Noreg, seier ho.
Samstundes med at det no kan verte opna for assistert befruktning for fleire, har den statlege finansieringa av assistert befruktning det alt er tilbod om i Noreg, vorte redusert. Det fortel klinikkleiarane ved dei største sjukehusa i landet. Reduksjonen skjer sjølv om etterspurnaden ikkje har vorte mindre.
Peter Fedorcsak som er avdelingsleiar ved Kvinneklinikken ved Oslo universitetssjukehus, seier at finansieringa per behandling er redusert slik at det no er mindre sjanse for ein framtidig auke i pasienttilstrøyminga.
Talet behandlingar ved Kvinneklinikken har auka år for år, frå 2700 i 2014 til 2900 i 2016, og i år reknar Fedorcsak med at dei kjem over 3000 behandlingar. Klinikken heldt stengd ein periode i fjor for å byggje om og effektivisere.
– Vi fekk ingen nye tilsette, men omorganiserte, endra logistikk og utvida arbeidstida for å kunne behandle pasientar sju dagar i veka. Vi har ikkje midlar til å behandle fleire utan å auke kapasiteten i form av lokale, tilsette og arbeidstid. Det vil krevje nye investeringar, seier han.
Eva Wensaas, som er fungerande avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, seier reduksjonen i den innsatsstyrte finansieringa for assistert befruktning kjem av betre kostnadsdata frå sjukehusa i 2018, der sjukehusa sjølv reknar kostnadene per pasient.
Redusert tilbod
Oslo universitetssjukehus har som hovudsak slutta å tilby syskenforsøk for par som har barn frå før, for å prioritere å hjelpe fleire i staden.
Det same har Fertilitetsavdelinga ved Sjukehuset Telemark i Porsgrunn nyleg gjort, etter jamn auke i talet på par som søkjer assistert befruktning ved sjukehuset. I tillegg vart aldersgrensa for kvinner som kan få behandling i Telemark, redusert frå maks 39,5 år til maks 38 år i januar.
– Vi har nådd taket for kor mange vi kan behandle i året om vi skal gjere det forsvarleg med tanke på ressursar, som areal, utstyr og personale. Då vi møtte auka etterspurnad igjen, måtte vi setje ned aldersgrensa for å få behandling og redusere tilbodet om syskenforsøk for å balansere behovet opp mot kva vi kunne tilby, seier overlege Hans Ivar Hanevik ved fertilitetsavdelinga ved Sjukehuset Telemark.
Å auke kapasiteten vart vurdert, men med dei stadige innstrammingane frå Helsedirektoratet, gjekk ikkje reknestykket opp, seier han.
– Det ville vore eit tapsprosjekt for oss å auke kapasiteten, seier Hanevik.
Oslo universitetssjukehus, Haukeland universitetssjukehus og fertilitetssenteret ved Haugesund sjukehus har òg aldersgrense på 38 år, medan St. Olavs Hospital i Trondheim tidlegare tilbaud behandlingar for kvinner opp til 43 år. Etter stor pågang frå resten av landet måtte sjukehuset fyrst redusere aldersgrensa ein gong, deretter ein gong til. Frå 1. april i år er grensa sett til 40 år. Det fortel overlege Øyvind Nytun ved fertilitetsklinikken på St. Olavs Hospital.
– Det er berre å orsake, men på grunn av at Oslo og Porsgrunn har sett ned aldersgrensene sine og redusert i syskenforsøka, fører det til sprengt kapasitet hjå oss. Skal vi auke kapasiteten vår ytterlegare, må det tilførast nye ressursar, det er det ingen tvil om, seier han.
– Meir akseptert
I 2017 fekk 838 par assistert befruktning ved St. Olavs Hospital. Det er ein auke på 20 prosent sidan 2007. Det meste av auken har skjedd dei siste to åra, ifølgje Nytun. Ein tredjedel av dei som får assistert befruktning ved sjukehuset, kjem frå andre helseregionar.
Haukeland universitetssjukehus melder òg om auka pågang dei siste åra, mellom 5 og 10 prosent, og Haugesund sjukehus opplever ein liten auke, medan talet behandlingar ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg har vore nokså stabilt dei siste ti åra.
Hanevik ved Sjukehuset Telemark meiner noko av grunnen til auken kan vere stadig større medvit og mindre tabu kring barnløyse. Assistert befruktning har vorte ein meir akseptert måte å få barn på.
Fedorcsak ved Oslo universitetssjukehus seier folk som har vanskar med å få barn, òg søkjer hjelp tidlegare no enn før. Han meiner derimot ikkje det er godt nok dokumentert at samla etterspurnad etter assistert befruktning faktisk har auka. Større pågang ved offentlege klinikkar kan kome av at det er mogleg å søkje om behandling fleire stader samstundes, og at kostnaden ved å få hjelp ved ein offentleg klinikk er lågare enn ved ein privat, meiner han.
– Når eigendelen er så låg hjå det offentlege og så høg privat, er det klart søknadsmengda aukar hjå det offentlege, seier han.
Par som får assistert befruktning ved Oslo universitetssjukehus, betaler 1500 kroner per gjennomført forsøk, i tillegg til eigendelen for konsultasjon hjå legespesialist, som er på 320 kroner, ifølgje Fedorcsak. I tillegg må dei dekkje utgifter til medisinar opp til 17.416 kroner. Medisinbruk utover det vert refundert av staten.
Ved dei private klinikkane i Noreg kostar eit prøverørsforsøk mellom 31.000 og 34.000 kroner. Òg her vert medisinbruk utover eigendelen refundert av staten.
I 2017 betalte staten om lag 37,5 millionar kroner i støtte til medikament og hormonpreparat i samband med infertilitetsbehadling i Noreg, til rundt 3200 søkjarar totalt. Det fortel avdelingsdirektør Janne Kraugerud i Helfo.
Fleire behandlingar
Ved den private Livio IVF-klinikken i Oslo vert det gjennomført rundt 950 behandlingar med assistert befruktning årleg.
– Vi har over tid opplevd stadig aukande pågang og gjer fleire behandlingar no enn for nokre år sidan, seier klinikksjef Nan B. Oldereid.
Kvinner kan få behandling ved IVF-klinikken til dei er 42, i nokre tilfelle òg opp til 45 år. Oldereid er glad for at det vert opna for eggdonasjon og behandling for einslege kvinner òg, og seier klinikken skal vere klar til å ta imot dei som ønskjer det, når behandlinga vert godkjent i Noreg.
Det same melder klinikksjef Jon Wegner Hausken ved Klinikk Hausken i Haugesund. Klinikken har i tillegg avdelingar i Bergen og Stavanger og opna i fjor òg i Oslo. Nyopninga har medført ein auke i talet behandlingar, men utover det har ikkje Hausken hatt auke av pasientar dei siste åra. Han seier mange kjem til privat behandling etter å ha brukt opp dei tre forsøka det offentlege dekkjer utgiftene til.
– Vi kan starte eggdonasjon og tilby behandling for single kvinner i morgon. Det står ikkje på kapasiteten. Sæddonorar har vi òg. Men når det gjeld eggdonasjon, må vi fyrst få vite kva nasjonale reglar som skal leggjast til grunn, seier han.
Uvisst omfang
Kva reglar som kjem til å gjelde for eggdonasjon i Noreg, er ikkje avklart. Det som er klart, er at det er politisk fleirtal både i regjeringa og på Stortinget for å tillate eggdonasjon – med kjend donor – og assistert befruktning for einslege.
Stortinget skal om kort tid ta stilling til saka i meldinga om bioteknologi. Deretter kjem lovhandsaminga med høyringsprosessar og ny avklaring både i regjeringa og på Stortinget. Dermed kan det ta år før ei ordning tek til å gjelde. Det skjer tidlegast i 2020, mest realistisk i 2021, har helseminister Bent Høie (H) sagt til Vårt Land.
Blant spørsmåla som må avklarast innan det, er kven som skal kunne donere egg, aldersgrense for donor og mottakar, i kva grad egg- og sæddonasjon skal kunne kombinerast, og økonomiske forhold rundt donasjon og behandling. Her kan det kome fleire politiske kampar framover.
Det er òg eit ope spørsmål kor stor etterspurnaden etter eggdonasjon kjem til å vere. Fleire norske kvinner har alt nytta seg av denne befruktningsforma, som er lovleg i over 20 andre europeiske land, inkludert i nabolanda våre Sverige, Danmark, Finland og Island. Kor mange som har fått hjelp utanlands, finst det derimot ikkje oversikt over, verken når det gjeld eggdonasjon eller assistert befruktning for einslege eller for par, som det alt finst tilbod om i Noreg.
Helfo, som refunderer kostnader for assistert befruktning utanlands til par som kvalifiserer til behandling òg i Noreg, fekk i 2016 og 2017 til saman 54 søknader om refusjon, men berre 14 av desse vart godkjende.
Lise Boeck Jakobsen i Ønskebarn seier par som ønskjer eggdonasjon i dag, reiser til Russland, Spania, dei baltiske statane eller Finland for å få hjelp. Ein spansk klinikk har opplyst til interesseorganisasjonen at dei behandlar mellom 50 og 100 norske par i året.
Ein del som reiser utanlands for å gjennomføre syskenforsøk, dreg til Maigaard Fertilitetsklinikk i Århus. Mange av dei single dreg til StorkKlinik i København, ifølgje Jakobsen.
Maigaard hadde ikkje høve til å trekkje ut tala for norske kundar då Dag og Tid tok kontakt, men StorkKlinik opplyser at dei i fjor gjennomførte 200 prøverørsbehandlingar av norske kundar. 150 av behandlingane var av single kvinner.
– Talet på norske kundar går litt opp, og eg kan sjå at vi òg får fleire og fleire norske kundar til eggdonasjon, seier Lene Schou Berling ved StorkKlinik.
Opne spørsmål
Hanevik ved Sjukehuset Telemark seier moglegheita til å kunne hjelpe fleire barnlause via eggdonasjon i Noreg er heilt avhengig av korleis politikarane vel å organisere donortenesta.
– Så langt er det føreslege at berre kvinner som sjølv får assistert befruktning, skal kunne donere egg, men med ei slik tilnærming er det høgst usannsynleg at vi kjem til å kunne dekke behovet for egg i Noreg i overskodeleg framtid. Elles må politikarane òg avgjere om assistert befruktning skal vere ein naturleg del av det offentlege helsetilbodet, eller om den stadige kostnadsnedjusteringa og nedprioriteringa vi har sett til no, betyr at dei vil overføre all norsk reproduksjonsmedisin til private helsetilbydarar, seier han.
Nytun ved St. Olavs Hospital er ikkje overtydd om at eggdonasjon kjem til å verte særleg utbreidd i Noreg.
– Det er vanskeleg å drive donorarbeid. I dag ser vi kor vanskeleg det er å rekruttere sæddonorar, og det trur eg fyrst og fremst har å gjere med forbodet mot anonym donor. Skal vi drive donorarbeid i tillegg til behandling, må vi ha tilført ein del ressursar.
– Eg trur nok det kan verte ein del ventetid og kø, og at det framleis vil vere mange som reiser utanlands. Men det er gledeleg at det no er politisk fleirtal for å opne for eggdonasjon. Det viktigaste ved det er signalet det gjev par om at eggdonasjon ikkje er noko gale. Så står det att å sjå om det vert nokon suksess eller ikkje, seier han.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det ville vore eit tapsprosjekt for oss å auke kapasiteten.
Hans Ivar Hanevik, overlege i ved Sjukehuset Telemark
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.