Trump regjerer ved å bryte reglane
Donald Trumps skremmande utspel om Nord-Korea og toll kan bere frukter.
Tida vil vise om det blir eit møte mellom den nordkoreanske statsleiaren Kim Jong-un og president i USA Donald Trump.
Fotomontasje: Lucas Jackson / Reuters / NTB scanpix
Eg er ein skotte frå middelklassen, så på skulen spela eg rugby, ikkje fotball. Ein dag kom ein ny gut med stipend til The Glasgow Academy. Han var uvanleg storvaksen for alderen. Arbeidarklasserøtene hans hadde gjeve han anlegg for både verbal og fysisk vald. Han gjekk med eit sjølvsikkert ganglag vi såg opp til med ærefrykt. Den einaste feilen til dette sjeldne eksemplaret var at han ikkje hadde peiling på ein einaste av reglane i rugby. Men i løpet av den første kampen han var med i, synte han kvikt at vankunna hans ikkje var noko handikap. Så svær var han, og så aggressiv, at alt vi hadde å gjere, var å gje han ballen og syne han rett retning. Han braut regel etter regel, og vart straffa, sjølvsagt, men det spela inga rolle. Kvar gong han fekk ballen, skåra han. Eg lærte ei viktig lekse den dagen. Det er at medan reglar gjeld for oss alle, er dei ikkje like heftande for alle.
Dei siste påfunna til president Donald Trump har mint meg om den gamle skulekameraten min. I løpet av den siste veka – ja, i løpet av det siste året – har Trump brote den eine politiske regelen etter den andre. «Då eg melde meg inn i det konservative republikanske partiet», sa ein framifrå tenkjetanktenkjar til meg førre torsdag, «trudde eg konservatisme stod for fri handel, ansvarleg skattepolitikk og personleg karakter.» Han kunne lagt til «med fast hand overfor diktatorar».
Det er sant at Trump ikkje er den første republikanske presidenten som legg toll på import, skaper eit digert budsjettunderskot og går med på å møte ein kommunisttyrann. (Eg er temmeleg viss på at han er den første som blir saksøkt av ei pornostjerne, men la oss halde Stormy Daniels utanfor dette.) Både Richard Nixon og Gerald Ford innførte toll på grunn av den nasjonale tryggleiken. Både Ronald Reagan og George W. Bush skapte monalege budsjettunderskot. Og dersom Trump reiser til Pyongyang, vil det vere eit umiskjenneleg ekko av Nixons berømte tur til Beijing i 1972.
Likevel er det så å seie allmenn semje blant politiske kommentatorar om at Trump bryt alle reglane. Ved å annonsere ein tollsats på 25 prosent på stålimport og 10 prosent på aluminium vil han ikkje berre skade alle dei sektorane av den amerikanske økonomien som er avhengige av desse importvarene, men han risikerer òg å styrte verda ut i ein proteksjonistisk handelskrig når han øydelegg den liberale internasjonale ordenen som er så mødesamt bygt opp av amerikanske statsmenn sidan 1945.
Ved å gå med på å treffe den nordkoreanske diktatoren Kim Jong-un går han i den fella som andre presidentar var varsame nok til å unngå, for Kim vil leggje det ut som ein diplomatisk siger: «Sjå! Den åreforkalka gamlingen handsamar meg som sin likemann!» Og så vil han bryte kva avtale som enn måtte kome i stand, slik far hans gjorde i 1990-åra.
For røynde observatørar av livet i Washington er dette verkeleg eit sjokkerande vis å drive regjering på. Det mest sjokkerande er ikkje så mykje politikken, som måten han blir til på. Då Gary Cohn gjekk av for eit par veker sidan som sjefrådgjevar for presidenten i økonomiske saker, var det berre den siste av ei rad avgangar frå Det kvite huset. Det er ikkje slik det er forventa å verke. I det andre året av kva regjering som helst, reknar ein med at dei vaksne har teke ansvar for styre og stell.
Og likevel, desse kommentatorane minner meg meir og meir om rugbydommarane frå skuletida mi, som bles i fløyta i makteslaus fortviling medan den største spelaren på banen gjekk amok.
Rett skal vere rett: Trump er i stand til å vere sjølvironisk. Talen han heldt for to veker sidan under middagen i Gridiron Club, kunne like gjerne vore halden av Alec Baldwin, som har fått sving på karrieren att etter Trump-imitasjonane på Saturday Night Live.
«Eg vil ikkje avskrive direkte samtalar med Kim Jong-un», sa Trump, «det vil eg berre ikkje. Når det gjeld risikoen ved å ha med ein galning å gjere, er det hans problem, ikkje mitt.»
Han mora seg òg med å drive litt ap med versonen. «Eg vil gjerne be om orsaking for at eg er litt sein», byrja han, «for Jared kom ikkje gjennom tryggingskontrollen.»
Og Trump såg på den noverande jobben sin i kontrast til den tidlegare rolla som programleiar for The Apprentice: «I den eine jobben laut eg styre ein håplaus gjeng som var ville etter å få sleppe til på fjernsynet, fullstendig ubudde på rollene sine og livredde kvar veke for å få fyken, og i den andre jobben var eg programleiar for ein sensasjonell TV-suksess.»
«Det er så mange som har forlate Det kvite huset,» heldt presidenten fram, «det har vore spennande og stimulerande ... Eg likar kaos. Så kven blir den neste som dreg? Steve Miller, eller Melania?»
Her er ein mann som er i sitt ess når han bryt reglane, fordi det er den måten han styrer på. Legg òg merke til at midt i dei komiske innslaga sine, avslørte Trump nett det han har planlagt å gjere med Nord-Korea. «Forresten», sa han, «for eit par dagar sidan sa dei: ’Vi vil gjerne snakke’. Og eg sa: ’Det vil vi òg, men de må kvitte dykk med atomvåpena, de må kvitte dykk med atomvåpena.’ Så la oss sjå kva som skjer ... Vi vil møtast, og så får vi sjå om det skjer noko positivt.»
Ikkje eit einaste nyhendemedium fekk med seg at dette ikkje var ein spøk. Ikkje før sørkoreanarane kunngjorde at Trump verkeleg hadde gått med på å møte «den vesle rakettmannen», gjekk det opp eit lys. Han gav dei ikkje fake news, han gav dei real news – og ingen av dei merka det.
Sjølvsagt kan alt dette ende i den apokalyptiske katastrofen som kritikarane av presidenten har spådd ad nauseam. Men tenk over, om du vågar, kva ein historikar kan kome til å skrive ein vakker dag i framtida:
«President Trump hadde inga erfaring med utanrikspolitikk, men han skjøna snart kor katastrofalt elendig forgjengaren hans hadde handtert atomtrugsmålet frå Nord-Korea. Han la vedvarande press på Pyongyang, direkte gjennom FN-vedtekne sanksjonar, og indirekte ved å presse Kina med trugsmål om militære tiltak eller handelskrig.
I mars 2018 trappa han opp presset ved å kunngjere nye tollsatsar på stål- og aluminiumimport. Desse tollsatsane ville vere til større skade for USAs allierte enn Kina, men Kina skjøna bodskapen. Xi Jinping var heilt på det reine med at ein handelskrig frå USA si side mot Kina ville skade Kina meir enn USA, med ein mogleg reduksjon av kinesisk eksport til USA med så mykje som 20 prosent.
Dei som var kritiske til presidenten, vart forbløffa over avtalen mellom USA og Nord-Korea om avgrensing av strategiske våpen, som vart underteikna i Pyongyang i 2019, og mållause då handelsavtalen mellom Kina og USA låg føre i 2020, ein avtale som forpliktar Kina til å fjerne det bilaterale handelsunderskotet ved slutten av den andre presidentperioden hans.»
Kunne det skje? Eg veit det verkar som innbilling – og vil bli avfeia av somme lesarar som eit uforsvarleg forsvar av ein regelbrytande regent. Men som eg sa, Nixon innførte 10 prosent toll på nær sagt all import i august 1971. Han reiste til Beijing i februar 1972. Og han vann ein overveldande valsiger i november same året.
Reglar er til for å brytast, i diplomati så vel som i rugby.
Einerett: The Sunday Times /
Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle
Niall Ferguson og Paul Krugman skriv denne spalta annakvar veke.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Rett skal vere rett: Trump er i stand til å vere sjølvironisk.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»