JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

Trur fleire vaksinar vil løne seg

Om fleire får covid-vaksine, vil det truleg vere svært lønsamt for samfunnet, meiner virusekspert Rebecca Cox.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: UiB

Foto: UiB

3844
20240315
3844
20240315

peranders@dagogtid.no

Sist veke la fagdirektør Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet fram argumenta for den norske covid-strategien i eit intervju i Dag og Tid. Den inneber vaksine berre til definerte risikogrupper, medan immuniteten i befolkninga elles skal haldast oppe ved at dei fleste blir smitta av covid-19 igjen og igjen.

Rebecca Cox, professor i medisinsk virologi og leiar for Influensasenteret ved Universitetet i Bergen, er ikkje overtydd om at strategien er rett. Cox er leiar for ei eiga forskargruppe på covid-19 ved UiB, som blant anna har studert seinfølgjer av covid-infeksjon.

– Den norske covid-politikken er at immuniteten skal haldast oppe ved at dei fleste går gjennom nye infeksjonar. Er det klokt, om vi tek omsyn til faren for seinfølgjer?

– Det er eit komplekst spørsmål og ikkje lett å svare sikkert på. Politikken no er å berre leve med viruset. Men om mange får langvarige plager, er det eit argument for eit breiare vaksineprogram enn i dag, seier Cox.

Utviding

I fjor var Cox med på ein studie som synte at overvekt og fedme gav auka risiko for eit alvorleg forløp av covid-19. Med utgangspunkt i dette argumenterte Cox for at folk med overvekt burde få tilbod om vaksine, men FHI vende tommelen ned. I dag er vaksne med såkalla alvorleg fedme, det vil seie kroppsmasseindeks over 35, definert som ei risikogruppe. Cox meiner òg at dei som jobbar i helsesektoren, kunne fått tilbod om påfyll av vaksine.

– I dag får helsepersonell tilbod om årleg influensavaksine, men ikkje covidvaksine. Eg veit ikkje kvifor. Men eg veit om kollegaer som ønskjer seg eit tilbod om vaksine slik at dei sjølv kan ta ei informert avgjerd, seier Cox.

– Alle har jo ein viss immunitet mot koronaviruset no, og covid-19 er ikkje så farleg som det var. Om sjølve sjukdomen er lettare, er det òg mindre risiko for seinfølgjer. Men samstundes veit vi at faren for langvarige plager aukar for kvar infeksjon.

– Er det mogleg å seie kor mykje risikoen for seinfølgjer minkar for kvar runde med covid-19?

– Nei, ikkje enno. Risikoen går noko ned for kvar gong på grunn av aukande immunitet, men likevel inneber kvar nye infeksjon ein risiko. Det finst antivirale middel som Paxlovid, som både kan gje mildare sjukdom og førebyggje seinfølgjer. Men dette er dyrt.

– Vi veit at faren for langvarige plager aukar for kvar infeksjon.

Rebecca Cox, professor i virologi

Kost-nytte

– Når du ser på risikoen for seinfølgjer: Ville det vere klokt å tilby påfyll av covid-vaksine til mykje fleire – til dømes til alle over 30 år kvar haust?

– Eg trur det kunne vere ein god ide. Det er jo ei politisk avgjerd kor mykje ein vil investere i vaksinasjon. Dette krev ei kost-nytte-evaluering. Men vaksine kan truleg førebyggje mange legebesøk og innleggingar på sjukehus. Slike ting har ein høg kostnad, for ikkje å snakke om dei som blir langtidssjukemelde eller uføre. Om folk blir uføre, er det jo snakk om mange millionar tapt for samfunnet. Det kan nok vere klokt å sjå nærare på faren for langvarige følgjer av covid-infeksjon.

– Er det medisinske argument mot å utvide covid-vaksineringa?

– Nei, for dei aller fleste vaksne er det lite biverknader. Om du ser på risikoen for hjartesjukdom etter vaksine, er den svært mykje mindre enn risikoen for hjartesjukdom etter covid-infeksjon. Eg er ingen helseøkonom, men eg vil tru at eit utvida vaksineprogram vil gje samfunnsøkonomisk vinst, seier Cox.

– Private bedrifter tilbyr jo influensavaksine til dei tilsette. Det er bra for dei tilsette og bra for bedrifta, fordi det gjev færre sjukedagar. Same logikk gjeld òg for covid-19. Og vi ser fleire og meir alvorlege seinfølgjer etter covid-infeksjon enn etter influensa.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar

Det andre blikket

Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.

Håkon Tveit

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis