Trur velferds-
staten kan
bergast
Vi kan ha full sysselsetjing også i framtida. Men det krev store politiske grep, meiner påtroppande LO-økonom Roger Bjørnstad.
Det er ikkje noko grunnleggjande nytt med den automatiseringa vi ser i dag. Den teknologiske revolusjonen held fram, og vi må handtere han som før, meiner Roger Bjørnstad. Han er direktør i selskapet Samfunnsøkonomisk analyse, og påtroppande sjeføkonom i LO. Bjørnstad meiner ikkje at rask omstilling av produksjonen i seg sjølv er eit problem.
– Omstilling er naudsynt. Men vi må sikre at verdiane teknologien skaper, blir skattlagde og skaper ny etterspurnad i samfunnet. Vi kan klare å ha full sysselsetjing også i framtida. Men det krev politiske grep. Om vinstane hopar seg opp på nokre få hender i skatteparadis, er det gale.
Treng avtalar
Bjørnstad peikar på tre måtar å redusere skadeverknadene av automatiseringa på.
– For det første treng vi internasjonale avtalar som sikrar skattlegging av teknologiselskapa. For det andre må vi svekkje patentrettane til datateknologien, så selskapa ikkje kan hauste vinstar av patenta i 30–40 år. Og for det tredje bør vi sikre folket meir av vinstane av teknologien, til dømes ved at staten går inn på eigarsida i selskapa.
– Men vestlege land har kappast om å kutte selskapsskattane dei siste åra, og land som Irland og Nederland har lang på veg gjort seg til skatteparadis?
– Ja, men vi treng internasjonale avtalar her. No er det inga koordinering på tvers av landa. Men vi må skattleggje dei store selskapa om vi skal sikre velferdsstaten. Og det vil selskapa òg vere tente med på sikt. Om folk ikkje har arbeid og inntekt, kan dei heller ikkje kjøpe den nye teknologien.
Etterspurnad
– Når mange land slit med låg vekst, er politikarane neppe interesserte i å auke skattane på teknologiselskapa? Dei vil jo ha slike selskap til å dra veksten i gang?
– Men veksten må kome gjennom auka etterspurnad. Eg meiner premissa for den rådande økonomitenkinga i dag er feil. Alle vestlege land held etterspurnaden oppe med låg rente, låg skatt og stadig meir gjeld. Da lagar vi berre bobler. Dei problema vi ser konturane av no, tilseier at vi må tenkje nytt i internasjonal fellesskap.
Både handel og ny teknologi gjev store vinstar for oss alle, understrekar Bjørnstad.
– Men samtidig trugar globaliseringa og automatiseringa dagens arbeidsplassar. I dag har vi ikkje ei økonomisk styring som fordeler vinstane godt nok og skaper støtte og aksept for utviklinga.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Vi må sikre at verdiane teknologiennn
skaper, blir skattlagde og skaper ny
jk.jkh.kjh
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.