Tudor-metoden ville fullført brexit
Da Henrik VIII skilde lag med Europa, spela han eit langsiktig spel. Det må Storbritannia gjere òg.
Kong Henrik VIII tronar med føtene på pave Clement VI, 1641
«Det største mistaket av britisk statskløkt sidan Suez-krisa.» Ein skulle kanskje tru at tidlegare samferdselsminister Jo Johnsons avskjedsord til Theresa May kunne bli udøyelege i historieeksamenar i vidaregåande skule i framtida.
Martin Wolf i Financial Times freista svare på spørsmålet. «Samanlikningar med Suez-krisa i 1956 er ikkje i nærleiken av å treffe», erklærte han for eit par veker sidan. «Dette er ei mykje verre klemme.»
Men kva kan vere verre enn Storbritannias audmjukande tilbaketrekking frå suezkanalsona i 1956? Svaret, om ein skal tru David Keys i The Independent, er München-avtalen frå 1938.
Å byte ut den sure, røykfylte lufta i Nord-California med den fuktige tåkeatmosfæren i London var litt av ein letnad... inntil eg byrja høyre på skravlinga om brexit. Suez? München? Dei er vilt upassande parallellar. I 1956 invaderte Storbritannia Egypt, men vart tvinga av amerikansk økonomisk press til å trekkje seg ut att. Blunderen til sir Anthony Eden var å tru at han kunne utfordre Gamal Abdel Nasser utan først å klarere det med Dwight D. Eisenhower. Feilen avdekte veikskapen til det postimperiale Storbritannia og kor avhengig landet var blitt av Washington.
I 1938 ofra Storbritannia heller Tsjekkoslovakia enn å risikere ein konflikt med Adolf Hitler. Neville Chamberlains blunder var å tru at den tida han vann på kostnad av Tsjekkoslovakia, ikkje var like tilgjengeleg for Hitler. Feilen dømde Storbritannia til å slåst mot Hitler eit år seinare utan utsikter til hjelp frå Sovjetunionen, på grunn av den tysk-sovjetiske ikkjeåtakspakta frå august 1939.
Brexit er heilt annleis. Som eg har hevda tidlegare, var votumet til det britiske fleirtalet i folkerøystinga i juni 2016 eit votum for skilsmisse. Det liknar meir på avgjerda til Henrik VIII i 1532 om å forlate den katolske kyrkja, med veljarmassen no i kongen si rolle. Begge skilsmissene vekte bitter motstand, heime så vel som i andre land. Henriks skilsmisse var både komplisert og langdryg, og ho var nær ved å bli omstøytt av dotter hans, Mary. Det enda med at den engelske reformasjonen stod ved lag. Trass i utfordringar frå habsburgarar, bourbonarar og jakobittar stod Storbritannia fram som ein protestantismens pilar.
Eg gjettar på at Storbritannias avskjed frå EU vil bli akkurat like komplisert og langdryg, men ha eit liknande resultat til slutt. Så lenge dei politiske elitane i Frankrike og Tyskland hadde ein Bundesrepublik Europa som mål, var brexit både uunngåeleg og naudsynt. No når vi trekkjer oss ut, er det grunn til å setje europeisk integrasjon på vent. Med valet av populistiske regjeringar – ikkje berre i Ungarn og Polen, men dette året i Italia, ein grunnleggjande medlem av EU – kan han endatil gå i revers. Den heilage tyske keisarinna, Angela Merkel, svinn frå scena.
Det er sant at skilsmissevilkåra Theresa May fekk med seg heim frå Brussel, er skrekkelege. Dei som røysta «ja» til brexit, ville «ta attende kontrollen», i trua på at brexit ville gjenreise britisk suverenitet, særleg i spørsmål om immigrasjon og handelspolitikk. Men utkastet til utmeldingsavtale sender Storbritannia ut i eit limbo av uviss tidslengd. Overgangsperioden på 21 månader kan utvidast ved gjensidig semje, men løysinga for den irske grensa kan halde heile Storbritannia i ein evigvarande tollunion med EU.
I overgangstida vil Storbritannia slutte å vere medlem av EU, men utan full suverenitet. Landet vil vere underkasta den felles EU–Storbritannia-komiteen som har tilsyn med korleis avtalen vert sett ut i livet. I tilfelle usemje er det eit panel av fem dommarar utpeikte av denne komiteen som vil bestemme. Men alle saker som gjeld EU-lovar, vert likevel sende over til EU-domstolen.
Artikkel 6 etablerer eitt felles tollområde for Storbritannia og EU. «Nord-Irland er difor i det same tollområdet som Storbritannia.» Slik eg les det, vil Nord-Irland faktisk vere i EUs tollunion. Med mindre og inntil spørsmålet om den irske grensa er løyst, vil Storbritannia vere underlagd EUs handelsreglar så vel som noverande og framtidige miljøreglar, arbeidslivsstandardar og sosiale standardar og reglar for statleg støtte. (Denne siste restriksjonen vil innebere strenge rammer for politikken til ei framtidig Labour-regjering.)
May har sagt om att og om att at ingen avtale vil vere betre enn ein dårleg avtale. Vel, dette er ikkje ein dårleg avtale; det er ein forferdeleg avtale. Det er ein skilsmisseavtale som gjev Storbritannias tidlegare ektefelle ei makt som ingen skild person ville godta, inkludert makta til å nekte Storbritannia å inngå kva som helst av andre relasjonar i ein kanskje uendeleg overgangsperiode. Nord-Irland er eit slags barnegissel, som sikrar at det ikkje kan bli noko endeleg brot utan samtykke frå eksen.
Men kva hadde du venta deg? Gjorde paven livet lett for Henrik VIII?
Så kva no? Eg vil tru at det no er minst 48 brev frå toryparlamentarikarar som krev røysting over eit mistillitsframlegg, og eg håpar ho vil tape ei slik avrøysting og på det viset setje i gang ein konkurranse om å bli ny leiar for toryane.
Etterfølgjaren må lære av mistaka hennar. Frå den augeblinken artikkel 50 vart sett i spel, var Storbritannia i ein svak posisjon. Posisjonen vart berre svakare da May avslo å leggje ein plan for eit scenario med ingen avtale. Ho nekta å undersøke om det var råd å få til ein anglo-amerikansk frihandelsavtale (FTA), sjølv om Donald Trump lufta tanken – som eg har høyrt frå autoritativt hald at han gjorde. May gjorde heller ikkje motstand da EU trekte spørsmålet om den irske grensa inn i tingingane.
Den beste forklaringa på framferda hennar er ikkje at hjartet hennar ikkje banka for brexit ettersom ho eigentleg ville bli verande i EU. Utkastet til utmeldingsavtale ber ikkje hennar fingeravtrykk, men avtrykka til Oliver Robbins og dei andre embetsfolka som framforhandla det, paragraf for paragraf, med dei europeiske kollegaene sine. Det er sir Humphrey Appleby av gammal årgang i BBC-komedien Yes Minister: I samsvar med vilkåra forlèt Storbritannia EU for å bli verande i unionen; landet går ut for å bli verande der.
Theresa Mays etterfølgjar kan ikkje med noko truverd gjere framlegg om å reforhandle skilsmissa, fordi europearane rett og slett vil seie nei til det. Heller ikkje kan etterfølgjaren med noko truverd tilby å forkaste avtaleutkastet, for det er ikkje utarbeidd noko scenario for ingen avtale. Toryane må unngå ei ny folkerøysting, ettersom ei avrøysting om å gå ut av brexit – som er utenkjeleg – ville gjere minst ein tredjedel av britiske veljarar framande overfor partiet sitt i ein generasjon. Eit nyval ville ikkje vere stort betre: Same kva meiningsmålingane fortel nett no, ville Labour vinne overlegent om veljarane vart bedne om å felle dom over den ynkelege merittlista frå åra med May.
Den einaste utvegen er difor å vinne tid. Denne forferdelege avtalen kjem til å bli nedvotert i Underhuset. Den nye statsministeren kan be om forlengd tidsfrist etter det. Samstundes må planlegginga for eit resultat med ikkje-avtale fortrengje alle andre saker. Tingingar om ein frihandelsavtale mellom USA og Storbritannia er neste sak på agendaen. Det ville ikkje skade om ein på same tid vekte til nytt liv det ein gong så vitale sambandet med Kina. Dei store kinesiske investeringane i Storbritannia var enda ei kjelde til makt som vart avvist av Theresa May.
Henrik VIII var kjend for å vere omsynslaus. Ministrar som svikta han, vart tekne hand om på mykje godt same vis som konene hans. Det største talentet hans var likevel å handle langsiktig. «Ut»-veljarar burde lære av han. Prisen som kan hende ventar etterfølgjaren til May, er ikkje liten: «Den største suksessen for britisk statsmannskunst sidan reformasjonen.»
Einerett: The Sunday Times /
Dag og Tid
Omsett av Lasse H. Takle
Niall Ferguson og Paul Krugman vekslar på å skrive denne spalta.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Så lenge dei politiske elitane i Frankrike og Tyskland hadde ein Bundesrepublik Europa som mål, var brexit både uunngåeleg og naudsynt.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen