JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Turistar uroar seg lite

Diverre, vil vel ein del seia, kjem koronaviruset neppe til å føra til færre cruiseskip til Noreg. Turistar er generelt lite urolege.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mange bergensarar gjer seg nok ei von om at det vil koma færre cruiseskip til byen i sumar, men det skjer neppe, trur professor Svein Larsen.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

5161
20200228

SAMTALEN

Svein Larsen

professor i psykologi

AKTUELT

Korona og turisme

5161
20200228

SAMTALEN

Svein Larsen

professor i psykologi

AKTUELT

Korona og turisme

jon@dagogtid.no

Angsten har sett inn, om ikkje hjå turistane, så hjå dei som i sumar skal taka imot dei her i Noreg. «Vil koronaviruset hindra folk i å koma hit?», tenkjer nok hotelldirektørar over heile Noreg. På Universitetet i Bergen, på Institutt for samfunnspsykologi, har dei nokre av verdas mest omfemnande seriar av data over kva preferansar og meiningar turistar har. Ein av dei ansvarlege for den lange tidsserien med svar på faste spørsmål er professor Svein Larsen.

– Kva slags angst er det turistar har?

– For det fyrste heiter det ikkje angst, men bekymring (som vi heretter kallar uro på nynorsk, red. merk). Uro er ein tanke meir enn ei kjensle. Du tenkjer på eit mogleg negativt utfall av ei hending du veit kjem i framtida. Du veit at du har eksamen i morgon, og du er uroleg for at det kan gå retteleg gale.

– Så kva er turistar urolege for?

– Svaret er at turistar nesten ikkje uroar seg i det heile teke. Og om dei uroar seg, er det for slikt som å mista billetten, at ein lommetjuv kan taka lommeboka eller anna småtteri.

– Er det verkeleg slik? Då eg var i Israel med dei to yngste og skulle inne i arabiske område, må eg vedgå at eg var litt usikker på om vi ville få hjelp over reiseforsikringa og slikt.

– Ja, vi uroar oss litt meir for enkeltland. Tyrkia og Israel har i mange år vore sette på som dei mest risikable reisemåla. Men når vi kjem fram til Israel, forsvinn mykje av denne uroa. Vi ser at vi ikkje er i Odd Karsten Tveits Israel, men i eit vanleg land der folk dreg til og frå arbeid og borna går på skule.

– Men vi uroar oss meir når vi er på reise enn når vi er heime?

– Ein turist er ein som ikkje er heime. Og det vi finn, er at vi er klart meir urolege for kva som kan hende på turistreiser når vi enno er heime, enn når vi faktisk er på reise. Heime er vi klart meir urolege for trafikkulukker, sjukdom og terrorisme. Det er det vi på fagspråket kallar impact bias, nemleg at du trur det du vil oppleve, vert verre enn det kjem til å verta. Du sit heime og kvir deg til tannlækjartimen i morgon, for så å oppleva at det ikkje var så ille likevel.

– Er det det at vi kan slappa meir av på reiser og ikkje har det daglege ansvaret, som gjer oss mindre urolege?

– Det er nærliggjande å tru. Men som nemnt oppdagar vi, når vi kjem til nye stadar, at ting fungerer der òg. Det gjer oss nok rolege og nøgde. Somme meiner at dette handlar om at dei som reiser, har ein mindre uroleg natur enn dei som ikkje reiser. Men vi har ikkje funne ein slik effekt, og dessutan er det slik at stadig fleire reiser, utan at funna endrar seg.

– Men kjem korona til Noreg, vil vel særleg cruisetrafikken verta råka? Kven har lyst til å verta sitjande i isolasjon om bord i eit skip?

– Det er svært vanskeleg for meg å seia noko fornuftig om det. Våre data er om dei som reiser, ikkje om dei som vert verande heime. Men eg trur ikkje at viruset, sjølv om det kjem til Noreg, kjem til å føra til færre cruiseskip. Cruiseindustrien er driven av svære konsortium som planlegg ruter og turar fleire år i førevegen. Sjølv om industrien opplever at 20 prosent kansellerer reiser dei har tinga, vil cruiseskipa likevel koma til Bergen. Og når vi i tillegg veit at mellom 20 og 40 prosent av dei som er om bord, ikkje går i land, vert effekten i Bergen liten, trur eg.

– Men vi veit at amerikanarane kansellerte reiser til Noreg etter Tsjernobyl. Er somme nasjonalitetar meir urolege før dei skal reisa, enn andre nasjonalitetar?

– Vi har nokre tal på det, men her vel eg å seia at vi ikkje har rekna nok til å kunne seia noko forskingsbasert om det.

– Men vi veit alle at visse land er meir utrygge når det kjem til bakteriar og virus og mikrobar. Er ikkje turistar urolege for å verta eksponerte for slikt?

– Alle er meir urolege for til dømes matvaretryggleik i utlandet enn heime, folk reiser likevel. Denne effekten vert på engelsk kalla «it is safer home than abroad»-effekten. Altså: Same kvar vi kjem frå, trur vi at maten vi et heime, er tryggare enn maten vi et ute. Nordmenn meiner at norsk mat er tryggare enn til dømes tysk mat, og det sjølv om det ikkje finst ein slik skilnad. Ja, til og med egyptarar meiner at maten deira er tryggare enn til dømes norsk mat.

– Er verkeleg turistar så like?

– Det slåande er kor edle motiv vi tillegg oss sjølve når vi er turistar. Vi er heilt sikre på at «eg er ein individualist, og eg reiser for oppleva ein storarta kultur og møta nye folk, nye skikkar og ny mat». Men sanninga er at vi reiser av di vi har råd til det, og vi reiser stadig meir di billigare det vert. Her er det ingen skilnad på turistar, om du reiser åleine eller på pakketur. Ja, sjølv om du ligg på ei strand i Spania og steikjer i ditt eige feitt, er du sikker på at nett du er mykje meir av ein individualist og har mykje edlare motiv for å reisa enn andre.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Vi er klart meir urolege for kva som kan hende på turistreiser når vi enno er heime, enn når vi faktisk er på reise.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis