– Uforsvarleg kultur
– Vi treng ei skikkeleg kulturendring i Forsvaret, seier Lise Veronica Huynh, som er landstillitsvald for norske soldatar.
44 tenestegjerande i Forsvaret har vorte valdtekne i eller utanfor tenestetid i løpet av det siste året, syner ei ny gransking.
Foto: Terje Pedersen / NTB Scanpix
Samtalen
Lise Veronica Huynh
landstillitsvald for norske soldatar
Aktuell
Undersøkinga om seksuell trakassering og valdtekter i Forsvaret

eva@dagogtid.no
44 tenestegjerande i Forsvaret, 24 kvinner og 20 menn, har vorte valdtekne i eller utanfor tenestetid i løpet av det siste året. 123 personar seier dei har vorte forsøkt valdtekne, og 35 personar svarar ja på at nokon har nytta posisjonen sin til å presse dei til uønskt seksuell aktivitet. Det er blant resultata i ei ny undersøking Forsvaret nyleg har gjennomført om mobbing og seksuell trakassering blant til saman 8805 tilsette og vernepliktige. Det er NRK som har brote prosenttala i undersøkinga ned på personnivå.
Lise Veronica Huynh er landstillitsvald for norske soldatar og seier resultatet av undersøkinga kom som ei overrasking.
– Eigentleg er det ein svært fin arbeidsplass, det her. Når vi ser tala for dei som seier dei trivst, syner dei òg det. Men så har vi nokre som bidreg til å øydeleggje, som er med å skape ein kultur der det vert sett som greitt å trakassere, og der terskelen for å seie frå vert høg. Så det er ingen tvil om at vi har ein veg å gå.
– Seier du at det er eit par enkeltpersonar som er problemet?
– Nei, undersøkinga seier ikkje noko om kor mange det er. Ho fortel kor mange som seier dei har vorte mobba, trakasserte, valdtekne eller forsøkt valdtekne. Vi veit lite om gjerningspersonane.
– Kor mykje har de ant på førehand av det som kom fram i rapporten?
– Vi tillitsvalde får meldingar i varierande grad, men det er nok langt fleire hendingar enn meldingar, og vi har visst at tala var høgare enn dei vi fekk inn.
– Tonje Andreassen i forbundsstyret i Norges offisers- og spesialistforbund seier dei har indikasjonar på at dette ikkje berre er noko som har skjedd det siste året. Forsvarssjefen har i Aftenposten synt til at det i nokre år er gjennomført medarbeidarundersøkingar der 5 prosent av kvinnene i Forsvaret har svart at dei er utsette for seksuell trakassering. I vernepliktsundersøkinga er talet 15. Kva er gjort med desse signala tidlegare?
– Korleis medarbeidarundersøkinga er følgt opp, er eg ikkje sikker på. Eg har ikkje ansvar for dei tilsette. Men for dei vernepliktige veit eg at vi har gjeve betre oppfølging, bidrege til betre kompetanse blant befalet og drive haldningsskapande aksjonar. Men det er tydeleg at vi ikkje har gjort nok når tala for dei siste tolv månadene er såpass høge.
– I undersøkinga svarar over 4 prosent at dei éin eller fleire gonger har vorte fortalt seksuelle vitsar eller historier som dei vart opprørte over eller opplevde som støytande eller ubehagelege. For kvinner er talet 30 prosent. Er det generelt ein litt for dryg tone i Forsvaret?
– Det har i alle fall vore det over lengre tid, ein brå sjargong med mykje griseprat generelt. Men det er éin av tinga det verkeleg er prøvt å ta tak i og fjerne. Det har vorte betre, men det er heilt klart ikkje godt nok.
– Berre to kvinner av dei over 40 som svara at dei har vorte valdtekne, har meldt hendingane til politiet. Kva trur du det kjem av?
– Eg trur det kjem av fleire ting. Delvis er det nok frykt for å seie frå, anten fordi ein ikkje trur ein vert høyrd, eller fordi ein ikkje har tillit til at systemet faktisk fungerer. I tillegg har vi ein dårleg kultur for å seie frå. Nokre tenkjer nok òg at det er lettare å la vere.
– Du har fortalt VG at du sjølv har vorte trakassert av ein kollega utan å våge å seie frå. Kva kom det av?
– Fleire ting. Dette skjedde under fyrstegongstenesta, eg hadde vore der i om lag fire månader. Eg var vel 20 år og visste ikkje heilt kvar og kven eg skulle seie frå til. Eg var ikkje klar over kva kanalar Forsvaret har, hadde ikkje informasjon om det og hadde kjensla av at det nok var enklare å la det liggje. Vi hadde nett fått ny næraste leiar, og eg hadde enno ikkje fått nok tillit til å fortelje det der. Eg tenkte at eg var sterk nok til å ta det, men eg veit jo ikkje om han trakasserte andre òg. Kan hende hadde det vore preventivt om eg sa frå.
– Kva skal til for å få fleire til å seie frå og melde saker?
– Vi treng ei skikkeleg kulturendring med større aksept for det å seie frå, og der vi tek betre vare på kvarandre. I tillegg trur eg det er viktig å gjere prosessen rundt varslingar så effektiv som mogleg og å vere tydeleg på at slike saker vert tekne på alvor og får konsekvensar.
– Trengst det strukturelle endringar for å få til det?
– Det trur eg ikkje. Vi har eigentleg eit godt apparat for å handtere slike saker om ein får informasjon og veit kvar ein skal melde frå. Eg trur det handlar om kunnskap, kompetanse, handling og leiarskap.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Nokre tenkjer nok at det er lettare å la vere å seie frå.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.