Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Under åtak frå aust

Regjeringa påstår at Russland har gått til dataåtak på Stortinget. Karsten Friis ved Nupi meiner regjeringa bør gje fleire og betre opplysningar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) møtte tysdag pressa ved Utanriksdepartementet for å fortelje at Russland står bak eit datainnbrot mot Stortinget.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

4424
20201016

Samtalen

Karsten Friis

Seniorforskar ved Nupi

Aktuell

Regjeringa skuldar den russiske staten for å ha gått til dataåtak på Stortinget

jon@dagogtid.no

Alle som veit litt om Russland, veit at den russiske staten, eller grupper knytte til den russiske staten og etterretningsvesenet deira, FSB, driv med dataåtak. Det er til dømes heva over all tvil at grupper knytte til den russiske staten braut seg inn på serverane til Det demokratiske partiet i USA før førre presidentval. Men tysdag denne veka gjorde den norske regjeringa og Utanriksdepartementet noko nytt: Dei gjekk ut og sa at den russiske staten hadde trengt seg inn på serverar knytte til Stortinget. UD sa at dette var uakseptabelt. Men kvifor seia frå om det vi alle veit? Karsten Friis er seniorforskar og leiar for Forskningsgruppen for sikkerhet og forsvar ved Norsk utanrikspolitisk institutt, Nupi.

– Kvifor seier vi frå no? Er det så lurt å tirra bjørnen?

– Det har på eit vis vorte ein ny trend der ute. Fleire andre land har gått ut og skulda Russland for dataåtak, sjølv om vi alle veit at det ikkje er noko nytt i desse åtaka. Slike åtak har gått føre seg i mange år. Vona er vel at dei skal verta skjemde, at det å gå ope ut vil avskrekka dei. Tanken er at dei ikkje liker å få eit slikt press mot seg.

– Men det er vel ikkje nett skamkjensle som har prega Putin-regimet. Det har vorte avslørt mykje ulikt gjennom åra, men dei endrar ikkje kurs?

– Det er ei løynleg von om at eit auka trykk vil kunne vera i det minste litt avskrekkande. At vi og andre land no seier frå, er ein freistnad på normbygging. Men om det fungerer mot Russland, vel, det kan vi alle gjera oss ulike tankar om.

– Men det å tirra Russland er ikkje utan konsekvensar. For fem år sidan sleppte dei over 200 asylsøkjarar kvar dag over grensa. Bør vi ikkje fyrst og fremst vera varsame?

– Sjølvsagt har Russland mange maktmiddel. Det er ingen tvil om at dei er eit mykje sterkare land enn vi er. Men eg meiner at denne kritikken er prinsipielt rett. Når vi vert utsette for åtak, må vi svara. Vi kan ikkje vera heilt utan ryggrad. Ja, sjølv om det å seia frå ikkje har ein effekt, er det likevel rett å seia at dette aksepterer vi ikkje.

– Men vi får ikkje vita noko. UD seier berre at slik er det, og at vi berre må lita på dei?

– Ja, og det er eit problem. Eg meiner dei må fylgja opp med underbygging. Kjem vi ikkje med det, kan Russland påstå det motsette. Nei, det er ikkje lett å finna ein rykande pistol, reine prov er ikkje vanleg innanfor cyberkrigføring. Digitale spor er indisie­kjeder baserte på tidlegare åtak. Men eg meiner vi til dømes bør få vita kva grupper og miljø som står bak åtaket.

– Men kvifor gå til åtak på Stortinget? Det er vel betre informasjon å få i andre serverar, som til dømes i departement eller hjå Forsvaret?

– Hacking plar vera tre ulike ting: kriminalitet for å få tak i pengar, sabotasje eller spionasje. Her er det truleg snakk om spionasje. Ved å gå etter stortingspolitikarar vonar dei truleg å få tak i informasjon som til dømes kan nyttast til å skapa splid gjennom falske nyhende. Og om dei får vita noko kompromitterande om norske politikarar, ja, så er dette noko som kan nyttast. Men sjølvsagt går dei også etter departement og Forsvaret. Forsvaret vert utsett for åtak kvar dag. Dei prøver seg overalt og går inn der dei finn ei opning. Det er sterkt trykk mot serverane våre.

– Men er det ikkje ein dobbeltmoral her? Vi lyttar massivt i nord, og i den såkalla ubåtrenna har vi tjukt av lytteutstyr. Dagleg gjev vi informasjon om Russland til USA.

– Eg tykkjer det er ein skilnad her. Ja, vi lyttar på samband og etter akustiske signal i Nordsjøen. Det er ikkje det same som å gå inn ei eit anna lands serverar. Dei trengjer seg inn i system. Det er eit åtak. Det er til og med ein stor folkerettsleg diskusjon rundt dataåtak. Har til dømes den nasjonen som vert utsett for åtak, rett til å svara i fredstid? Ja, vi kan i prinsippet svare på slike åtak, men etter det eg veit, er vi i Noreg varsame med slikt. Både Russland og Kina er mykje meir omsynslause enn det vi er i Noreg. Men vi lyt altså hugsa at dette er åtak som etter folkeretten er ulovlege. Stortinget er hjørnesteinen i norsk demokrati.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Eg meiner dei må fylgja opp med underbygging.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis