Usosialt medium
TikTok er det raskast veksande sosiale mediet i verda. Når du først er i gang, er det vanskeleg å slutte.
Ingen innhaldsstraum er lik. TikTok dreg deg nemleg meir og meir inn i eit univers av det du vil sjå.
Illustrasjon: DisobeyArt / Shutterstock / NTB
TIKTOK
TikTok er ein videodelingsapp med over éin milliard brukarar i månaden.
Appen er eigd av det kinesiske selskapet ByteDance.
Plattforma vart for første gong lansert som Douyin i Kina i 2016.
I 2017 vart den internasjonale avleggjaren TikTok lansert og seinare slått saman med den populære appen Musical.ly.
Kjelder: Wall Street Journal, New York Times, Bayerische Rundfunk, Guardian, Buzzfeed, Ipsos, Sensor Tower

Sosiale medium
jesper@dagogtid.no
Medan Facebook for tida taper kampen om merksemda til dei unge brukarane, er TikTok på full fart framover. For berre nokre år sidan var appen mest kjend for dansevideoar. I dag tiltrekkjer TikTok seg nye brukarar i alle aldrar. Appen har vorte lasta ned over tre milliardar gonger på verdsbasis. Berre i år er han lasta ned 175 millionar gonger.
Veksten er av ein hittil heilt ukjent dimensjon samanlikna med andre plattformer. På under fem år nådde TikTok éin milliard brukarar i månaden. Både Facebook og YouTube trong åtte år på det same. I 2021 hadde TikTok fleire aktive brukarar enn Twitter, fleire sette minutt enn YouTube og fleire sidevisingar enn Google.
Også i Noreg har TikTok vorte populært. Nærare éin av fire nordmenn har no ein konto på plattforma. Spesielt blant dei unge synest appen å fengje. 41 prosent av dei mellom 18 og 29 år seier dei nyttar han dagleg. I aldersgruppa 9–18 år har heile 65 prosent ein konto. Så vellukka er TikTok at både YouTube og Instagram har laga eigne versjonar kalla «Shorts» og «Reels».
Avhengig
På TikTok vert ein frå første stund presentert for ein endelaus straum med videoar. Etter å ha skrive inn alder og brukarnamn er ein klar. Utan å ha følgt ein einaste person eller å ha oppgjeve ei einaste interesse vert ein presentert for den første videoen i fullskjermformat på den såkalla «for deg»-sida. Eller på siliconvalleyansk: For You Page (FYP).
Om første video er uinteressant, er det berre å sveipe vidare. Og vips, kjem ein ny video. Slik kan ein halde på i det uendelege. Videoane er korte, ofte under 30 sekund, og difor lette å ty til for å fylle tida medan ein ventar på ferja eller bussen. TikTok har eit utømmeleg lager av innhald på lur. Slik kan den korte pausen på fem minutt raskt verte til eit par timar. Alt som skal til, er å lee på tommelfingeren.
På mange måtar kombinerer TikTok det beste i dei andre sosiale plattformene. Som YouTube er det ei videodelingsteneste, og som på Instagram blar ein seg gjennom ein straum av innhald. Men måten appen er bygd opp på, gjer det lettare både å lage og å konsumere innhald direkte på mobiltelefonen enn hos konkurrentane.
Til skilnad frå det klassiske fjernsynsmediet – eller til og med ein YouTube-video – gjev TikTok oss heile tida høgdepunkta. Fotballkampen frå kvelden før vert redusert til den eine finta til Messi – utan at ein treng å sjå heile kampen. Eller rett og slett berre ein video av ein søt katt. Alt med fengjande musikk til. Sidan TikTok heile tida gjev oss ein konstant straum av høgdepunkt, kjennest andre medium keisame og uinteressante.
Usosialt
TikTok er ei rein underhaldningsplattform meir enn eit sosialt medium. Det speglar seg i slagordet til appen – å «skape glede». Ikkje som Facebooks ønske om å «knyte verda tettare saman». For i motsetnad til dei klassiske sosiale media er det ikkje kommunikasjon med kjende og kjære som står i sentrum, men berre innhaldet.
Sjølv om appen inneheld både ein like- og ein kommentarfunksjon, er det «for deg»-sida brukarane nyttar mest. Det gjer at ein ikkje treng å følgje eller vere ven med ein einaste person for å bruke appen. Innhaldet vert automatisk føreslått – ingen må dele eller like noko for at ein skal få det opp.
Og TikTok veit kva du vil ha. Slik har det seg at mange vener eller ein stor følgjarskare ikkje nødvendigvis fører til popularitet på TikTok. Ein video kan verte populær heilt ut av det blå – utan å ha mange likarklikk eller delingar. Men det er ikkje tilfeldig kva slags videoar appen føreslår.
Hemmeleg algoritme
Inga «for deg»-side er lik. Kjernen i suksessen til TikTok er nemleg den hyperpersonaliserte algoritmen. For kvar video du ser, lærer TikTok meir om deg. I løpet av eit par timar har såleis appen inngåande kunnskap om alt frå musikksmak og politisk standpunkt til seksuelle preferansar. Appen er overraskande godt til å kjenne att kva du likar å sjå – kanskje til og med før du sjølv veit det – og treng ikkje mykje meir enn åtferdsmønsteret ditt medan du nyttar appen.
I starten vert ein servert eit utval av dei mest populære videoane på plattforma. Medan du ser på desse, fangar TikTok opp kva du hoppar over, kva du ser igjen, og kva du set på pause. Etter kvart som algoritmen lærer meir om ein brukar, vert innhaldet skreddarsydd tilpassa denne brukaren. Med andre ord: Algoritmen serverer oss meir og meir av det innhaldet vi vil ha.
I desember 2021 avslørte New York Times eit internt dokument utvikla for å lære tilsette korleis algoritmen fungerer. Dokumentet synte at plattforma vil halde oss i appen så lenge som mogleg. «Det er ein heilt galen idé å late ein algoritme styre livet til ungane våre», sa Guillaume Chaslot, som evaluerte dokumentet for avisa, den gongen.
Chaslot har skipa forskingsgruppa Algo Transparency og er sterkt kritisk til korleis vi lèt sosiale appar kome inn i livet vårt: «For kvar video eit barn ser, får TikTok eit stykke kunnskap av det. På berre eit par timar kan algoritmen identifisere musikksmak, fysisk tiltrekking, om barnet er deprimert, om det har eit forhold til dop, og mykje annan sensitiv informasjon. Potensielt kan informasjonen nyttast til ekstremt målretta forsøk på påverknad eller gjere barnet meir avhengig av plattforma.»
Dette er noko dei fleste teknologiselskap driv på med, men algoritmen til TikTok er kjend for å vere svært god på å finne innhald som gjer brukaren avhengig. I tillegg møter ein ingen motstand. Appen er designa for å gje deg akkurat det innhaldet du vil ha – utan innblanding frå andre.
Algoritmen finn innhaldet du vil ha meir av, og matar deg med det. Spesielt omstridd er difor tendensen til å falle inn i ein spiral av innhald som kan vere skadeleg. For algoritmen skil ikkje mellom godt og dårleg innhald. Så lenge ein brukar tida si på plattforma, er han nøgd.
Filterboble
I fjor synte ei undersøking gjord av Wall Street Journal i kva retning det kan leie. I eit eksperiment programmerte avisa over hundre såkalla «botar», eit dataprogram programmert til å automatisk gjennomføre spesifikke oppgåver, til berre å like, dele og kommentere videoar med eit visst innhald. Somme fekk til dømes beskjed om å berre sjå på innhald knytt til diettar og kosthald, medan andre berre skulle ta føre seg videoar med seksuelt innhald. På under to timar var ei overvekt av videoane på «for deg»-sida fylte med innhald i berre den eine eller andre kategorien.
Til Wall Street Journal uttalte ein talsperson i selskapet at sidan brukarprofilane var maskinelle, spegla dei ikkje røynda. Ingen ekte menneske er så einsidige, meinte dei. Likevel lova selskapet å ta grep for å få meir variasjon i innhaldet.
Om ein skal tru ei liknande undersøking gjord av Bayerische Rundfunk i april i år, har det likevel skjedd lite på den fronten. I eit forsøk gjennomført av journalistane sjølve kom dei til om lag same resultat som Wall Street Journal-eksperimentet. Journalistane responderte berre på innhald med emneknaggar som «depresjon», «sjølvskading» og «sjølvmordstankar». Etter under tre kvarter handla kvar tredje video på «for deg»-sida om desse temaa. Ikkje lenge etter var heile innhaldsstraumen fylt av slikt innhald. Begge dei to forsøka syner kor lett brukarar kan kome inn i sjølvforsterkande og i verste fall skadelege filterbobler.
TikTok har ei aldersgrense på 13 år. For å ha tilgang til live-funksjonen må ein vere 16 år gamal, og 18 for å nytte alle funksjonar. Likevel har over 40 prosent av ni- og tiåringane ein konto på appen, syner tal frå Medietilsynet. Men TikTok har ingen måte å kontrollere kva alder ein brukar faktisk har.
Då Dag og Tid oppretta ein brukar med alder 15 år, tok det under ein halvtime før «for deg»-sida var fylt med seksualisert innhald etter at vi berre hadde sett på slikt innhald.
Fleire oppfordra til å vitje deira «spicy» side – ofte markert med ein chili-emoji eller å donere pengar til dei for meir eksplisitt innhald. Mange tiktokarar vert store på såkalla thirst traps, tørstefeller på norsk. Ei tørstefelle er eit lettkledd eller utfordrande bilete for å skape meir merksemd rundt eige innhald. Fenomenet er på ingen måte eksklusivt for TikTok. Men algoritmen gjer at ein raskt genererer mykje engasjement rundt slikt innhald.
Usynleg sensur
Plattforma har ei historie med skuldingar om å sensurere innhald. I 2020 publiserte gravenettstaden The Intercept ei rekkje interne dokument som synte at TikTok systematisk undertrykte innhald frå det dokumenta refererte til som «stygge» og «fattigslege» brukarar. Moderatorar vart bedne om å avgrense innhald lasta opp av brukarar med alt frå «synlege rynker» til «openberr ølmage».
Også ein mindre estetisk omgjevnad var utslagsgjevande. Videoar filma i eit rom med «sprekkar i veggen» eller med «gamle dekorasjonar» vart karakteriserte som teikn på fattigdom. Sånt tiltrekkjer ikkje unge brukarar, kom det fram av det interne dokumentet, og kunne difor hemme veksten til plattforma.
Desse avsløringane spegla funn gjorde av den tyske tenkjetanken Netzpolitik berre månadar tidlegare. Dei synte at innhald lasta opp av funksjonshemma eller overvektige brukarar vart medvite halde nede for, som selskapet hevda, å «skjerme dei frå nettmobbing». Ein representant for selskapet uttalte i begge tilfella at retningslinene var utdaterte og ikkje lenger i bruk.
Politisk sensur
Meir oppsiktsvekkjande var eit dokument The Intercept hadde fått tak i, som synte utbreidd sensur av politisk innhald i strøymefunksjonen til plattforma. Av dokumenta gjekk det fram at brukarar som kringkastar innhald definert som ein fare for den nasjonale tryggleiken eller nasjonale interesser, vert utestengde permanent.
Som eitt av tre døme på slikt innhald vart det vist til demonstrasjonane på Den himmelske freds plass. I 2019 kom den britiske avisa The Guardian med ei avsløring som synte liknande praksis i moderasjonen av videoane som er tilgjengelege i appen. Selskapet som eig TikTok, ByteDance, svarte den gongen at retningslinene ikkje lenger var i bruk, og at nye «lokale tilnærmingar» skulle setjast i verk for å skape eit meir nyansert bilete av kvar marknad.
Så seint som i mars i år kunne den tyske rikskringkastaren ARD avsløre at TikTok reinska kommentarfelta for visse ord. Etter mistanke om systematisk sensurering testa dei tyske journalistane rundt 100 omgrep. Av dei vart 19 utsette for såkalla shadow banning – dei vart usynlege for andre brukarar.
Ord av så ulik karakter som homoseksuell, queer, Auschwitz og nasjonalsosialisme var mellom omgrepa som vart filtrerte ut i den tyskspråklege delen av appen. Også namnet til den kinesiske tennisspelaren Peng Shuai, som forsvann i februar etter overgrepsskuldingar mot ein funksjonær i det kinesiske kommunistpartiet, var mellom dei blokkerte. I etterkant har TikTok orsaka og lova ei «grundig opprydding».
Påverknad
Ein del av kritikken mot TikTok er at appen samlar inn enorme mengder personlege data som kinesiske styresmakter lett kan få tilgang til. For to år sidan prøvde difor den amerikanske presidenten Donald Trump å forby TikTok i USA. Den gongen vart det inngått ein avtale mellom Oracle og ByteDance om å kjøpe appen, men avtalen vart lagd på is etter at Donald Trump forlét presidentembetet i februar i fjor.
Reuters melde nyleg at dei to selskapa igjen er nær sluttføring av ein avtale om partnarskap i staden for oppkjøp. Dei to selskapa jobbar med det såkalla Project Texas – eit forsøk på å klone dei interne systema bak appen, slik at dei kan lagre data om amerikanske borgarar på serverane til Oracle i USA. Dei amerikanske serverane skal berre vere tilgjengelege for eit amerikansk serviceteam. Men som nyhendesnettstaden Buzzfeed har synt etter samtalar med tilsette i selskapet, er det enno uklart i kor stor grad Beijing-hovudkvarteret vil ha kontroll over den amerikanske greina.
Adam Segal, direktør for kybertryggleiksprogrammet til Council on Foreign Relations, seier til Buzzfeed at kinesiske styresmakter vil nytte teknologien til å påverke den politiske debatten i landet. Skribenten Ezra Klein i New York Times skriv i ein kommentar at han òg er meir uroa for politisk påverknad gjennom algoritmen, nettopp av di brukarane ikkje vil vere klare over at dei ser propaganda, sjølv om dei gjer det.
Mellom artige dansar og sminkevideoar kan det skjule seg falske videoar som tar ein brukar i den eine eller andre retninga – slik Russland gjorde med Facebook i forkant av det amerikanske presidentvalet i 2016. Av di ingen innhaldsstraum er lik og TikTok ikkje gjev tilgang til grensesnittet sitt, vil det vere ekstremt vanskeleg å fange opp.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

TikTok er ei rein underhaldningsplattform meir enn eit sosialt medium.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?