Utan sans for metoo
Den franske forfattaren Christine Angot har i fleire bøker eksplisitt skildra eigne erfaringar som incestoffer, men sjokkdronninga har ikkje sans for metoo.
– Berre det å skrive godt, noko som verkar sant for lesaren, er viktig, seier Christine Angot.
Foto: Jean-Luc Bertini / Flamarion forlag
Christine Angot
1959: Fødd i Chateauroux i Frankrike
1999: Lanserte den utleverande romanen L’Inceste som ein av dei store rebellane i fransk samtidslitteratur
2013: Vart i retten dømd til å betale 40.000 i erstatning til ein «levande modell»
2017: Byrja som kronikør i eit populært kultur- og debattprogram på statleg TV (ONPC på France 2)
2019: Hovudpersonen i Houllebecq-romanen Serotonin harselerer med bøkene hennar

rakel.benon@gmail.com
Mor til Vigdis Hjorth varsla i januar søksmål mot Den Nationale Scene for stykket Arv og Miljø, som er basert på romanen til dottera. Ingrid Hjorth meiner stykket krenker privatlivets fred. Kvar episode i medieføljetongen etter romanen Arv og Miljø – kronikken til Ingunn Økland i Aftenposten, debattane han utløyste, «hemnboka» frå søstera Helga Hjorth og no trugsmåla frå mora på vegner av seg sjølv og den daude faren – får meg til å tenkje på den franske røyndomsforfattaren, regissøren og mediefuria Christine Angot som eg trefte i Paris i fjor.
Som Vigdis Hjorth rundar ho 60 i år. Også Angots skildringar av incest og turbulente relasjonar har sett i gang heftige debattar om vern av privatliv versus kunstnarleg fridom. Verna av omgrep som fiksjon og ytringsfridom har franske forfattarar lange tradisjonar for å fråtse i privatlivet til levande menneske. Men dei siste åra har sjangeren vorte grovare og domstolane strengare, eller ein kombinasjon av dei to. Heilt sikkert er det at franske Christine Angot går lenger enn Vigdis Hjorth i å utlevere eige og andre sitt privatliv. Mykje lenger.
– Eg ofrar ikkje kva publikum skal meine om meg eller andre som privatpersonar, ein tanke. Relasjonen skrifta har til «røynda», er sekundær for meg. Berre det å skrive godt, noko som verkar sant for lesaren, er viktig, seier «sjokkdronninga i fransk fiksjon» som The Guardian så treffande har kalla henne.
Men i Paris ser verken kaffikundar eller kelnerar opp på den spede dama med regnvått hår då ho hastar inn frå ein sur, mørk Paris-vinter, til den lune kafeen der eg ventar. Ho verkar drukne i ei brun, fotsid boblejakke, set seg ned utan å ta av seg jakka og lener seg over bordet. Dei mørke auga er milde. Blikket er konsentrert mot mitt medan den svarte kajalen nektar å halde seg innanfor rammene.
Hatar Houllebecq
I lag med det litterære ikonet Michel Houllebecq vert Angot rekna som ein av dei store rebellane i fransk samtidslitteratur. Dei to forfattarane har elles lite til overs for kvarandre. I 2015 nekta Angot å møte i det same TV-studiet som Houllebecq. Om den førre Houllebecq-boka, Underkastelse, skreiv ho: Det er ein roman, greitt, men av den simple sorten, ein roman som skitnar til dei som les han. Det er ikkje noko manifest. Det er tagging. Faen ta dei som les han!
Houllebecq, på si side, lèt hovudpersonen i den ferske romanen Serotonin snakke nedlatande om Angot. Den deprimerte og seksuelt frustrerte agronomen Florent-Claude Labrouste har oppdaga omgrepet autofiksjon i samanheng med ein Angot-roman som han berre har gidda å lese dei fem første sidene av.
Eigne erfaringar
– Incest er ikkje noko tema i forfattarskapen min, seier ho.
– Det er ei ulykke, av den alvorlege sorten rett nok, men det er like fullt berre ei hending på livsvegen til ein romanperson, seier ho.
L’Inceste (Incesten) er tittelen på romanen som kasta henne ut i det turbulente rampelyset i 1999. Den vaksne forteljaren heiter, som forfattaren sjølv, Christine Angot. Eit lesbisk forhold, hennar fyrste, raknar etter tre besettande månader. Samstundes trengjer minne seg på frå seksuelle tenester som faren tvinga henne til å utføre i tenåra. Pierre Angot, faren til forfattaren, var enno i live då boka kom ut, men han hadde Alzheimers sjukdom og fekk ikkje med seg så mykje av skandalen. Det vart ingen søksmål, den gongen.
Raseriet mot henne, derimot, og mobbinga, starta då. To kjende mannlege kritikarar meinte boka burde gå rett til papirattvinning. Glisande las ein programleiar, også mann, høgt frå ei overgrepsscene. Dei andre kjendisane i TV-studioet flirte, kvinner som menn. Publikum peip og ulte til forfattaren, som då var 40 år.
Men L’Inceste selde i 70.000 eksemplar dei fyrste tre månadene, og den respekterte kritikaren Josyane Savigneau hylla boka i avisa Le Monde:
«Angot vil vinne fordi ho ikkje er ute etter å bli likt. Ho går for langt, for fort, for sterkt. Ho fillerister formene rammene, kodane (…) Ho er ikkje humanist. Ho har sprengt realismen (…) for å stille eit einaste spørsmål, det aller vanskeligaste: Kva slags forhold har ein forfattar til røynda?»
I dag har Angot fått fleire prestisjetunge litterære prisar, og ho er slått til offiser i den franske kunst- og litteraturordenen. Fleire av bøkene er omsette til engelsk og andre språk, og dei vert studerte på universitetsnivå i inn- og utland. Ho er òg ein av dei aller best betalte forfattarane i Frankrike. Den berykta agenten Andrew Wylie, alias «Sjakalen», fekk henne på kundelista si i 2007. Han forhandla fram ei flytting frå eit forlag til eit anna – til 240.000 euro.
Mandarin og kjønn
«Han sit på den kvite doskåla av tre med døra på gløtt, han har stå.»
Slik – her omsett til norsk – startar boka Une semaine des vacances (Ei ferieveke) frå 2012. Kontrasten mellom den positive tittelen og den fyrste setninga får oss til å ane at dette ikkje blir ei triveleg ferieveke. Far og dotter Angot køyrer på biltur rundt i Frankrike. Pierre tek Christine med på fine Michelin-restaurantar, snakkar 32 språk flytande, irriterer seg over grammatikkfeila til kelnerane og legg ut om alt frå romersk historie til urter. På hotella og i bilen får han henne til å utføre munnsex. Etter kvart vert det også valdtekt. Skildringane er konkrete, mekaniske, utan patos. Christine et mandarinar frå kjønnet hans over doskåla der han nett har urinert, med nakne kneskåler på kalde golvfliser. 16-åringen gjer alt faren ber om, men spør fleire gongar om dei kan slutte med sex, som teikn på at han er glad i henne. Kvar gong svarer han ja. Men kvar gong bryt han lovnaden.
– Mykje er skrive om årsaker til incest, seinskadar og tiltak, men eg ville skrive kva som skjer, konkret, seier Angot inne i boblejakka som blir verande på under heile intervjuet.
For desse eksplisitte skildringane har ho ofte blitt skulda for å skrive pornografisk.
– Slett ikkje, seier ho.
– I porno er offera berre objekt. I Une semaine des vacances er alt skrive frå synsvinkelen til jenta.
Incest som klasseforakt
Dei seksuelle overgrepa som faren utsette henne for i tenåra, kjem Angot tilbake til i fleire bøker. Men, lik førebiletet, den store nyromanforfattaren Marguerite Duras, avviser Angot at skrivinga hennar er terapi eller bøkene reine sjølvbiografiar.
Romanen Un amour impossible (Umogleg kjærleik) frå 2015 selde i 150.000 eksemplar i Frankrike. Her skriv ho om foreldra, som treffer kvarandre i Chateauroux på slutten av 1950-åra. Pierre Angot er frå ein rik, borgarleg familie, har solid utdanning og jobbar som omsetjar for dei europeiske institusjonane. Rachel Schwartz, derimot, har jødisk opphav, kjem frå fattige kår og har ein enkel kontorjobb i folketrygda. Nedlatande rettar Pierre på Rachels språkbruk og seier rett ut at han ikkje kan gifte seg med ei som henne. Han går likevel med på å få ein unge med henne: Christine.
Christine har ein trygg oppvekst med kjærleik frå mor og mormor. Pierre får ikkje interesse for dottera før ho kjem i puberteten. Lukkeleg for at faren endeleg gjev henne merksemd, vert Christine meir enn gjerne med han på turar, sjølv om prisen ho betalar, er høg.
Då Rachel finn ut om overgrepa, tærer skuldkjensla på forholdet mellom mor og dotter. Christine ser på overgrepa som ein reiskap i klasseunderstrykkinga av ei mor som ho aldri sluttar å vere glad i.
– Du er ei slik kvinne som ein gjer slikt mot, seier Christine til mora i boka.
Til meg, på kafeen, peikar Angot på at morskjærleik, like lite som incest, er eit tema i forfattarskapen hennar.
– Om du er glad i mor di, opplever du kjærleik til ei mor, ikkje temaet morskjærleik. Vi lever ikkje tema. Den tematiske diskursen har ein vald i seg som vi må nedkjempe, seier ho.
– Angot vil sjå meg daud
Elise Bidoit, heiter kvinna som kjende seg sjølv så godt att i den valdelege, manipulerande romanpersonen Hélène Lucas i romanen Les Petits (Dei små) frå 2011, at ho gjekk til sak mot forfattaren Angot. Elise Bidoit er ekssambuar til musikaren Charly Clovis og har fire born med han. Clovis, som er frå Martinique, er i dag sambuar med Angot. Forfattaren har difor borna til Bidoit i heimen sin annakvar helg. Advokaten til Bidoit hevda at Bidoit i fleire år var offer for partnarvald, og at Clovis tidlegare var dømd for dette. Retten dømde Angot til å betale 40.000 euro i oppreising.
– Angot vil sjå meg daud og øydeleggje ungane mine, seier Bidoit til avisa Express.
Også tidlegare hadde ho dukka opp i ei mindre rolle i Le marché des amants (Elskar-marknaden) frå 2009. Der har både ho og ungane deira eigentlege namn. Den gongen måtte Angot ut med 10.000 euro i erstatning.
Men ikkje alle klagar over å ende opp som romanpersonar hos Angot. Sladrepressa tok heilt av då den intellektuelle feministen Angot i 2006 innleia eit forhold til den femten år yngre, hasjrøykande rapstjerna Bruno Bausir, alias Doc Gyneco. Og ja, pseudonymet hans tyder verkeleg «dokter gynekolog», og det seier noko om det pubertale innhaldet i tekstane hans. Men Angot skriv òg rått. Ho skildrar sexlivet deira i detalj i den same boka som Elise Bidoit fekk 10.000 euro i erstatning for.
Rapparen, på si side, er berre stolt over rolla han spelar i boka.
– Det er nettopp det eg likar med Christine. Ho er som ein edderkopp, ei svart enke. Eg vert ofte spurd om kvifor eg ikkje har klaga, men det er akkurat dette eg likar med henne. Det er slik ho får næring til kunsten sin: Ho fortærer elskarane sine, sa han til magasinet Elle.
Angot sjølv meiner at det verken er moral eller ansvar i litteratur.
– Det viktige er å overføre liv til papir. Med liv meiner eg ikkje røynda eller slikt, men noko lesaren oppfattar som levande. Ein må føle at personane pustar, seier ho.
Metoo – ein klisjé
TV elskar Angot. Eller rettare sagt: Produsentar elskar at halvparten av sjåarane hatar henne. Når ho leverer dei velartikulerte kraftsalvene sine, eksploderer sjåartala – og Twitter. Hausten 2017 vart ho hyra som kronikør i eit populært kultur- og debattprogram som vert sendt natt til sundag. Med grundig førebuing, djupe refleksjonar, konsentrert lytting og direkte stil får ho gjestane i programmet til å opne seg. Men for somme er det tøft å bli intervjua av Christine Angot.
Sandrine Rousseau frå partiet Dei grøne sat i studio hausten 2017 og snakka om dei seksuelle overgrepa ho hadde meldt partifellen Denis Baupin for. Parler (Å snakke), heiter boka til Rousseau. Ho snakka om kor viktig det er å snakke om seksuelle overgrep: Dei grøne har oppretta ein komité, dei har lært opp folk til å lytte og dei har eit nummer folk kan ringje...
– Stopp, skreik Christine Angot.
– Lært opp til å lytte?! Du kan ikkje seie slikt! Eg må ut! Dette kan eg ikkje høyre på! Seksuell vald må kvar enkelt berre takle! Du må greie deg sjølv, sa ho, og ho gjekk så hardt ut mot «politikarvåset» til Rousseau at den erfarne politikaren tok til tårene på TV.
– Politikarar trur at dei kan berge alle i eit slags «offerfellesskap». Det er nedlatande, seier Angot, som meiner kvar enkelt må finne ut kva som hjelper, om noko.
Og ho legg til:
– Metoo minner om klisjear à la «vi må snakke om seksuelle overgrep». Ei utsegn har ikkje kraft om ho berre er eit ekko av andre offerstemmer.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg ofrar ikkje kva publikum skal meine om meg eller andre som privatpersonar, ein tanke.
Christine Angot, forfattar
TV elskar Angot. Eller rettare sagt: Produsentar elskar at halvparten av sjåarane hatar henne.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen