Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Utan tradisjonsvenstre tapar venstresida

Dei svenske høgrepartia har fordelt seg attmed global-/tradisjonsaksen. På venstresida har partia klumpa seg saman i globalfeltet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

It seems that you don't have a PDF plugin for this browser. Click here to download the PDF file.

4741
20180914
4741
20180914

Du ser det ikkje i overskriftene, men framgangen til høgresida og tilbakegangen til venstresida er den tydelegaste tendensen mellom svenske veljarar. Styrketilhøvet ligg no kring 60/40 i favør av høgresida. Så seint som i valet i 1994 var det motsett.

Med stønad frå 58 prosent av veljarane har høgresida gjort sitt beste val på hundre år.

Veljarflukt

Den klare tendensen speglar sjølvsagt veljarflukta frå venstresida. Ser ein vekk frå Miljöpartiet (MD), fekk dei opphavlege venstrepartia berre 36 prosent av røystene i valet sundag. Etter valet i 1994 hadde Socialdemokraterna og Vänsterpartiet reint fleirtal aleine. Tar ein med MD, var dei raudgrøne i klart fleirtal så seint som ved valet i 2002.

Tendensen er tydeleg. Høgresida har berre vakse og vakse i dei sju siste riksdagsvala, med om lag 10 prosent i tiåret, frå kring 40 i 1994, via om lag 50 i 2006 til nær 60 prosent no.

Berre to gongar tidlegare har høgresida i fleire val på rad fått fleirtal. Det hende i 1920-åra, før arbeidarrørsla vart parlamentarisk sterk, og i 1970-åra, då borgarlege Centerpartiet fanga opp miljørørsla.

Ein kan sjå det slik: Ei folkerørsle skapte eit venstresidefleirtal i 1930-åra. Ei anna folkerørsle medverka til eit borgarleg fleirtal i 1970-åra. Og sjølvsagt er det ei slags folkerørsle som no har flytta fleirtalet attende til høgresida.

At den uvanleg store høgresida no slit med partisamarbeidet, er ei fattig trøyst for ei venstreside med parti som sjølv slit med å sitja i regjering saman. Medan nazistar har vorte avsløra i fløypartiet på høgresida, har islamistar vorte avsløra i fløyparti på venstresida.

Det tomme feltet

Éin einskild situasjon i valkampen fortel mykje om veljarflukta frå venstresida: Då SVT intervjua partileiarane kvar for seg, enda kvart program med at partileiaren måtte plassera partiet sitt i eit ideologisk felt. To aksar kryssa kvarandre og delte feltet i fire område. Det var ein høgre-/venstreakse, med stikkord som økonomisk skilnad og utjamning, og ein global-/tradisjonsakse, med stikkord som nasjon og migrasjon.

Dei fire områda var såleis eitt for globalhøgre, eitt for tradisjonshøgre, eitt for globalvenstre og eitt for tradisjonsvenstre.

Då alle partileiarane hadde plassert partiet sitt i feltet, stod eitt av dei fire områda tomt, utan noko politisk parti. Kva for eitt?

Dei fem høgrepartia låg sjølvsagt på same sida av utjamningsaksen, somme meir til høgre enn andre, men der, på den økonomiske høgresida, var dei jamt distribuerte attmed global-/tradisjonsaksen: C og L mot global, KD og SD mot tradisjon, med M i midten.

Klumpa saman

Annleis var det med venstresida. Der låg alle partia klumpa saman i globalfeltet.

Med andre ord var det tomme området på kartet området for økonomisk venstrepolitikk og tradisjonelle verdiar. Der er det ingen parti. Kvifor ikkje? Av di det ikkje finst veljarar der?

Sjølvsagt er det veljarar der. Veljarar som vil ha både økonomisk utjamning og tradisjonelle verdiar. Veljarar som ynskjer sosialdemokrati og sosialistiske løysingar, men som ikkje trur på kulturradikalisme og nedbygging av landegrenser.

Desse veljarane er i praksis partilause. Vil dei røysta, må dei flytta seg ut av feltet sitt, anten over i globalfeltet på venstresida eller over i tradisjonsfeltet på høgresida.

Veljarflukta frå venstresida etter 1994 omfattar i stor grad venstreveljarar som har oppdaga at dei held til i eit partilaust landskap. Tomrommet har dessutan vakse av di Sverigedemokraterna har gått frå sentrum mot høgre i økonomisk politikk.

Noreg

Tendensen er tydeleg i Noreg òg. Her òg har den tradisjonelle venstresida mista tradisjonsvenstreveljarane. Venstresidepartia Ap, SV og Raudt har samla krympa jamt frå reint fleirtal ved valet i 1969, via 46 prosent i 1993 og 43 i 2009 til berre 35 prosent i fjor – då dei endåtil gjekk til val i opposisjon.

Kvifor er ei samla venstreside, som dessutan er utvida med eit miljøparti, heilt utan partirepresentasjon i tradisjonsfeltet? Kvifor er ikkje desse partia til stades i eit felt som utgjer helvta av det politiske landskapet, og der kan henda helvta av veljarane kjenner seg heime?

Dei siste 50 åra har venstresida henta mykje energi frå aktivistrørsler av urban ungdom, men prisen har vore at desse har fått setja premissar i ein slik grad at tradisjonsveljarane ikkje kjenner seg heime på venstresida, jamvel om dei ynskjer å kjempa for den økonomiske utjamninga som ein gong gjorde dei til venstreveljarar.

Håvard Rem er journalist
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Med røystene til 58 prosent av veljarane har høgresida gjort det beste valet pa° hundre a°r.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis