– Eg ville heller vore arabar i Israel enn religiøs jøde i Europa
OFER: Jødiske Yoel Blomberg driv gard. Dagleg har han kontakt med palestinarar. Geir Olav Jørgensen møter han på garden hans i Ofer.
– Så lenge det står radikale islamistar på den andre sida av grensa, kan vi ikkje gje frå oss ein millimeter av dei okkuperte landeområda, seier Yoel Blomberg.
Foto: Geir Jørgensen
Yoel Blomberg
Yrke: Bonde
Alder: 61
Fødd: Sveits
Bustad:Moshav Ofer
Politisk: sentrum
Israelske monologar
Kva meiner israelarar om situasjonen i Israel? Geir Olav Jørgensen lar israelarar med ulik bakgrunn
og ulike syn seie kva dei meiner.
Denne veka: Yoel Blomberg

– Kva meiner du om Israel og livet her, Yoel Blomberg?
Det blir som å snakke om kona mi. Det hender vi kranglar, men når eg snakkar med andre om henne, framhevar eg dei gode sidene hennar. Slik har eg det også med Israel, men eg skal prøve å vere ærleg med deg. Først av alt: Israelarar flest kan seiast å leve nokså normale liv. men vi har nok eit meir hektisk liv enn europearane. Livet vårt er meir intenst, trur eg.
Israel er ofte eit dramatisk land. Eg støttar opprettinga av det jødiske heimlandet, med holocaust og den mørke historia vår som bakgrunn, sjølv om stiftinga av landet var eit drama. I dette området, der Moshav Ofer ligg, var det to arabarlandsbyar. Dei som budde her, blei drepne eller drivne bort. Over heile Israel finn ein eksempel på slike forteljingar. Men eg kom til landet 27 år seinare, eg kan ikkje dvele ved dette i dag. Det står ikkje i mi makt å endre på historia.
I dag uroar eg meg for den auka religiøse påverknaden som vi ser. Det gjeld både jødar og arabarar. Eg kan bruke den arabiske nabolandsbyen vår som eksempel. For tjue år sidan såg du knapt ei kvinne med sjal på hovudet. Dei var meir sekulære og orienterte seg mot Vesten. Men det endra seg. I dag skal bortimot alle vere religiøse. Også dei som ikkje er religiøse, kler seg som om dei var det, elles får dei problem med sine eigne.
Eg trur tendensen kan merkast over heile verda. I staden for ideen om ei samla verd søkjer folk inn igjen i det religiøse, tilbake til sin eigen kultur. Det er ein naturleg reaksjon på den kaotiske verda som vi lever i. Og Israel er ein del av det globale kaoset. Både arabarane og jødane søkjer tilbake til si eiga gruppe for å kunna definere seg sjølv i ein større fellesskap. Ikkje misforstå meg; eg er ikkje imot religion, men eg har eit problem med folk som vil styre livet mitt, og fortelje meg kva eg har lov til å gjere. Eg vil bestemme over livet mitt sjølv.
Dei religiøse får mange fleire ungar enn dei sekulære. Det kjem til å påverke landet, og livet vårt, meir og meir i tida som kjem. Dei religiøse når lenger og lenger inn i lovverk og reguleringar av alle slag.
Samstundes lever dei godt på oss som betalar skatt. Men snart kan vi ikkje lenger forsørgje dei. Dei blir for mange. Eg vil ikkje snakke nedlatande om dei religiøse, eg har vener blant dei, nokre er nære slektningar, og mange fører gode liv. Folk får gjere som dei vil, men den religiøse gruppa utøver meir og meir politisk makt over resten av samfunnet, og det uroar meg.
Eg veit at mange der ute har eit negativt syn på Israel. Kvifor er vi dårleg likt? Mykje har å gjere med reint hykleri. Den omstridde okkupasjonen kan ikkje åleine forklare den intense kritikken som blir retta mot Israel, spør du meg. Dei fleste kan sjå kva som må til: Før eller seinare må vi ut av Vestbreidda og få til to statar for to folk. Det blir vi nøydde til om Israel skal kunne overleve som eit demokrati.
Men denne løysinga får vi ikkje sjå med det same. Det er lettare sagt enn gjort å forlate Vestbreidda no, sidan situasjonen der er så innfløkt.
Det same med Golanhøgdene. Før eller seinare må vi trekkje oss tilbake, men det skjer ikkje no. Så lenge det står radikale islamistar på den andre sida av grensa, kan vi ikkje gje frå oss ein millimeter. Først må det etablerast trygge løysingar, og slikt ser vi ikkje konturar av i dag.
Folk kritiserer Israel krassare enn andre land. Dei har liksom større forventningar til jødane. Dei ønskjer å halde jødane opp mot ein annan standard. Men eg kan ikkje sjå for meg eit anna land i Europa som hadde akseptert det som går føre seg langs grensene våre.
Hadde dei sjølv akseptert å bli skotne på med rakettar? Dei moraliserer når vi skyt ned terroristane. Men dei handlar jo på same vis, når dei opplever angrep. Terroristane blir skotne. Over heile verda er det slik.
Om eg skal prøve å forstå den intense kritikken som europearane rettar mot Israel, blir eg nøydd til å peika på antisemittismen, som har djupe røter i den europeiske kulturen.
Då eg var liten, gjekk eg på skule i Sveits. Eg hadde aldri vore i Israel, og eg hadde sjølvsagt ingenting å gjere med den israelske politikken. Eg voks likevel opp med antisemittisme, eg kjende det på kroppen og veit kva det er. Det låg innbakt i så mange utsegner og hendingar rundt meg, til og med blant sveitsiske vener.
Greitt, det er femti år sidan eg var ung i Sveits. Europa har endra seg og blitt meir tolerant til andre folk og andre religionar. Det prøver no å vere multikulturelt. Men framleis sit gifta djupt inne i det europeiske sinnet. Snart er ho to tusen år gamal, ho kan ikkje lukast ut så lett.
Europearane følgjer tett med på det som skjer i Israel, og her ligg mykje av forklaringa på kritikken mot oss. Dei ønskjer å stille særskilde krav til jødane. Det må eg seie er litt av ei haldning etter det som hende under holocaust. Eg forventar også meir av jødane. Men det har eg rett til: Det er mitt hus. Eg tar ikkje imot skit frå europearane, det er eg ikkje klar for.
Sjølv pleier eg å seia: «Eg ville heller vere arabar i Israel enn religiøs jøde i Europa.» Eg har ingen problem med å omgåast arabarane. Dette er eit roleg område av Israel. Det hender at presset aukar også her, til dømes viss det har vore eit større terrorangrep, sjølv om angrepet gjekk føre seg ein annan stad i landet.
Men som regel er det roleg. Eg drar inn i landsbyane deira, og vender ryggen til dei som er rundt meg, utan å tenkje over det. På Vestbreidda vil det vere annleis – eg snakkar no om å ferdast blant arabarar som bur inne i Israel.
Visst kan det finnast rasisme i Israel. Men same kva folk måtte seie om dette landet: Det er lettare å vere å vera arabar i Israel enn i England, Frankrike eller Italia. Kulturen her – og måten å tenkje på – ligg mykje nærare den arabiske kulturen enn den europeiske kulturen gjer. Eg trur arabarane både veit det og føler det.
Når eg høyrer europearane kritisere oss for måten vi behandlar arabarane på, tenkjer eg for meg sjølv: «Ja vel, og når hadde du sist med ein arabar å gjere?» Heile dagen har eg med arabarar å gjere. Gjennom arbeidet mitt her på garden og gjennom handel med grønsaker. Eg har ikkje problem med dei, og dei har ikkje problem med meg.
Men eg er av det realistiske slaget, eg er ikkje naiv. Når det gjeld sikringa av landet, og relasjonen vår til arabarane, er eg nøydd til å vere realistisk. For meg står det klart: Det israelske folket må ta rolla som den sterke parten i møte med arabarane. Det er vi som må kome med framlegg til dei. Det er vi som må prøve å få til ei løysing, også for vår eigen del.
Men vi må vere realistiske. Nabolanda våre er ikkje Sverige og Danmark. Vi er ikkje omringa av demokratiske statar. Naboane våre er religiøse fundamentalistar. Vi har å gjere med diktatorar, og det stiller oss i ein spesiell posisjon. Dette betyr ikkje at det umogleg å nå ei løysing med nabolanda, men det er vanskelegare.
I nyhenda høyrer ein stadig snakk om Iran, som siktar mot å bli atommakt, men eg er ikkje særleg uroleg for det. Kva så om dei lukkast med å lage den første bomba? Det er ikkje det same som at dei vil gå til atomkrig mot Israel. Også Pakistan har hatt bomba lenge, utan å gjere bruk av henne, og Israel er sjølv ei atommakt.
Det iranske regimet kjem med trugsmål av ulike slag, men tru meg, dei er ikkje så skrullete at dei går til atomkrig mot Israel. Vi er ikkje akkurat den svake guten i nabolaget, ein som alle kan gjere med som dei vil. Bomba blir snakka om av andre grunnar, i Israel brukar ein dette trugsmålet av politiske grunnar.
Livet i Israel er godt, trass i alle utfordringane. Eg ville ikkje ha budd nokon annan plass. Eg ville ikkje ha oppdrege ungane mine nokon annan plass. Veit du kva som er Israels største styrke? Vi er eit uavhengig folk. Same kva som går føre seg på det politiske planet, vil israelarane halde fram med å leva på vårt driftige vis.
Siste artikkel kjem neste veke.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– I dag uroar eg meg for den auka religiøse påverknaden som vi ser. Det gjeld både jødar og arabarar.
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.