Demokratiet har mista glansen
Demokratiet går sterkast attende blant USAs allierte. Det er neppe Kinas skuld.
President Joe Biden forlet auditoriet i Det kvite huset etter å ha halde avslutningstalen under det virtuelle toppmøtet for demokrati 10. desember. 110 statsleiarar var inviterte til toppmøte på Zoom.
Foto: Leah Mills / Reuters / NTB
KOMMENTAR
peranders@dagogtid.no
At folkestyret og dei demokratiske ideala er på vikande front i verda, har vore tydeleg ei god stund. Det er no kring 15 år sidan utbreiinga av demokratiet i verda stogga opp og autoritære krefter igjen kom på offensiven.
Og den tendensen handlar slett ikkje berre om den veksande makta til Kina: I dei siste åra er det særleg i land som er rekna som allierte med USA og Vesten, at dei demokratiske verdiane har falle i kurs, ifølgje det svenske forskingsprogrammet Z-Dem. Ikkje minst er det urovekkjande trekk ved den politiske utviklinga i USA, der leiarane så lenge har framstilt landet sitt som den store forsvararen av «den frie verda». Det kjem vi attende til, men først tek vi eit kjapt tilbakeblikk.
Glade dagar
Lenge såg det så lyst ut for alle som trur på frie val og det liberale samfunnet. Etter at sovjetkommunismen kollapsa kring 1990, var demokratiet på frammarsj ei god stund. Det handla ikkje berre om at ei rekkje tidlegare kommuniststyrte land i Aust-Europa innførte demokratiet. Etter at den kalde krigen var slutt, mista både venstre- og høgreorienterte diktatorar i fattige land sponsorane sine. Og i Latin-Amerika hadde mange av diktatura falle alt i 1980-åra.
I den mykje siterte boka The End of History and the Last Man frå 1992 hevda den amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama at historia var slutt: Det fanst ikkje lenger seriøse utfordrarar til det liberale demokratiet som styreform.
Vendepunktet
Dei årlege undersøkingane til organisasjonen Freedom House såg lenge ut til å stadfeste dette verdsbiletet. Fram til kring 2005 auka talet på demokratiske statar i verda stadig, og også mange av dei autoritære statane utvikla seg i meir liberal lei, opna for friare ordskifte og organisasjonsliv og slakka på grepet om økonomien.
Så snudde pendelen. Dei siste 15 åra har talet på demokrati gått attende år for år, og ei rekkje demokratiske statar – også i Europa – har i tillegg fått meir autoritære trekk.
Når statsvitarar skal vurdere tilstanden for fridom og demokrati i eit land, er det ikkje eit enkelt anten-eller-spørsmål. At ein stat arrangerer nokolunde frie og rettvise val, og at dei som taper i valet, faktisk går av, er viktig.
Men det er berre éi side av saka. Eit ekte liberalt demokrati må òg ha mellom anna ytringsfridom, frie medium, organisasjonsfridom, religionsfridom, uavhengige domstolar og rettstryggleik for borgarane. Det er snakk om gradar av demokrati. Og nær sagt uansett korleis ein vektar variablane, er svekkinga av fridomen og folkestyret i verda tydeleg.
Feil veg
Om vi ser på den nyaste rapporten frå Freedom House, som vart lagd fram i mars i år, er konklusjonen dyster. For femtande år på rad var det fleire land som innskrenka fridomen enn det var land der fridomen auka.
I 2020 var det under 20 prosent av befolkninga i verda som levde i eit «fritt land», ut frå definisjonen til Freedom House. Det var den lågaste andelen sidan 1995, ifølgje rapporten. Ein viktig grunn til dette var at India, det største demokratiet i verda, vart nedgradert frå «fritt» til «delvis fritt» i fjor.
Under styret til statsminister Narendra Modi og det hindunasjonalistiske partiet BJP har India lenge gått i ei autoritær lei, med trakassering av journalistar og opposisjonelle og undertrykking av minoritetar.
Attende til 1990
Kriteria for kva som er eit fritt samfunn eller eit ekte demokrati, er sjølvsagt diskutable. Men andre fagmiljø stadfestar biletet til Freedom House. Den svenske forskargruppa som står bak instituttet «Varieties of Democracy» (V-Dem) ved Universitetet i Göteborg, lagar òg årlege statusrapportar for demokratiet i verda. I 2020 var det berre 32 liberale demokrati att i verda, ned frå 41 for ti år sidan, ut frå kriteria til V-Dem.
No lever berre 14 prosent av befolkninga i verda i liberale demokrati. Så ille har det ikkje stått til med fridom og folkestyre sidan 1990, konkluderte dei svenske forskarane.
Meir enn Kina
Kva krefter er det så som ligg bak denne triste utviklinga? Mange meiner at framveksten til den økonomiske supermakta Kina er hovudårsaka til at demokratiet mista glansen. Kina har synt at det fint går an å kombinere rask økonomisk vekst med eit svært undertrykkjande styre, stikk i strid med det som var eit utbreidd syn i 1990-åra: at verkeleg sterk økonomisk framgang var uløyseleg knytt til det liberale demokratiet.
Men å skulde på Kina er ei utilstrekkeleg forklaring på utviklinga. For oversynet til svenske V-Dem syner noko interessant: Ein stor del av forfallet til demokratia skjer for tida i Vesten og i land som er allierte med USA, ikkje i land som står Kina eller Russland nærare og skulle vere meir tilbøyelege til å bli påverka av dei autoritære styresetta der.
Forfall i vest
I november laga The New York Times ein analyse basert på data frå V-Dem-prosjektet, og såg nærare på utviklinga blant USAs allierte, det vil seie dei 41 landa som har ulike former for gjensidige forsvarsavtalar med USA. Og sidan 2010 har utviklinga til desse landa vore illevarslande.
36 prosent av innskrenkinga av demokrati i verda sidan 2010 har skjedd i land som er allierte med USA – eller i USA. Forfallet i demokratiet i desse landa har gått nesten dobbelt så raskt som i resten av verda, skriv The New York Times.
Slik talfesting av demokratikvalitet bør vi truleg ta med ei klype salt. Men funna til forskarane til V-Dem tyder på at ein forbløffande stor del av forfallet i demokratiet i verda det siste tiåret har skjedd i land som vi gjerne reknar som vestleg orienterte, land som ser på USA som ein viktig alliert. Og det skjer som kjent òg innanfor Nato-alliansen.
Mange former
Dette forfallet har vist seg i mange former: Styresmaktene kan ta grep om domstolane og media, slik det har skjedd i Ungarn og Polen. Det kan kome i form av sensur eller fengsling utan lov og dom. Opposisjonelle kan bli nekta å stille til val eller kome til orde, eller heile folkegrupper kan bli utestengde frå å røyste.
Og pandemien førte i fjor til nokre ekstra innskrenkingar av fridomen i svært mange land. Ikkje berre nytta ei rekkje autoritære leiarar høvet til å utvide makta si. Også i ein del fullblods demokrati – som Noreg – var somme av pandemitiltaka nær eller over grensa for kva Grunnlova i landet tillet styresmaktene å gjere.
Meir alvorleg er likevel det raske forfallet som skjer i store land der demokratiet har sett ganske solid ut.
Det største relative forfallet ut frå kriteria til V-Dem har skjedd i Polen. Også India, med sine nesten 1,4 milliardar innbyggjarar, er inne på lista over dei ti landa med dårlegast utvikling, det same er regionale stormakter som Brasil, Tyrkia og Filippinane.
Sjølvkjensla
Så er vi attende ved det innleiande spørsmålet i denne artikkelen: Når demokratiet forfell i så mange statar som er allierte av USA – kva fortel det om rolla supermakta spelar i verda?
I den amerikanske sjølvforståinga har USA vore den store forkjemparen for fridom og demokrati i verda, i alle fall sidan landet vart med i den andre verdskrigen. Den ideen har vist seg seigliva, sjølv om USA i realiteten har vore med på å velte demokratiet i fleire land og har stødd oppunder mange brutale diktatorar, særleg under den kalde krigen.
Toppmøte
Medan Donald Trump kanskje var ærlegare med den brautande «America First»-patriotismen sin, har president Joe Biden vendt attende til ideen om USA som den store forkjemparen for fridom.
I ein tale i februar i år skildra han verda som todelt, med demokratiet på eine sida og autokratiet på andre sida. «Demokrati kjem ikkje av seg sjølv. Vi må forsvare det, kjempe for det, styrkje det, fornye det», sa Biden. Og i desember arrangerte han eit todagars toppmøte for demokrati der 110 statsleiarar var inviterte.
Talet i seg sjølv fortel om ein romsleg definisjon av demokratiet. Og toppmøtet skjedde ikkje i den fysiske verda, det var eit virtuelt Zoom-møte.
Men sjølv om vi legg ironien og kynismen til side og tek dei fagre erklæringane til Biden på djupaste alvor, verkar det høgst usikkert om USA er skikka til å ta rolla som faneberar for demokratiet i verda.
Meir enn Trump
Éin grunn til å tvile er at dette handlar om langt meir enn kven som er president i USA. Forfallet i folkestyret blant dei allierte til USA akselererte rett nok under Donald Trump, som heller dyrka venskapen med autoritære leiarar som Rodrigo Duterte på Filippinane og Jair Bolsonaro i Brasil enn med gamle allierte i Europa. Men utviklinga var undervegs alt før Trump kom til makta, syner rapportane til V-Dem.
Og sidan åtaka 11. september 2001 har den såkalla krigen mot terror vore langt viktigare enn kampen for demokrati i utanrikspolitikken til USA, seier Thomas Carothers, forskar ved Carnegie-stiftinga, til The New York Times.
På liknande vis som under den kalde krigen har USA samarbeidd tett med mange diktatorar rundt i verda, denne gongen i håp om å få bukt med den radikale islamismen, og demokrati og menneskerettar har vore underordna omsyn.
I tillegg har ikkje USA lenger den same krafta til å inspirere nokon ved å vere eit vellukka førebilete, påpeikar Seva Gunitsky, som er statsvitar ved Universitet i Toronto og har demokratispreiing som spesialfelt.
Det er ikkje politisk press som er mest effektivt for å stimulere til demokratisering, meiner Gunitsky. Langt meir effektivt er det når både leiarar og borgarar i ein stat trur at styreforma i USA og andre vestlege land kan føre med seg meir velstand og betre liv for folk. Og dei siste åra har omdømet til USA tapt seg dramatisk rundt i verda.
Tapte illusjonar
Det fallet kan ha mange årsaker. Men finanskrisa, krigane i Midtausten, rasekonfliktar, framferda til Trump som president og storminga av Kongressen i januar er i alle fall nokre moment. Og ei Pew Research-undersøking av haldningane til USA i 17 rike land i år talte tydeleg: Berre 17 prosent av dei spurde sa at demokratiet i USA er eit system verdt å kopiere.
I tillegg er altså USA sjølv eitt av landa der demokratiet er under press. Polariseringa dei siste åra gjer at det politiske systemet ofte er nærast dysfunksjonelt, noko som i sin tur undergrev tilliten til demokratiet.
I fleire delstatar arbeider republikanarane intenst for å avgrense valdeltakinga eller endra grensene mellom valkrinsane til sin fordel. Og ved det siste presidentvalet nekta som kjent taparen å akseptere nederlaget, og stimulerte tilhengjarane sine til å gå til åtak på Kongressen. Ein tredjedel av veljarane i USA er samde med Trump: Dei meiner framleis at sigeren til Biden kom som resultat av juks.
I sum er det ikkje så rart om demokratiet falmar så raskt blant USAs allierte rundt i verda. Tida for illusjonar er over. Den som vil halde på trua si på demokratiet, bør ikkje sjå til Capitol i Washington for inspirasjon.
Per Anders Todal er journalist i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I 2020 var det under 20 prosent av befolkninga
i verda som levde i eit «fritt land», ut frå definisjonen til Freedom House.
I den amerikanske sjølvforståinga har USA vore den store forkjemparen for fridom og demokrati i verda.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?