Ei slagmark i rus
I krig tar våpen liv. Men også narkotika tar liv.
I Ukraina er det vanskeleg å snakke om.
Ein ukrainsk soldat sit i ei skyttargrav ved fronten. Både russiske og ukrainske soldatar tyr til rusmiddel for å halde ut.
Foto: Bram Janssen / AP / NTB
Rus
marita@dagogtid.no
At soldatar rusar seg, er ikkje nytt. Men i tillegg til å bruke alkohol, cannabis og amfetamin, tyr dagens soldatar til nyare kjemiske stoff som MDMA og alfa-PVP («flakka» eller «salt»).
Ifølge det russiske nyheitsmediet Verstka, som blant andre The Times og Business Insider siterer, rusar mange seg til «zombiar». Påstanden blir understøtta i ein rapport utgitt av britiske Royal United Service Institute i 2023: «Ifølge ukrainske soldatar er mange russarar påverka av amfetamin eller andre narkotiske stoff.»
Dette medfører at dei tar unaturleg store sjansar og kan verke likegyldige når medsoldatar døyr, skriv forskarane.
Å få tak i stoff er lett, seier nokre russiske soldatar som Verstka intervjuar. Amfetamin kostar mellom 250 og 500 kroner per gram, og du kan bestille det via Telegram.
Du kan bli paranoid og hallusinere, «men det gir folk blaffen i», seier ein.
«Krig er å heile tida vente på at noko skal skje, og innimellom be til Gud om at det går over. Når du røyker ‘salt’ i skyttargrava, drit du i om du tørnar», seier ein annan. «Å kjede seg er mykje verre.»
Ein ukrainsk soldat sit i ei skyttargrav i Donetsk.
Foto: Alex Babenko / AP / NTB
Narkotikarelatert død
Alt i andre verdskrigen var amfetamin utbreitt, og mange amerikanske soldatar i Vietnamkrigen – der dei gjerne fekk rusmiddel som påskjøning – blei heroinavhengige. No er det Ukraina-krigen som medfører at tusenvis av soldatar får potensielt livsfarlege rusproblem.
Men det er det få som snakkar høgt om.
– Soldatar bruker rusmiddel for å døyve stress, frykt og smerter, og fordi det senker terskelen for å gjere det samvitet ikkje vil at ein skal gjere, seier Øyvind Reehorst Kalsås.
– Det fins mange døme på at bruk av rusmiddel er ein del av den militære strategien.
Kalsås er tilsett ved Institutt for velferd og deltaking på Høgskulen på Vestlandet, der han leier seksjonen for psykisk helse-, rus- og relasjonelt arbeid. Han har blant anna forska i det nasjonale END-prosjektet («Etterlatte ved narkotikarelatert død»), der det kjem fram at haldningane i samfunnet verkar inn på kva oppfølging dei etterlatne får.
Tidlegare i haust var han i Ukraina, på den årlege konferansen til International Association of Psychologists for Grief and Bereavement, og heldt foredrag om narkotikarelatert død.
Skambelagt
Larysa Rybyk, president i organisasjonen, fortel at ho inviterte Kalsås fordi han hadde noko å lære dei rundt 150 internasjonale forskarane, psykologane og helsearbeidarane som deltok. Temaet var sorgterapi i lys av krigen.
– Når ein soldat døyr i krig, er han ein helt. Eit narkotikadødsfall, derimot, er skambelagt. Det blir eit stigma for dei etterlatne, forklarer Rybyk.
Bildet av ein som døyr av narkotikabruk, samsvarer dårleg med bildet av ein krigshelt. Den som døyr av narkotikabruk, blir ikkje sett på som sterk, men svak.
– Sorga er like stor, men dødsårsaka snakkar ein ikkje om.
Larysa Rybyk bad Øyvind Reehorst Kalsås komme og snakke om rusrelatert død på årets International Association of Psychologists for Grief and Bereavement-konferanse.
Foto: Serhyj Mosevitsj
Meir enn nokon gong
Før Russland invaderte landet, var Ukraina eit transittland for narkotika, særleg heroin. Ifølge Global Organized Crime Index (OC) blei stoffet frakta gjennom Ukraina frå Balkan-landa til Sentral- og Vest-Europa, hovudsakleg over Svartehavet, men òg via flyplassar. Syntetiske stoff som alfa-PVP og mefedron blei smugla inn frå Polen og Nederland.
Ukraina skal sjølv ha hatt ein omfattande cannabismarknad med plantasjar rundt om i landet, i tillegg til at det var ein viss produksjon av syntetiske stoff i Aust-Ukraina.
Då krigen braut ut, blei delar av narkotikaproduksjonen flytta, og smuglarrutene endra seg. Men ifølge GI-TOC har tilførselen auka – nettopp fordi soldatane bruker narkotika.
Dei kriminelle samarbeider ofte med militære leiarar, og få blir tatt og straffa.
OC operer med ein kriminalitetsskåre på 1–10, der Ukraina skåra 6,48 i 2023. (Til samanlikning skåra Noreg 3,75 og Sør-Afrika 7,18.) At Ukraina skårar høgt på våpensmugling (8) og menneskesmugling (8), er naturleg. Meir oppsiktsvekkande er det at skåren for handel med syntetiske narkotiske stoff steig frå 4,5 i 2021 til 8 i 2023.
Fleire opioidavhengige
Ifølge Global Initiative Against Transnational Organized Crime (GI-TOC) er det bruken av alfa-PVP, som altså liknar på grovt salt, som aukar mest i Ukraina. Alfa-PVP, som ein kan røyke eller injisere, er billig å produsere og lett å bli avhengig av.
Legar i Kyiv fortel om tenåringar som har blitt psykotiske etter berre å ha prøvd stoffet. Det blir knytt til ei rekke sjølvmord der folk hoppar frå tak. Men profitten er stor, og med det veks produksjonen og talet på avhengige – også i hæren.
Rusmiddel blir smugla inn til fronten av kriminelle, men òg av frivillige hjelpearbeidarar. Også dei som blir hardt skadde og ligg lenge på sjukehus, får tak i MDNA eller kva anna dei treng. Legane og sjukepleiarane ser gjennom fingrane med det.
Frivillige organisasjonar bidrar òg med å smugle smertestillande medikament som morfin og opioid inn i felten.
Berre medisinsk personell får ta imot og dele ut smertestillande medikament, men ikkje alle er utdanna legar. I krig kan ein ikkje anna enn stole på at medikamenta ikkje hamnar i feil hender, og at dei som treng det, får riktig medikament og riktige dosar.
Ein bil med medisin er på veg til trengande. Mange soldatar er avhengige av ei form for medikament.
Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB
Alvorleg bekymring
At fleire blir avhengige av opioid, er ikkje til å komme frå. Ifølge ein rapport som United Nations Office on Drugs and Crime (UNODC) gav ut i april 2022, var 350.000 ukrainarar avhengige av å injisere opioid før krigen braut ut.
European Union Drugs Agency (EUDA) skriv i ein rapport frå 2023: «Trass krigen (…) er etterspurnaden etter narkotika like høg – på grunn av kampar, tap av familiemedlemmer, husrom og velstand og det konstante stresset.» Det er umogleg å innhente tal på kor mange ukrainarar som har døydd av narkotikabruk dei siste åra, skriv EUDA, men det offisielle talet for 2022 er 739.
I 2022 fekk 25.970 ukrainarar behandling for psykiske vanskar eller åtferdsvanskar etter rusbruk. Ifølge EUDA brukte 76 prosent av desse opioid. Ikkje minst er mange som sit i fengsel, avhengige av opioid.
EUDA-rapporten konkluderer med at «den aukande bruken av alt kjende typar narkotika, og den aukande mengda av nye psykoaktive stoff på marknaden, inkludert syntetiske katinon med uføreseielege og utilstrekkeleg undersøkte effektar, gir grunn til alvorleg bekymring».
GI-TOK hevdar at den ukrainske regjeringa unngår å ta tak i dei meir alvorlege narkotikaproblema. Det er frivillige organisasjonar og private rehabiliteringssenter som hjelper folk som er avhengige av rusmiddel eller skadde etter rusbruk.
Ketaminbehandling
Det høyrer med til historia at president Zelenskyj tidlegare i år legaliserte cannabis, slik at skadde soldatar skal kunne bruke det lovleg. Likevel blir mange avhengige av smertelindrande medikament som morfin og ketamin.
Og no blir også ketamin brukt for å betre den psykiske helsa til veteranar.
I oktober intervjua Kyiv Post ein 58 år gammal psykolog som blei skadd i ein eksplosjon ved fronten og utvikla posttraumatisk stressyndrom (PTSD). Blant anna stamma han så kraftig at han ikkje klarte å prate. Etter å ha blitt behandla med ketamin, blei han ikkje berre frisk; han verkar sterkare og yngre enn han er, skriv Kyiv Post.
No jobbar den skadde psykologen for å avstigmatisere ketaminbruk og sikre at fleire får behandling. Målet er å utdanne 72 ukrainske psykologar og psykiatrar i ketaminassistert terapi innan 2026. Dei skal kunne behandle opp mot 9600 krigsveteranar i året.
Det er den internasjonale organisasjonen Heal Ukraine Trauma (HUT) som står for opplæringa.
Ifølge studien «Mental health in Ukraine 2023» leid éin av fem ukrainarar av PTSD i fjor.
Ein ukrainsk haubits blir avfyrt mot russiske styrkar i Zaporizjzja 4. desember i år.
Foto: Stringer / AP/ NTB
Ikkje berre berre
Dette er den negative spiralen som danna bakteppet for konferansen «Therapy of grief and recovery of human capital of Ukraine», som Øyvind Reehorst Kalsås reiste til Ivano-Frankivsk for å delta på tidlegare i haust.
Grunnen til at konferansen blei arrangert i Ukraina trass krigen, er nettopp at ukrainarane vil måtte takle store tap og traume i mange år framover.
Og Kalsås valde å ta den krunglete turen dit framfor å delta digitalt.
– Dei gav uttrykk for at dei verkeleg ønskte at eg kom. Eg ville vise at situasjonen deira blir prioritert, seier han.
Han fekk kjenne på korleis kvardagen er i eit krigsherja land: å vakne av sirener og måtte gå i bomberommet, å delta på ein konferanse som blei avbroten fleire gonger, og å vere til stades då ein rakett trefte eit kraftverk utanfor byen.
Han fekk òg merke at det ikkje er berre berre å snakke om rusrelaterte dødsfall i Ukraina. Ein annan deltakar på konferansen spurde, opprørt, kva føresetnad han hadde for å uttale seg. Han kunne godt snakke om Vietnamkrigen, men ikkje Ukraina-krigen, meinte ho.
I tillegg reagerte enkelte på at han trekte inn alkohol.
– Eg meiner at skiljet mellom alkohol og andre rusmiddel er kunstig, seier han.
At alkohol er forbode i Donbass og fleire andre område i Ukraina fordi styresmaktene vil unngå at folk rusar seg, seier sitt.
Godt oppdaterte
Det Kalsås formidla, via ein tolk som stundom tolkar for Zelenskyj, er at omfattande bruk av alkohol eller narkotika har vore ein del av soldatlivet i uminnelege tider, og at det er viktig å snakke høgt om at folk bruker rusmiddel.
– Dei som sit igjen etter eit narkotikarelatert dødsfall, har behov for at den avlidne blir respektert, og at også deira sorg blir anerkjend, påpeikar han.
– Også dei må bli støtta av eit nettverk. Å føle at ein er ein del av eit fellesskap, er avgjerande for helsa til dei etterlatne.
Samtidig blei han imponert over at samfunnet er oppe og går fagleg.
– Dei eg møtte, var godt oppdaterte. At eg snakka om noko skambelagt, håpar eg bidrar til at det blir lettare for ukrainarane å snakke om.
Alle er trass alt, i større eller mindre grad, disponerte for avhengigheit, understrekar Kalsås, som jobba som sosionom i rusfeltet i 20 år før han tok doktorgrad og skreiv avhandling om etterlatne ved narkotikarelatert død.
– Dynamikken som gjer at enkelte får alvorlege rusproblem, er ofte enkel: Det er eit forsøk, stundom eit desperat forsøk, på å tilpasse seg ein situasjon som kjennest uuthaldeleg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.