Fortvilte menneske som brikker i eit spel
Den kviterussiske presidenten er ikkje den einaste som dreg nytte av lidingane til asylsøkjarane på grensa til Polen.
Polske soldatar og politifolk vaktar grensa mot Kviterussland nær Kuznica. Den polske reaksjonen på krisa har vore katastrofal, skriv Anne Applebaum.
Foto: Irek Dorozanski / DWOT/ Reuters / NTB
Ein liten kurdisk gut sit på bakken i ein fuktig polsk skog, nokre kilometer frå den austlege grensa til Kviterussland. Den kalde lufta er tjukk av tåke. Guten græt.
Kring guten sit dei i ring, foreldra, onklar og syskenborn, alle frå den same landsbyen i nærleiken av Dohuk i irakisk Kurdistan. Det er 16 av dei, blant desse sju born, eitt som er fire månader gamalt, og ei eldre kvinne som knapt kan gå. Ein av slektningane, ein mann som heiter Anwar, snakkar arabisk. Gjennom ein tolk seier Anwar at familien har vore i skogen, i rørsle fram og attende mellom Polen og Kviterussland, i to månader. Dei har ikkje ete noko på to dagar.
Ein annan ring omgjev guten og familien hans, i denne ringen er det folk med kamera. Dei som held kameraa, er frå Polen, Sverige, Slovenia, Tyskland, Japan, USA. Eg er ei av dei. Vi fekk alle den nøyaktige plasseringa av Grupa Granica, ein polsk organisasjon av friviljuge skipa i dei siste par månadene for å hjelpe migrantar, namnet tyder rett og slett «Grensegruppa». Talspersonen for gruppa seier at dei ønskte så mange journalistar som mogleg til å dokumentere det som skjer når Anwar ber dei polske grensevaktene om asyl ved hjelp av ein plakat på engelsk og polsk. Tolken, Sypianski, forklarer at med media til stades vil det vere vanskelegare for dei polske grensevaktene å oversjå ønsket. Det vil ikkje vere like lett å tvinge Anwar, guten og resten av familien inn i skogen att, attende til grensa, slik dei har tvinga andre, liknande familiar attende mot grensa dei seinaste vekene.
Tragediar
Scenen gjev eit falskt inntrykk av å vere velkjend, ettersom alle vi i Vesten har sett denne kombinasjonen av spelarar – migrantar, journalistar, humanitære friviljuge – på fotografi eller på fjernsyn tidlegare. Men den rada av hendingar som har ført akkurat denne vesle guten til akkurat denne skogen, er svært merkeleg, når ein tenkjer over det. Det skulle så mange tragediar til for å skape grunnlaget for det, inkludert krigar i Irak og Syria, framveksten av islamsk ekstremisme, og det mislukka demokratiet i Kviterussland. Enda merkelegare er det at lagnaden til denne guten blir avgjord av dei politiske reknestykka til to personar han aldri vil møte, og som han ikkje kjenner namna til. Ein av dei er Aleksandr Lukasjenko, Kviterusslands diktator. Den andre er Jaroslaw Kaczynski, leiaren for det polske regjeringspartiet, den faktiske leiaren av landet, mannen som fortel den polske presidenten og statsministeren kva dei skal gjere.
Diktatoren
Brutaliteten til Lukasjenko er mykje verre. Han sit framleis ved makta berre ved hjelp av valden han har nytta til å undertrykkje den store og taleføre demokratiske opposisjonen. Over 800 politiske fangar sit no i fengsla hans. Mange er mishandla og torturerte. Tusenvis har flytta til utlandet. EU og USA har sett i verk sanksjonar mot han for desse brotsverka, og no vil han ha hemn, ikkje berre mot visse demokrati, men mot demokratiske verdiar i breiare forstand, dei verdiane han ønskjer å nedkjempe så vel heime som i andre land: respekt for menneskerettane, rettsstaten, upartiske rettsavgjerder.
Lukasjenko er ikkje berre ute etter å syne forakta si for desse tinga, men også å øydeleggje dei internasjonale institusjonane som vernar dei. I mai i fjor brukte han lufttrafikk-kontrollen i landet sitt til å kidnappe eit irsk rutefly og tvinge det til å lande, for å arrestere ein dissident som var om bord. Og i sommar sette han i verk statsstøtta menneskesmugling som ikkje berre skulle narre folk i Irak, Syria, Libanon og andre stader til å tru at det var lett å kome seg inn i EU via hovudstaden hans, Minsk, men òg ta pengane deira i same slengen.
Dyre reiser
For å kome seg til den polske grensa, til dømes, fortel Anwar at familien hans reiste med buss frå Arbil, i irakisk Kurdistan, til Istanbul i Tyrkia. Der kjøpte dei visum til Kviterussland og flybillettar til Minsk. Anwar har ikkje sagt kor mykje dei betalte, men andre har fått krav som svarer til ein liten formue for folk i deira del av verda.
I eit intervju fortel ein syrar som budde i ein flyktningleir i Libanon, men planla å reise til Europa via Kviterussland, at han hadde betalt 6000 amerikanske dollar – pengar som var samla inn av storfamilien hans i Libanon og Europa – for reisepakka, og han var overtydd om at det var verdt det. Det verka som ein rimeleg pris for det han ønskte: «eit verdig liv». Outriders, eit polsk journalistkollektiv, vart fortalt av ein reiseagent i Beirut at berre eit visum kostar 1300 dollar – pengar som truleg hamnar hos dei kviterussiske styresmaktene.
I Minsk søv ein del migrantar på flyplassen, andre bur på hotell, som dei òg betaler for. Videoar på sosiale medium har vist migrantar klumpa saman i store grupper i sentrum av Minsk, og det er historier om korleis dei kjøper opp gummistøvlar og vinterklede. Kva som så hender, er dunkelt. Somme betaler for å bli frakta til grensa – Anwar fortel at prisen var 300 dollar for kvar bil full av folk – men andre melder at dei er blitt eskorterte av uniformerte folk, truleg grensevakter. Framme ved grensegjerdet får dei beskjed om å krysse det – illegalt. Lastebilar fraktar dei langs grensa, og dei kviterussiske grensevaktene hjelper dei med å finne folketomme område der det er lett å krysse. Anwar kunne fortelje at grensevaktene nytta metallsakser for å kutte grensegjerdet og gjere det mogleg for familien hans å passere gjennom det. Andre har fått metallsakser i hendene og beskjed om å gjere det sjølve.
Fastlåst
Denne menneskehandelen byrja sist sommar, opphavleg ved den kviterussiske grensa mot Litauen, som til liks med Polen er medlem av EU. Det var først få migrantar. Men etter kvart som talet voks, byrja dei kviterussiske grensevaktene å drive folk mot grensene til Latvia og Polen. Da tusenvis av menneske kom frå Midtausten til Minsk kvar veke, endra situasjonen seg. I andre veka av november samla dei kviterussiske grensevaktene hundrevis av migrantar og sette i verk eit masseåtak på grensa nær den polske byen Kuznica. Kviterussiske grensevakter gav migrantane tåregass til bruk mot dei polske grensevaktene, dei nytta også strobelys og laser, slik at polakkane ikkje kunne sjå kva som hende. Polsk politi og soldatar har halde stand så langt. Men hundrevis av menneske ligg framleis i leir ved grensa og ventar på – noko.
Kynisk taktikk
Taktikken til Lukasjenko er djevelsk kynisk: gjere menneskeleg desperasjon om til våpen, lokke folk til å leggje ut på ei risikabel og farleg reise, ta pengane deira, tvinge dei til å bryte lova. På polsk side er taktikken til Kaczynski kynisk òg, men på ein annan måte. Til liks med Lukasjenko ønskjer leiaren for Polens regjerande Lov og orden-parti også å halde på makta. Men fordi landet hans framleis, slik det er no, er eit demokrati, treng han folkeleg støtte. (Her bør eg for ordens skuld gjere merksam på at eg er gift med ein polsk opposisjonspolitikar.) Slik støtte har Kaczynski tidlegare skaffa seg ved hjelp av angstfylt framandfiendtleg retorikk. I samband med den tidlegare europeiske migrantkrisa i 2015 åtvara han om at syriske flyktningar bringa med seg «parasittar og anna utøy», og at dei kom til å nytte kyrkjer som «toalett». Denne gongen dukka den polske innanriksministeren opp saman med forsvarsministeren på den statlege fjernsynskanalen, der dei høgtideleg spela av ein snutt frå ein film som synte ein mann som hadde sex med ein hest. Dette, vart sjåarane fortalde, var ein video funne på ein telefon i skogen, og viste ein av migrantane i ein grenseleir. I røynda var scenen henta frå ein dyresexvideo laga på 1970-talet, lett tilgjengeleg på nettet. Men bodskapen var klar: Desse folka er dyr.
Nyttig krise
I ein viss forstand er migrasjonskrisa nyttig for Kaczynski. Covid-19 er på frammarsj igjen, inflasjonen er svært høg, korrupsjonen er ustyrleg, men no kan han skifte tema: Polen er invadert av perverse muslimar fulle av sjukdomar, og berre eg kan ordne opp. I august kunngjorde regjeringa ein «retur»-politikk: Folk som oppheldt seg illegalt i Polen, ville bli sende attende til grensa. Tidleg i september erklærte den polske regjeringa unntakstilstand i grenseområda, sette opp kontrollpostar og hindra journalistar og humanitære organisasjonar i å kome inn i dei avstengde områda. I oktober bad Kaczynski om ei «radikal styrking av hæren» i tillegg.
Samstundes har Kaczynski avslått, i prinsippet, å ta imot hjelp frå EU, truleg fordi det ville ta frå han berre-eg-kan-ordne-det-forteljinga. Men EU har lært mykje sidan 2015. Det europeiske grense- og kystvaktbyrået, Frontex, har hovudkvarter i Warszawa, og kan tilby hjelp til polske grensevakter. Ein talsperson for EUs innanrikskommissær fortalde meg at Polen kan få ressursar frå EU-kontoret for asylstøtte. Litauen og Latvia nytta seg av desse tilboda, men den polske regjeringa vil ikkje ha nokon av dei. Heller ikkje har polsk diplomati gjort noko for å stimulere til eit samla internasjonalt svar på situasjonen: sanksjonar mot Lukasjenko, til dømes, eller ein EU-støtta informasjonskampanje i Midtausten. I staden held polske partileiarar fram med ein liten ordkrig med EU og snakkar knapt med Biden-regjeringa i det heile teke.
Kaotisk
Dette kan sjå ut som ein suksess: Det verkar som den militariserte retorikken om krig, invasjon og kamp som stadig vert nytta på statleg fjernsyn, tryggar oppslutninga om regjeringspartiet. Men på bakken har denne politikken skapt moralsk, humanitært og legalt kaos. Sjølv om nokre få migrantar i det aller siste faktisk har fått vende attende til Minsk og fly heim, freistar dei fleste om att og om att – åtte, ti, tjue gonger – å krysse grensa. Dei polske grensevaktene kunngjer frå tid til anna kor mange personar dei har stogga, men i røynda er dette dei same personane som vert tekne gong på gong. Somme går tomme for mat: Folk frå Midtausten er neppe i stand til å klare seg i sentraleuropeiske skogar ved å jakte på villsvin. Grupa Granica har rapportert om minst 13 døde. På kviterussisk side kan det vere mange fleire.
Smugling
Men inkompetansen er minst like ille som kaoset. Den polske politikken har slått katastrofalt feil. Lukasjenko har ikkje blitt avskrekka. Tvert om ser den polske hybridkrig-retorikken ut til å ha oppmuntra han til å finne nye måtar å forvirre polske grensevakter på og pøse på med kviterussiske styrkar, som om dette verkeleg var ein krig og det verkeleg var trong for dei. Dessutan har Polen ei lang grense mot Kviterussland, ressursane til det polske militæret og politiet er avgrensa, og migrantane har ei sterk drivkraft til å finne ein veg inn i EU: Dei er redde for at dei elles vil døy. Ein drosjesjåfør i Warszawa fortalde meg at han alt hadde blitt spurd om han ville gå inn i den lukrative verksemda å frakte folk tvers gjennom Polen, frå den kviterussiske til den tyske grensa. Han sa at han takka nei, men andre har openbert valt annleis. Tysk politi rapporterer at over 9000 menneske no er komne inn i landet etter å ha reist frå Polen via Kviterussland, så å seie alle i løpet av dei siste par månadene. Nokre av dei som lukkast, skryter av det på sosiale medium, og oppmuntrar på det viset fleire til å kome.
Urskogen
Eit anna slags kaos har råka dei menneska som bur i grenseområda. Dette er eit stykke Polen som er kjent for å vere særleg stilt og vakkert. Bialowieza, ein nasjonalpark langs grensa, inneheld den siste attverande urskogen i Europa og den siste flokken av europeisk bison. Katarzyna Wappa, som bur rett utanfor Bialowieza, må no syne legitimasjon i kontrollpostar når ho skal vitje bestemor si. «Det er fleire soldatar enn innbyggjarar her», seier ho.
Men dei pansra køyretøya som dundrar forbi trehusa, har ikkje noko å tilby dei fastbuande, ingen ting som kan hjelpe dei å hanskast med den surrealistiske situasjonen dei er i. Den offisielle polske politikken er at ingen slepp gjennom, så ein treng ikkje gjere noko. Men så godt som alle i området har støytt på sveltande, desorienterte menneske frå ulike stader – Irak, Syria, Egypt, Libanon – som strevar seg gjennom åkrane og hagane deira og gøymer seg bak tre. Nokre er for svake til å gå, andre for redde til å be om hjelp. Korleis er det meininga at dei fastbuande skal reagere? Wappa finn det uråd å ikkje gjere noko: «Dersom eg veit at nokon døyr utanfor gjerdet mitt, utanfor hagen min, byen min... Eg har ikkje noko val.» Og ho legg til: «Det er ikkje normalt at skal vere eit brotsverk å redde menneskeliv.»
Naudhjelp
Ho er ei av mange som har organisert provisoriske lager med mat, vassflasker, vinterklede og batteri til mobiltelefonar i ledige rom og garasjar. Saman med Grupa Granica og friviljuge frå resten av Polen har dei også improvisert eit utruleg effektivt patruljesystem. Telefonnummera deira sirkulerer i arabiske sosiale medium. Når folk blir desperate, ringjer dei. Friviljuge reagerer med å frakte teppe, sko og termosar med suppe inn i skogen.
Nokre meir røynde organisasjonar, som Raudekrossen og nasjonale WOSP, har oppretta meir formelle system for å samle inn gåver frå heile landet. Men staten er framleis fråverande.
Politikken til den polske regjeringa har òg skapt eit informasjonsvakuum som friviljuge har blitt nøydde til å fylle. Grupa Granica organiserer no pressekonferansar og har kontakt med ei mengd internasjonale journalistar. Men det er folk utan tidlegare røynsle med slikt arbeid som må gjere jobben: éin har doktorgrad i sosiologi, ein annan arbeider med ein doktorgrad i mellomalderhistorie, om tilhøvet mellom den arabiske verda og Bysants... Teoretisk skal grensevaktene òg ha ein talsperson. Den polske kollegaen min sende henne eit spørsmål om kva som hadde skjedd med ein kurdisk familie. Vi fekk aldri noko svar.
Feil reaksjon
Ikkje noko av dette tilseier at denne krisa har ei enkel og opplagd løysing, for det har ho ikkje. Korkje Polen eller resten av EU kan opne grensene sine for dei millionane av menneske som kunne ønskje å dra dit. Korkje Warszawa eller Brussel bør gje etter for utpressing frå Kviterussland. Den polske regjeringa har rett til å verne grensene sine, særleg fordi statusen til dei som har klart å krysse dei, er så uklar. Slett ikkje alle kvalifiserer til politisk asyl. Dei vil til Tyskland fordi dei har familie der, fordi dei trur dei kan få jobb der, fordi utsiktene til enda eit tiår i ein flyktningleir i Libanon eller Tyrkia er så uhyggelege.
Men det er nettopp fordi Lukasjenko er ein kynisk autokrat som nyttar menneske som våpen, og nettopp fordi opplegget hans er meint å undergrave demokratiske verdiar, at reaksjonen til den polske regjeringa har vore så katastrofal. Den demokratiske verda kan og bør møte denne typen provokasjon med eit svar bygd på respekt for rettstryggleik, informasjonstilgang og menneskeleg sømd. Å sende folk attende, gong på gong, til ein farleg situasjon, og vere klar over at dei kan døy, er umoral, i tillegg til at det er eit brot på internasjonal lov.
Sanksjonar
Noko av svaret kan, som sagt, liggje i ein samla internasjonal reaksjon av eit slag som polakkane burde ha etterlyst for månader sidan. Press frå EU ser alt ut til å ha overtala Iraqui Airways til å stogge flygingar frå Bagdad til Minsk, og Turkish Airways seier at selskapet ikkje lenger vil selje einvegsbillettar frå Midtausten til Minsk. Men at den polske grensa var open så underleg lenge for handel med Kviterussland, krev òg nærare gransking. Kvifor er ikkje sanksjonane større, strengare, raskare? Kvifor har det teke EU så lang tid å innføre fleire av dei?
Eit enda viktigare tiltak kan vere å auke farten på og omfanget av dei rettslege prosessane som gjeld migrantar. Mange av dei som lukkast i å ta seg til Tyskland, vil ikkje oppfylle vilkåra for asyl og vil bli sende attende. Synet av store fly som fraktar folk attende til Arbil frå Warszawa – slik det skjer no i eit visst omfang frå Minsk – kan overtyde andre om ikkje å kome. I mellomtida skulle ingen døy i skogen.
Liv er i fare
Det er ikkje mykje tid å gjere det på. Om stoda ikkje endrar seg raskt, kan vi snart bli vitne til ein tragedie i langt større skala. På nettet ligg det videoar som syner kviterussiske soldatar som skyt i lufta nær grensa. Kva om dei byrjar skyte over grensa? Russiske troppar øver saman med kviterussiske troppar nær den litauiske grensa. Kva om dei brått hastar ned til Krynki eller Bialowieza for å forsvare sine kviterussiske allierte? Sjølv om ein unngår ein direkte konfrontasjon, kan ei plutseleg endring i vêret skape ein annan type krise. Det kan snø i Polen seint i november og desember. Det skjedde i fjor. Om det hender, kjem hundrevis og kan hende tusenvis av menneske til å fryse i hel.
Men det var ein grunn til at eg byrja med ein kurdisk smågut, så la meg slutte med han òg. For sanninga er at så å seie alle som har nytte av at krisa held fram, som dreg politisk vinst av henne, dei vil ikkje at du skal sjå han. Dei vil at du skal sjå massar, migrantar, eller muslimar ribba for menneskelegdom og som vantar andlet og namn. Dei vil at du skal sjå «bølgjer» av folk, «hordar» av folk, anonyme migrantar som har tillate seg sjølve å bli kuler i ein hybridkrig. Men ein massetragedie er i røynda berre ei rekkje individuelle tragediar. Hugs det når du ser ein ta til å utvikle seg.
Anne Applebaum
Anne Applebaum er forfattar og kommentator i The Atlantic.
Omsett av Lasse Takle.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Reaksjonen til den polske regjeringa har vore katastrofal.
Grupa Granica har rapportert om minst 13 døde. På kviterussisk side kan det vere mange fleire.
Taktikken til Lukasjenko er djevelsk kynisk: gjere menneskeleg desperasjon om til våpen.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen