Har tru på sanksjonar
Mahmoud Farahmand meiner Noreg bør gjere meir for å støtte opposisjonen i Iran.
Eksiliranarar demonstrerer på Jernbanetorget i Oslo.
Foto: Rodrigo Freitas / NTB
Samtalen
Mahmoud
Farahmand
stortingsrepresentant for Høgre
Aktuell
Demonstrasjonane i Iran
Samtalen
Mahmoud
Farahmand
stortingsrepresentant for Høgre
Aktuell
Demonstrasjonane i Iran
sofie@dagogtid.no
I september vart iranske Mahsa Amini arrestert av moralpolitiet. Ho døydde nokre dagar seinare. Dette utløyste store demonstrasjonar i Iran med mange drepne og arresterte. Denne veka vart ein av demonstrantane, Majidreza Rahnavard, avretta.
Mahmoud Farahmand er stortingspolitikar for Høgre og kom til Noreg frå Iran då han var åtte år gammal.
– Korleis meiner du Noreg bør reagere på situasjonen i Iran?
– Det har eg tenkt mykje på. Me bør konfiskere og ta beslag i eigedomar som tilhøyrer personar i Noreg og Europa som har påviselege band til regimet. Dei bør også utvisast. Me veit at mange familiemedlemmer og barn av leiinga i regimet – altså leiinga i Basij-militsen, revolusjonsgarden, moralpolitiet og den politiske og administrative leiinga – bur i utlandet. Dei pengane dei har tatt med seg, er erverva gjennom oligarki og korrupsjon og bør beslagleggjast.
– På kva måte kan dette ha innverknad på regimet i Iran?
– Mistar desse personane verdiane sine og blir utviste frå landet dei bur i, vil kostnaden ved å gjennomføre avrettingar og drap i gatene i Iran bli mange gonger høgare for dei menneska som gir ordre om dette. Blir barna og familiemedlemmene deira tvinga tilbake til Iran, vil dei ikkje ha sine nære og kjære i ei trygg hamn ein stad i verda. Dei vil ha meir å risikere og vil difor ikkje ønskje å ta like store sjansar for å halde oppe regimet. Det kan i sin tur føre til at regimet mest sannsynleg vil byrje å falle frå kvarandre.
– Er ikkje dette for optimistisk? Trur du dei vil delta i demonstrasjonane?
– Dei sluttar seg nok ikkje til demonstrasjonane, men livet blir såpass surt at sjølvtilliten regimet har til å gjennomføre valdshaldningar, blir svekt.
– Det har vore vestlege sanksjonar mot Iran i mange år, utan at det har ført til endringar.
– Eg meiner at sanksjonar har ført til økonomiske avgrensingar for regimet, og svekt evna og kapasiteten regimet har til å utøve makt i Midtausten. Eg skal ikkje leggje skjul på at sanksjonane har hatt negativ verknad på befolkninga, men å meine at sanksjonar ikkje har hatt effekt, blir feil, spesielt er dei effektive mot ein stat som lever av råvarehandel.
– Bør me utvise den iranske ambassadøren til Noreg og leggje ned den norske ambassaden i Teheran?
– Eg er ikkje overtydd om at det er løysinga. Då vil våre reaksjonar måtte kome utelukkande gjennom FN, i tillegg vil det iranske regimet heller ikkje få ei direkte oppleving av støtta me viser i Noreg til demonstrasjonane i Iran.
– Kva med idretts- og kulturboikott?
– Heller ikkje det ser eg på som eit effektivt verktøy. Mange iranske idrettsutøvarar har i internasjonale arrangement uttrykt støtte til demonstrasjonane. Mellom anna den iranske klatraren Elnas Rekabi og det iranske fotballandslaget under VM i Qatar.
– Bør den handelen me har med Iran stoggast?
– Definitivt.
– Med dei erfaringane me har gjort oss med Syria og Jemen, Libya, Irak og Afghanistan, burde me ikkje vere forsiktige med å blande oss inn?
– Me må skilje mellom Iran, Syria, Jemen, Afghanistan og oppstanden under den arabiske våren. Det som skil desse landa, er at Iran ikkje blir styrt av ein etnisk minoritet eller ei sekt per se, det er ikkje ein kamp mellom etniske grupper i Iran no, det er ein kamp mellom folk og regime.
– Vil ikkje løysinga kome frå Iran og ikkje frå utsida?
– Jo, men kritikken frå Vesten er meir verknadsfull enn det me kanskje trur. Viss ikkje det iranske regimet opplever motstand frå utsida, vil dei tru og meine at det er greitt og kostnadsfritt å drepe sine eigne innbyggjarar.
– Du trur at regimet kjem til å falle?
– Ja. Ingen regime varer evig, men om det fell om nokre månader eller om år, er ikkje lett å seie.
– Kven trur du tar over viss regimet forsvinn?
– Det må det iranske folket finne ut av sjølv. Det vert peika på personar i og utanfor Iran. Dei sistnemnde, iranarar som har budd i utlandet heile livet, er ein dårleg idé, synest eg. Det er dei som tar børa no, som skal finne ein leiar. Og det er mange leiarfigurar internt i Iran.
– Me les om at Iran har agentar i vestlege land som overvaker eksiliranarar?
– Det er det ingen tvil om. Trugselvurderingar dei siste fem–seks åra peikar på at Iran har agentar i Vesten og stort etterretningsnærvær. Dei driv med aktiv flyktningspionasje, og det må me ta på alvor. Noko anna er at dei har ein effektiv cyberhær. Me snakkar mykje om russiske påverknadsoperasjonar, men me må ikkje gløyme at Iran har stor evne til å gjennomføre hybridkrig gjennom cyberoperasjonar og informasjonskampanjar. Det ser eg spor av når dei prøver å skape splitting i den iranske diasporaen.
– Kva er ditt håp for Iran?
– Det iranske regimet er eit av dei mest destruktive i Midtausten. Mitt håp som norsk politikar og tidlegare norsk offiser er at Iran vert eit liberalt og demokratisk land som kan vere alliert med Vesten i Midtausten, og eit land som respekterer internasjonal lov og rett. Dette er kan hende litt optimistisk på kort sikt, men på lang sikt er det innan rekkjevidde.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»