Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtanriksSamfunn

Høgre-vind mot separatisme

Ytre høgre-partiet Vox gjorde det svært godt i det spanske parlamentsvalet. Årsaka er motstanden mot katalansk sjølvstende, seier Spania-kjennar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den 43 år gamle partileiaren Santiago Abascal omtalar partiet Vox som ei kulturell og politisk rørsle som vernar Spania mot separatistar og forsvarar fridomar som «har vorte trampa på» av progressive og venstreorienterte. Sundag tok han 10,3 prosent av røystene i det spanske parlamentsvalet.

Foto: Susana Vera / REUTERS / NTB scanpix

9453
20190503

Bakgrunn

Sosialistpartileiar Pedro Sánchez overtok som statsminister i Spania i fjor sommar då tidlegare statsminister Mariano Rajoy frå det konservative partiet vart avsett gjennom mistillitsforslag etter at 29 medlemmer av partiet var dømde i ei korrupsjonssak.

Sánchez søkte støtte hjå venstreorienterte Podemos, katalanske separatistar og baskiske nasjonalistar for å sikre fleirtal for mistillitsframlegget.

I februar i år røysta eit fleirtal i parlamentet, inkludert dei katalanske partia, ned regjeringas forslag til statsbudsjett for 2019, og Sánchez lyste ut nyval.

Valet vart halde sundag og gav Partido Socialista Obrero Español (PSOE) auka oppslutning.

Spania

eva@dagogtid.no

Spanjolane har fått eit ytre høgre inn i parlamentet for fyrste gong sidan diktator Francisco Franco, men har dei eigentleg gått meir til høgre? Resultatet av parlamentsvalet sundag gjev ikkje noko eintydig svar.

Sosialistpartiet PSOE, som har regjert sidan i fjor sommar, vart valvinnar og gjekk fram med over 6 prosentpoeng. Partiet fekk nær 29 prosent av røystene og 35 prosent av plassane i parlamentet.

Statsminister og leiar av partiet, Pedro Sánchez, erklærte overfor støttespelarane at resultatet var ein siger over «dei reaksjonære og dei autoritære».

– Framtida har vunne, og fortida har tapt, sa han like etter valet, ifølgje Financial Times.

Men samstundes kom ytre høgre-partiet Vox inn i parlamentet for fyrste gong og tok 24 av dei 350 seta. Partiet auka oppslutninga frå 0,2 prosent frå førre val i 2016 til 10,3 prosent i år.

Braut gjennom i sør

Partiet Vox, med eit namn som er latin for røyst, vert skildra som antifeministisk, nasjonalistisk – endåtil ultranasjonalistisk – og innvandringsfiendtleg.

Den 43 år gamle partileiaren Santiago Abascal har sjølv omtalt Vox som ei kulturell og politisk rørsle som vernar Spania mot separatistar og forsvarar fridomar som «har vorte trampa på» av progressive og venstreorienterte.

– Vi har kome heile denne vegen for å garantere spanjolar fridom og nasjonal stoltheit, sa han i ein tale i byen Las Rozas i Madrid nokre veker før valet.

Vox vart danna i 2013 av utbrytarar frå det konservative Partido Popular (PP). Dei ønskte eit parti som var meir sosialkonservativt og religiøst, som var tøffare i handteringa av terrorgruppa ETA, som var meir marknadsorientert og som motsette seg baskisk og katalansk autonomi og separatisme generelt.

Likevel var det fyrst i desember i fjor at partiet klarte å posisjonere seg. Då tok det 12 av 109 mandat i det regionale parlamentet i Andalucía, sør i Spania, og var med å ta frå PSOE makta i regionen etter 36 år.

Då vart det sagt at Vox voks fordi mange var misnøgde med korleis det tidlegare regjeringspartiet PP handterte lausrivingskravet frå Catalonia i 2017, då separatistane heldt ei ulovleg folkerøysting og erklærte sjølvstende. Ei anna forklaring var at partiet gjekk fram på grunn av uro over det høge talet på innvandrarar og flyktningar som kom til Spania i fjor. Sjølv om talet på dei som kryssar Middelhavet for å kome til Europa, har gått ned, vart Spania i fjor hovudmottaksland for dei som kom, og 65.000 nye flyktningar kom til landet, dei fleste via Andalucía.

Kamp mot progressive

Fyrsteamanuensis Marcus Buck ved Institutt for samfunnsvitskap ved Universitetet i Tromsø kjenner Spania godt. Han seier det er Catalonia-konflikten som er hovudårsaka til at Vox no har gått fram også nasjonalt. Han seier at mange meiner det konservative partiet har vore for veikt andsynes separatistane, og ønskjer at artikkel 155 i grunnlova, som regjeringa i Madrid brukte til å ta frå Catalonia sjølvstyret ein periode i 2017, skal gjerast permanent.

– Dei er leie av konflikten om sjølvstende, og det er ein av dei viktigaste grunnane til at veljarar går til Vox. Så finst det sjølvsagt òg sosialkonservative veljarar som er imot feministar og vil fjerne høvet til å ta abort. Dei er ikkje mange, men dei har òg fått ein naturleg tilhaldsstad i Vox, seier Buck.

Vox har lagt fram eit 100-punktsprogram over endringar partiet meiner bør gjerast i Spania. I tillegg til å trekkje tilbake autonomistatusen til dei 17 autonome regionane i landet vil partiet oppheve lovar det meiner diskriminerer eit av kjønna, stramme inn abortlova og «eliminere subsidierte radikale feministiske grupper». Det skriv avisa El País.

Abascal snakkar om ein ideologisk kamp mot progressive om multikulturalisme, feminisme og ekteskap blant homofile. Partiet vil òg «gjenvinne kontrollen over grensene», utvise innvandrarar utan opphaldsløyve og gå etter ideelle organisasjonar og grupper som prøvar å hjelpe dei til å kome seg til Spania.

Buck seier partiet vinn veljarar både på dei verdikonservative verdiane, innvandring og det territoriale spørsmålet, men at det er grenser for kor mykje partiet kan vekse på desse spørsmåla.

Partiet har mellom anna fått sterke reaksjonar på antilikestillings- og antifeminismeutspela frå kvinner i Partido Popular, så der er det ikkje mange veljarar å hente. Og då Vox køyrde på i det territoriale spørsmålet i valkampen, byrja dei å skyve veljarar frå seg, held han fram.

– Ikkje populistisk

Fleire analytikarar har tvila på at Vox kan verte like stort som høgrefløypartia i Frankrike og Italia. Veljarane til partiet skil seg òg frå veljarane til andre europeiske parti på ytre høgrefløy.

Vox har ifølgje Politico støtte både frå landsbygd og byar, men for det meste frå relativt velståande område, og partiet står ikkje sterkt i arbeidarklassen.

Roger Eatwell, som er professor i politikk ved Universitetet i Bath, i England meiner Vox er meir av eit høgreparti enn eit populistisk parti.

– Det appellerer til tradisjon, er patriarkalsk og er sterkt kritisk til venstresida og til katalansk utbryting, seier han til Politico.

Buck har same oppfatning.

– Dei er ikkje eit slikt parti som meiner det er ein roten elite som styrer landet mot folkets vilje, seier han.

Financial Times omtalar Vox som mindre euroskeptisk og mindre ekstremt på innvandring enn andre ytre høgre-parti i Europa er. Avisa skriv at fleire av støttespelarane til partiet sjølv motset seg ytre høgre-merkelappen fullstendig og ser seg sjølv som konservative.

– Kor langt ute på høgresida står dei?

– Dei er spansknasjonalistiske i motsetnad til katalansknasjonalistiske. Ein del kommentatorar seier dei er partiet for dei gamle frankistane, seier Buck.

– Er det eit farleg parti?

– Det er ikkje meir eller mindre farleg enn andre. Det som er annleis, er at Spania ikkje har hatt noko ytre høgrefløy-parti før. Det at det ikkje er eit populistisk parti, gjer det kanskje mindre farleg enn dei i Ungarn og Polen, til dømes, men det kan jamførast med andre høgrefløyparti, seier han.

Endrar borgarleg side

Målingar gjorde etter valet i Andalucía syner at veljarane til Vox i hovudsak kom frå Partido Popular og det liberale sentrum-høgre-partiet Ciudadanos. Dette er tendensen også i resten av landet.

Valet syner ikkje store veljarrørsler på tvers av høgre- og venstreblokka. Buck at seier ytre høgre-partiet fyrst og fremst fører til ei splitting og høgredreiing av høgresida.

– Dei einaste politiske følgjene av partiet er at Partido Popular no har prøvd å leggje seg meir til høgre for å demme opp for dei verdikonservative veljarane. Det igjen har gjort at dei har mista røyster til Ciudadanos.

Konservative Partido Popular vart nær halvert i oppslutning og er den store taparen i valet.

– Ikkje store endringar

Truleg har sosialistleiar Alexis Sánchez vunne på å mobilisere mot faren for eit sterkt ytre høgre. Valdeltakinga var på 76 prosent, som er over 9 prosent meir enn ved førre val. Buck seier dei tidlegare heimesitjarane i stor grad har gått til venstresida.

Men Sánchez har òg vunne terreng internt på venstresida til fordel for venstreorienterte Podemos. Buck meiner det kjem av organisatoriske problem og krangling internt i Podemos og at Sánchez har teke inn nye folk i leiinga i PSOE.

– Mange har opplevd at partikadrane i PSOE i regionale maktbasar ikkje har vore i kontakt med folk og veljarar. Det gjaldt særleg under finanskrisa då mange opplevde at kadrane mjøla si eiga kake heller enn å hjelpe folket. Sánchez har teke nye folk inn i leiinga, som ikkje er blant kadrane, seier han.

PSOE er langt unna fleirtal, og det vert spekulert i om Sánchez kan kome til å samarbeide med det liberale Ciudadanos, som fekk 15,9 prosent av røystene ved valet. Saman ville dei to partia hatt fleirtal av seta i parlamentet.

Buck meiner det er lite truleg.

– Sánchez har ikkje sagt noko sjølv enno, men då partileiinga feira sigeren utanfor partilokala i Madrid natt til måndag, var det mange som gav klart uttrykk for at dei ikkje kunne tenkje seg å samarbeide mot midten. PSOE og Ciudadanos er samde om ein del sosialpolitikk, men det er òg mykje dei er usamde om, og Albert Rivera, som leier Ciudadanos, har før valet vore tydeleg på at han ikkje ønskjer ei koalisjonsregjering med PSOE.

– Kva politiske endringar kjem vi til å sjå i Spania framover?

– Eg trur ikkje det vert særlege endringar. Sánchez vil prøve å stable saman ei ny mindretalsregjering saman med Podemos og dei ulike nasjonalistpartia i regionane. Det er ikkje dei store endringane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Vox er ikkje meir eller mindre farleg enn andre.

Marcus Buck, fyrsteamanuensis

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis